NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-Fjø

Saksmappe:          06/00531-4

Sakshandsamar:   Torill Monstad

Dato:                      15.08.2006

 

Møtebok

                                  

 

 

Søknad om støtte til småbåthamn - Utvikling Fjørå AS  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

087/06

Formannskapet

21.08.06

099/06

Formannskapet

25.09.06

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av søknaden

Nytt vedlegg til møtet 25.09.06: Brev frå Utvikling Fjørå AS datert 15.09.06

 

 


Rådmannen si innstilling:

Norddal kommune støttar tiltaket om bygging av småbåthamn i Fjørå, jamfør gjeldande reguleringsplan, med eit tilskot frå næringsfondet på kr 200.000.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  21.08.2006:

Paul Fredriksen kom med forslag om at saka vart utsett.

 

Røysting:

Fredriksen sitt forslag vart vedteke mot 2 røyster.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 21.08.2006:

Saka vert utsett.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  25.09.2006:

Innstillinga vart vedtatt mot 1 røyst.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 25.09.2006:

Norddal kommune støttar tiltaket om bygging av småbåthamn i Fjørå, jamfør gjeldande reguleringsplan, med eit tilskot frå næringsfondet på kr 200.000.

 

----------------------------------------------------------------------------


Saksgrunnlag:

Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.

 

Saksopplysningar:

Namn på bedrifta: Utvikling Fjørå AS

Eigarar: Dette er eit aksjeselskap med 6 eigarar som kvar har 20 aksjer. Eigarane er Kåre Nerhagen, Harald Osvik, Øyvind Reiten, Jangaard Eksport AS, Svein Ruset-Moland, Ove Vegard Selboskar.

Etablert: Stiftelsesdatoen er registrert å vere 11.11.2003.

Bransje: Selskapet er registrert under kategorien bedriftsrådgjeving, men aksjonærane har som formål å skape utvikling for bygda Fjørå, enten i eigen regi eller fremje tiltak der andre kan stå for drifta.

Tilsette: Det er ingen tilsette i bedrifta.

Tidlegare tildelingar: Selskapet har ikkje fått støtte frå næringsfondet tidlegare.

Søkt om:

Det vert søkt om støtte til bygging av småbåthamn i Fjørå, med førebels 20 plassar. Hamna skal kunne ta i mot alle typar fritidsbåtar.

Total kostnaden er sett å vere kr 1.075.800. Søknadssummen er sett til kr 450.000.

Arbeidet skal starte når Statens Vegvesen og Norddal kommune kjem i gong med utvidinga av fylkesvei 92 ved fabrikken i Fjørå.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Reguleringsplanen for Fjørå sentrum/vest vart vedteken i kommunestyret 16.06.05 i sak 32/05, der småbåthamn er ein del av planen.

 

Norddal kommune har i liknandes saker gått inn med store summar i tilskot. Dei fleste kaianlegga/hamnene dei siste tiåra har fått kommunal støtte eller anna statleg støtte.

 

I eit vedtak gjort av kommunestyret 31.03.05 fekk Norddal Hamn eit tilskot på til saman 350.000 over to år til vidareutvikling av småbåthamna si. Dei fekk òg i 2004 eit tilskot på kr 50.000 til opparbeiding av småbåthamna. Til saman kr 400.000.

 

Eidsdal Næringsutvikling har fått til saman kr 400.000 over ein treårsperiode i støtte til oppsetting av flytebrygge. Vedtaket vart fatta i kommunestyret 31.03.05. Dette er ikkje småbåthamn, men skal tene som ei inntekt for bygda og bidra til å skape vidareutvikle og skape næringsgrunnlag for bygda og nærområdet.

 

Viken Gjestehamn v/Jon Ole Viken fekk i Utval for økonomi, personal og næring 21.06.00 eit tilskot på kr 25.000 til delfinansiering av flytebrygga ved campingplassen i Vika.

 

Jamfør vedtektene så er tilskot frå fondet avgrensa til kr 400.000 til eitt og same føremål i ei og same bedrift i ein treårsperiode.

 

Rådmannen er svært positiv til søknaden, så lenge det ikkje er snakk om å lage ei privat småbåthamn, men der ein ynskjer å skape næringsaktivitet der allmenheita får tilgong.

Rådmannen innstiller på at søknaden vert innvilga med kr 200.000.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann