|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 1/6
Saksmappe: 06/00494-9
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 09.08.07 |
Deling av grunneigedom gnr
1, bnr 6 - Unn
Linge Valdal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
27.08.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad m/følgeskriv frå Unn Linge Valdal dat. 22.06.06
Kartutsnitt som syner aktuelt areal
Uttale frå næringssjefen dagsett 02.03.07
Oversiktskart Lingegrenda
Kvittering for nabovarsel
Sak 017/07, møte13.03.07, Det faste utvalet for plansaker
Klage dagsett 16.04.07
Sak 029/07, møte 14.05.07, Det faste utvalet for plansaker
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 27.08.07:
Forslag frå Merete Løvoll Rønneberg:
Røysting:
Vedtak i samsvar med innstillinga med 5 mot 2 røyster
Mindretalet røysta for forslaget frå Merete Løvoll Rønneberg
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for eit areal på om lag 2 daa. under Massgarden på Linge, gnr.1, bnr. 6, kan delast frå til to bustadtomter i samsvar med søknad dagsett 22.06.06.
Søknaden av 22.06.06 gjeld løyve til å dele frå eit areal på om lag 2 daa. for to bustadtomter på Massgarden gnr. 1, bnr. 6 på Linge.
I gjeldande kommuneplan arealdelen er området avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate.
Sjølv om kommuneplanen arealdelen tilseier føremålet det her vert søkt om, må saka likevel ha dispensasjon frå planen då omfang og lokalisering skal handsamast; dette i flg. mail frå Møre og Romsdal fylke av 27.06.07.
Saka har til no hatt ei litt uvanleg politisk vandring mellom Det faste utvalet for plansaker og formannskapet (jordlova), men no burde i alle høve korrekt saksgang vere klarlagt; ein viser i denne samanhengen til dokumenta i saka.
Formannskapet gjorde i møte 06.06.07 i sak 071/07 slikt fleirtalsvedtak:
Norddal
kommune viser til §12 i jordlova og gir løyve til frådeling av omsøkte parsell
på ca 2 daa..
Plassering av bustadtomter i det aktuelle området vil vere i samsvar med prinsippet i arealdelen av kommuneplanen.
Saka er avklara i høve det landbruksfaglege og jordlova med næringssjefen sin uttale av 02.03.07 og vedtaket etter jordlova i formannskapet (sak 071/07).
Næringssjefen tek spesielt fram kor viktig det er at nye bustadar på Linge verte tilpassa miljøet i samsvar med lokal byggeskikk, noko ein er heilt samd i og som må kome inn som føring i dei konkrete delesakene etter PBL.
Ein rår til etter ei samla vurdering at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i denne saka.
Saka må på vanleg måte etter PBL sendast for uttale med ein månads uttalefrist, før plansaka kan gjerast endeleg vedtak i.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|