NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    K46

Saksmappe:          07/00109-19

Sakshandsamar:   Inge Lilleås

Dato:                      14.08.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

 

Klage frå vald 6 på minstearealet i 2007  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

029/07

Viltnemnda

20.08.07

 

 

Utsendte saksdokument:

Klage datert 10.07.07

Skriv frå kommunen datert 13.07.07

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Viltnemnda viser til det endringsframlegg som vart gjort i sak 024/07 og gir klagar fullt medhald.
  2. Vald 6 vil då få 1fellingsløyve i tillegg til tidlegare 3. samla 4 løyver i 2007.
  3. Dei tildelte løyve skal vere eit eldre hanndyr.

 

 

 


Handsaming i Viltnemnda  20.08.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Viltnemnda - 20.08.2007:

  1. Viltnemnda viser til det endringsframlegg som vart gjort i sak 024/07 og gir klagar fullt medhald.
  2. Vald 6 vil då få 1fellingsløyve i tillegg til tidlegare 3. samla 4 løyver i 2007.
  3. Dei tildelte løyve skal vere eit eldre hanndyr.

 

 

 

 

 

SAKSGRUNNLAG.        

Klage datert 10.07.07.

 

SAKSOPPLYSNING.

Vald 6 Jemtegård har eit teljande areal på 3300 dekar.

I viltnemndssak 017/07 vart det vedteke at valdet i år skulle tildelast etter minsteareal på 1000 dekar.

Vedtaket om differensiering av minstearealet vart av viltnemnda  fastsett gjennom sakene 007/07 og 017/07  ein fekk med det tre grupper 750 da.dyr / 1000 da. dyr og 1250 da.dyr for 2007. Vedtaket er fagleg og politisk godt forankra i forskrifta, utifrå skadepress og ulike bestandstilhøve, det er  neppe råd å overprøve det.

Vald 6 vart tildelt 3 fellingsløyve for hjort i viltnemndssak  024/07.

Siste å

 

 

 

 

2002

2003

2004

2005

2006

2007

TILDELING

4

4

3

4

4

3

FELLING

3

4

2

4

4

 

FELLINGSPROSENT

75 %

100 %

67 %

100 %

100 %

 

STAMMEVURDERING

Uendra

??

Uendra

Uendra

Uendra

 

MINSTEAREAL I VALDET

750 da.

750  da.

1000 da.

750 da.

750 da.

1000 da.

 

 

SAKSVURDERING.

Utifrå dei opplysningar ein har om skadebeiting som gjeld vald 6 kan ein ikkje sjå at det er grunn til å endre vedtaket gjort i sak 017/07.  Ein vil og sjå at minstearealet har vore ulikt siste åra, grunnen for det har ikkje vore den same som for 2007, der viltnemnda søkte å kome fram til meir planretta tildeling utifrå dei moment som er nemnt.

 

Viltnemnda sin plan eller strategi om differensiering av minstearealet varte akkurat ei veke, då gjorde nemnda med knappast mogeleg fleirtal vedtak om å endre planen. At nemnda og gjennom dette vedtaket la opp til grov forskjellshandsaming av andre vald, synes ein er leit.

 

Ein kan vanskeleg finne grunn for å gå i mot klaga då ein faktisk ikkje lenger har ein samlande plan/strategi.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann