|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46
Saksmappe: 07/00109-21
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 14.08.2007 |
Klage frå vald 17 på
minstearealet i 2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
20.08.07 |
Utsendte saksdokument:
Klage datert 04.07.07
Skriv frå kommunen datert 12.07.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
SAKSGRUNNLAG.
Klage datert 04.07.07.
SAKSOPPLYSNING.
Vald 17
Grønningsæter har eit teljande areal på 11500 dekar.
I viltnemndssak
017/07 vart det vedteke at valdet i år skulle tildelast etter minsteareal på
1250 dekar.
Vedtaket om differensiering av minstearealet vart av viltnemnda fastsett gjennom sakene 007/07 og 017/07 ein fekk med det tre grupper 750 da.dyr / 1000 da. dyr og 1250 da.dyr for 2007. Vedtaket er fagleg og politisk godt forankra i forskrifta, utifrå skadepress og ulike bestandstilhøve, det er neppe råd å overprøve det.
Vald 17 vart tildelt 9 fellingsløyve for hjort i viltnemndssak 024/07.
Siste åra har veldet hatt slik tildeling og felling:
|
|
2002 |
2003 |
2004 |
2005 |
2006 |
2007 |
|
TILDELING |
11 |
11 |
11 |
11 |
11 |
9 |
|
FELLING |
0 |
7 |
1 |
3 |
6 |
|
|
FELLINGSPROSENT |
0 % |
64 % |
9 % |
27 % |
55 % |
|
|
STAMMEVURDERING |
? |
? |
? |
? |
? |
|
SAKSVURDERING.
Som ein vil sjå av opplysningane er det neppe grunnlag for å endre vedtaket som gjeld vald 17 gjort i sak 017/07. Når det i klaga vert nemnt skade på potetåker og nysådd eng er det nye opplysningar for viltnemnda.
Viltnemnda sin plan eller strategi om differensiering av minstearealet varte akkurat ei veke, då gjorde nemnda med knappast mogeleg fleirtal vedtak om å endre planen. At nemnda og gjennom dette vedtaket la opp til grov forskjellshandsaming av andre vald, synes ein er leit.
Ein kan vanskeleg finne grunn for å gå i mot klaga då ein faktisk ikkje lenger har ein samlande plan/strategi, når ein går mot denne i neste del av bygda vil det vere meiningslaust å halde fast ved det opprinnelege fremst i bygda.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|