|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: C34
Saksmappe: 06/00551-2
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 16.08.2006 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
28.08.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
Driftsutvalet, sak 110/04
1. Norddal kommune er positiv til at Bygdekinoen kjem og har framsyningar i kommunen.
2. Ein ønskjer å bidra til å sikre kinodrifta, og går inn med slikt tilskot i 2006 og 2007:
Valldal samfunnshus kr 10.000
Dalsbygda grendahus kr 8.500
3. Midlane vert å ta frå konto 2403.1472.
Valldal samfunnshus kr 10.000
Dalsbygda grendahus kr 8.500
3. Midlane vert å ta frå konto 2403.1472.
Bygdekinoen kjem og har framsyning ein gong i månaden både i Valldal og Norddal. Det er Valldal samfunnshus og Dalsbygda grendahus som står for dette tilbodet.
Kommunen har i mange år gitt eit årleg tilskot til huseigarane då det er for lite besøk til at tilbodet går i balanse.
Huseigarane er avhengig av kommunalt tilskot for å kunne ta på seg vidare drift. I Valldal har det tidlegare vore kino annakvar veke, men i mars gjekk ein over til ein dag per månad. Besøkstala i Valldal første halvår 2006 syner eit gjennomsnitt på 33 besøkande per speledag, og dette er ein ganske stor nedgang frå 2004 då det var 46,7. I Norddal er besøkstalet stabilt, og dei har bra besøk spesielt på første forestillingane. Dei har jamt 25-30 på første forestillinga. Ein merkar at det er mest barn og unge som nyttar kinotilbodet.
Kommunen bør også i framtida yte tilskot til kinodrift. Bygdekinoen er eit viktig tilbod i nærmiljøet, og det er vanskeleg å drive med overskot. Sjølv om besøkstalet har gått nedover så ser ein likevel at det er behov for eit slikt tilbod. Legg ein ned er det truleg vanskeleg å få tilbodet i gang att.
Sidan Valldal har gått ned til kinoframsyning ein gong i månaden, vert tilskotet redusert. I Norddal vert det auka litt, då tilbakemeldingane tyder på at det kommunale tilskotet knapt nok dekkjer ekstrautgiftene.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|