|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 66/1
Saksmappe: 06/00606-16
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 10.08.07 |
Deling av grunneigedom gnr
66, bnr 1 - Jorunn
Fløtre
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
27.08.07 |
Utsendte saksdokument:
Møre og Romsdal fylke, fråsegn dat. 27.02.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Oversending for uttale, brev av 01.02.07
Sak 010/07 i Det faste utvalet for plansaker
Oversiktskartutsnitt dagsett 29.08.06
Kartutsnitt, M=1:5000
Søknad (skjema) dat.02.09.06
Gjenpart av nabovarsel (02.09.06)
Gjeldande kommuneplan, arealdelen
Notat frå næringssjef Klokkehaug av 15.01.07
Sak 016/07, møte 13.03.07, Det faste utvalet for plansaker
Sak 057/07, møte 23.04.07, formannskapet
Sak 063/07, møte 14.05.07, formannskapet
Mail frå M&R fylke av 27.06.07 vedk. saksgang
Med heimel i § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 02.09.06.
Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruk/nokon som kan få konsesjon.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 27.08.07:
Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå som ugild i saka. No 6 voterande til stades.
Forslag frå Arne Sandnes:
Det faste utvalet for plansaker vil i dette tilfellet ikkje dispensere frå arealdelen i kommuneplanen til fordel for å dele frå våningshus og uthus på gnr 66, bnr 1 på Skuset i Norddal. Planutvalet ønskjer at bruket kan halde fram som eiga driftseining i kombinasjon med anna sysling fordi ein trur at det er dette som i sterkast grad bidreg til å halde oppe folketalet.
Røysting:
4 røysta for innstillinga som vart vedtatt
2 røysta for forslaget frå Arne Sandnes
Med heimel i § 7 i Plan- og bygningslova gjev Det faste utvalet for plansaker dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 02.09.06.
Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruk/nokon som kan få konsesjon
I møte den 29.01.07 i sak 010/07 gjorde Det faste utvalet for plansaker slikt vedtak:
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå
arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på
gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad
dagsett 02.09.06.
Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruket.
Saka vart så lagt fram for Det faste utvalet for plansaker i møte 13.03.07, sak 016/07, og det vart gjort slikt vedtak:
Det faste utvalet for plansaker vil i dette tilfellet ikkje dispensere frå arealdelen i kommuneplanen til fordel for å dele frå våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Norddal. Planutvalet ønskjer at bruket kan halde fram som eiga driftseining i kombinasjon med anna sysling fordi ein trur at det er dette som i stor sterkast grad bidreg til å halde oppe folketalet.
Klage dat. 10.04.07 og 02.04.07 frå Jorunn Fløtre på vedtaket i sak 016/07 vart handsama av Det faste utvalet for plansaker i møte 23.04.07 der det vart gjort slikt vedtak:
Saka vert sett opp som første sak på formannskapsmøtet i dag.
På møtet den 23.04.07 i formannskapet, sak 057/07 vart gjort slikt vedtak:
Saka vert utsett.
I møte den 14.05.07, sak 063/07, gjorde formannskapet slikt vedtak:
Norddal kommune viser til jordlova § 12 og godkjenner frådeling av
gardstunet på gnr. 66 bnr. 1 slik det er omsøkt. Ein føresetnad for
delingssamtykke er at Norddal kommune gir konsesjon for sal avresten av bruket
som tilleggsjord til nabobruket gnr. 66 bnr. 2.
Møre og Romsdal fylke, fråsegn av 27.02.07.
Fylket har ingen spesielle merknader i saka, under føresetnad av at restarealet på eigedomen blir selt til nabobruk/nokon som kan få konsesjon.
Forholdet til jordlova (§ 12) er avklara gjennom formannskapet sitt vedtak i sak 063/07.
Møre og Romsdal fylke har skrifteleg gjort greie for handsamingsprosedyre i delesaker under kommuneplanen, arealdelen, sine området for spreidd busetnad. Denne saka skal vere i samsvar med dette.
Arealbruken er i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen; LNF-område der speidd busetnad er tillate.
Saka har på vanleg måte vore sendt til uttale med ein månads uttalefrist.
Det ligg føre avklaring i høve det landbruksfaglege og jordlova i saka, der ein føresetnad er at nabobruket gnr. 66/2 overtek bruken unnateke det som er søkt frådelt med påståande våningshus og uthus.
Saka er kurant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i samsvar med denne søknaden.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|