|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: NF-VAM
Saksmappe: 06/00511-2
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 15.08.2006 |
Søknad om støtte til
vaskeanlegg - Valldal Auto-Maskin
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
21.08.06 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av søknaden.
Handsaming i Formannskapet 21.08.2006:
Ordføraren kom med slikt forslag:
Norddal kommune er positiv til etablering av ein moderne vaskehall i tilknyting til Valldal Automsakin men vil ikkje ta endeleg stilling til søknaden om økonomisk støtte frå næringsfondet før søknaden om dispensasjon frå byggje- og deleforbodet er handsama.
Det vart først røysta
over utsettingsforslaget:
3 røysta for utsettingsforslaget
4 røysta i mot
Håkon Myklebust, Sp kom med slikt forslag til vedtak:
Norddal kommune er positiv til søknad om støtte til vaskeanlegg. Det vert løyvd kr. 150.000,- til tiltaket.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Valldal Automaskin får avslag på søknaden på vaskeanlegg. Grunngjeving: Konkurransevridene i forhold til tilsvarande bedrift på Sylte.
Røysting:
6 røysta for Håkon Myklebust sitt forslag
1 røysta for avslag
Norddal kommune er positiv til søknad om støtte til vaskeanlegg. Det vert løyvd kr. 150.000,- til tiltaket.
Næringsfondsakene vert lagt fram som individuelle saker, men med ei orienteringssak som skal bidra til å skape oversikt over innkomne søknader og lette prioriteringa.
Namn på bedrifta: Valldal Auto-Maskin
Eigar: Jostein Tafjord
Etablert: Bedrifta er registrert etablert som eit enkeltpersonsforetak 19.02.1995 i Enhetsregisteret.
Bransje: Registert som detaljhandel med drivstoff til motorvogner, samt godkjend bilverkstad og Stihlbutikk med sal og service av motorsager.
Tilsette: Det er i dag 3 fast ansatte, samt 3-4 ferievikarar.
Tidlegare tildelingar: Det har ikkje vore gitt tildelingar frå næringsfondet til denne bedrifta.
Søkt om:
Valldal Auto-Maskin søkjer støtte til bygging av vaskeanlegg. Dei ynskjer å utvide tilbodet sitt, og vil satse på eit utandørs vaskeanlegg. Total kostnad for anlegget vert kr 235.000,- sjå vedlagt e-post. I samtale med søkjar seier dei at søknadssummen er kr 150.000.-
Det som er sentralt i denne saka er om søkjar har fått godkjent planane sine for utbygging av Norddal kommune. Planutvalet i sak 26/06, i møte 24.04.06 vedtok med heimel i § 33 i plan- og bygningslova eit bygge- og deleforbod for Murigrandane, som inkluderar det området som søkjar driv næring på. Det er søkt om dispensasjon frå dette bygge- og deleforbodet, som skal behandlast av planutvalet. Rådmannen vurderar det slik at det er vanskeleg å binde opp næringsfondet no til næringsaktivitet i eit området før den nye reguleringsplanen er klar.
Konklusjonen vert at søknaden får avslag, men at ein kan ta stilling til ein eventuell ny søknad knytt til det same tiltaket når den nye reguleringsplanen er klar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|