|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-35
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 14.08.2006 |
Storfjord Helsesenter AS,
godkjenning av skipingsdokument
Utval |
Møtedato |
|
Formannskapet |
21.08.06 |
|
047/06 |
Kommunestyret |
05.09.06 |
Utsendte saksdokument:
Oversendingsbrev frå interimsstyret for Storfjord Helsesenter a.s
Interimsstyret sitt framlegg til vedtekter
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kommunestyresak 05/06 av 16. febr. 2006
1. Kommunestyret godkjenner vedlagte framlegg til vedtekter for Storfjord Helsesenter AS.
2. Kommunestyret gir ordførar og rådmannen fullmakt til å delta på kommunen sine vegner på skipingsmøtet.
3. Kommunestyret forventar at Norddal kommune vert representert i styret for Storfjord Helsesenter AS.
Handsaming i Formannskapet 21.08.2006:
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Formannskapet utset vedtak i denne saka.
Før vedtak kan gjerast må følgjande ligge føre:
1. Vedtak om kor stor eigarandel Norddal kommune skal ha i Storfjord helsesenter, og kva form selskapet skal ha.
2. Sakspapiret som viser behovsvurderingar for kommunale, statlege og private legeinteresser.
3. Sakspapir som viser årlege driftsutgifter for kommunen, samt skisser av prosjektet.
Røysting:
1 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall
6 røysta for innstillinga
1. Kommunestyret godkjenner vedlagte framlegg til vedtekter for Storfjord Helsesenter AS.
2. Kommunestyret gir ordførar og rådmannen fullmakt til å delta på kommunen sine vegner på skipingsmøtet.
3. Kommunestyret forventar at Norddal kommune vert representert i styret for Storfjord Helsesenter AS.
Handsaming i Kommunestyret 05.09.2006:
Viktor Valdal, Al gjekk frå som ugild i saka – no 17 representantar.
Signe Brenna, Nl kom med slikt forslag til vedtak:
Formannskapet utset vedtak i denne saka.
Før vedtak kan gjerast må følgjande ligge føre:
1. Vedtak om kor stor eigarandel Norddal kommune skal ha i Storfjord helsesenter, og kva form selskapet skal ha.
2. Sakspapir som viser behovsvurderingar for kommunale, statlege og private legeinteresser.
3. Konkretisering av prosjektet (skisse) og driftsfølgjeverknadane for Norddal kommune må leggast fram som saksdokument før vedtak vert fatta.
Det vart først røysta
over utsettingsforslaget:
6 røysta for Brenna sitt forslag
11 røysta i mot
Endeleg avrøysting:
11 røysta for innstillinga
6 røysta i mot
1. Kommunestyret godkjenner vedlagte framlegg til vedtekter for Storfjord Helsesenter AS.
2. Kommunestyret gir ordførar og rådmannen fullmakt til å delta på kommunen sine vegner på skipingsmøtet.
3. Kommunestyret forventar at Norddal kommune vert representert i styret for Storfjord Helsesenter AS.
Kommunestyret har vedteke å gå inn i Storfjord Helsesenter a.s med ein aksjekapital på 6,9 mill av samla kapital på 14 mill. Medeigar er Muritunet som skyt inn 7,1 mill.
Interimsstyret meiner at tida er komen for å formalisere selskapet, og har oversendt eit framlegg til skipingsdokument/vedtekter. Det blir vist til tekstene i dette.
Det ligg føre behovsvurderingar både frå kommunale, statlege og private leigeinteresser. Det er no nødvendig å formalisere selskapet, ikkje minst ut ifrå behovet om å komme i gang med finansiering og realiseringa av byggjearbeida. Inntil vidare er ein kapital på 1 mill tilfredsstillande arbeidskapital.
Stig Holmstrøm |
|
rådmann |
|
|
|
|
|