|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K46
Saksmappe: 07/00109-20
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 14.08.2007 |
Klage frå vald 15 for
tildelte type dyr i hjortejakta 2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
20.08.07 |
Utsendte saksdokument:
Klage datert 01.07.07
Skriv frå kommunen datert 12.07.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Viltnemnda gjev klagar medhald i at tildelinga i 2007 til vald 15 Langdal skal vere 2 eldre hanndyr og 1 eldre hodyr.
Viltnemnda gjev klagar medhald i at tildelinga i 2007 til vald 15 Langdal skal vere 2 eldre hanndyr og 1 eldre hodyr.
SAKSGRUNNLAG.
Klage datert 01.07.07.
SAKSOPPLYSNING.
Vald 15 Langdal har
eit teljande areal på 4700 dekar.
I viltnemndssak
017/07 vart det vedteke at valdet i år skulle tildelast etter minsteareal på
1250 dekar.
Vald 15 vart tildelt 3 fellingsløyve for hjort i viltnemndssak 024/07.
Tildelingane til valdet siste åra ser slik ut når ein tek med årets tildeling.:
|
Vald 15 |
Tal løyver
|
Hanndyr
|
Hodyr |
Kalv |
|
Siste fire år |
15 |
6 |
6 |
3 |
|
% fordeling |
|
40 % |
40 % |
20 % |
Tildelinga er slik viltnemnd har vedteke.
|
Eldre bukk |
Kolle |
Kalv |
Ukjent |
Sum |
|
9 |
9 |
5 |
16 |
39 |
Denne tabellen syner
dei opplysningane kommunen fekk frå vald 15 i samband med observasjonar i ”Sett
hjort” i 2007. Det å få nye opplysningar i juli månad for å ha som grunnlag i
årets tildeling vert nær sagt uråd.
SAKSVURDERING.
Som ein vil sjå av opplysningane har vald 15 fått ei tildeling presist som valdet skal ha, utifrå dei vedtak viltnemnda har gjort.
Ein vil her peike på at gjennom bestandsplan kunne valdet fått felt dei dyr som høver.
Det kan skape ein viss presidenes om viltnemnda gjev valdet medhald.
Dette av di ein då styrer vel detaljert frå kommunen si side.
Frå ei anna side sett er det vel ei lita sak å gå til Fylkesmannen med då ein her ikkje har med prinsipale avgjerder å gjere.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|