|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 1/1/1
Saksmappe: 06/00325-5
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 10.08.2006 |
Reguleringsendring -
Hyttefelt på Linge
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
21.08.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 033/06, møte 29.05.06 i Det faste utvalet for plansaker
Annonse i Sunnmørsposten og Storfjordnytt
Brev av 01.06.06 til hytteeigarane i feltet
Søknad dat. 30.03.06 vedk. auke på BYA frå 100 m2
Reguleringsføresegnene for Hyttefelt på Linge
Gjeldande reguleringskart for Hyttefelt på Linge
I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker forslag til reguleringsendring for Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.
Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 21.08.2006:
Arne Sandnes sette fram slikt forslag:
Saka vert utsett til ein har revidert hyttemeldinga.
Røysting:
3 røysta for forslaget frå ordføraren som fall.
Signe Brenna sette fram slikt forslag:
Vi viser til at mindre utbyggingar kan det søkjast dispensasjon for i kvart enkelt høve.
Utnyttingsgrad av tomta er den som er enklast å handtere.
Røysting:
6 røysta for innstillinga
1 røysta for forslaget frå Signe Brenna
Signe Brenna ønskte å få fram mindretalsanke til kommunestyret.
Dette fekk 1 røyst.
I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker forslag til reguleringsendring for Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.
Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.
Det faste utvalet for plansaker gjorde slikt vedtak i møte 29.05.06, sak 033/06:
I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å fremme
forslag til reguleringsendring for
Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.
Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.
Forslaget til reguleringsendring vert lagt ut til ettersyn i perioden
31.05. – 23.06.06.
Eventuelle merknader skal vere skriftleg og sendast Norddal kommune, Det faste utvalet for plansaker, Rådhuset, 6210 Valldal.
På vanleg måte (jfr. § 28-1 nr. 4 i PBL), ved annonsering i avisene Sunnmørsposten og Storfjordnytt samt ved eige brev til alle eigarane av hytteeigedom i feltet, vart vedtaket i planutvalet i sak 033/06 gjort kjent.
Frist for eventuelle merknader var sett til 23. juni 2006.
Reguleringsføresegnene § 2.1 for Hyttefelt på Linge har mellom anna slik ordlyd:
-Tillate bebygd areal
BYA=10% i 1 etasje + loftsplan, maksimalt 100 m2 BYA.
Der tomtane er små og
landskapet tilseier at det kan byggast større enn BYA=10% kan dette godtakast.
Det kan i tillegg oppførast eit frittståande uthus med tillate bebygd areal BYA=10 m2 i ein etasje.
Reguleringsplanen for hyttefeltet er frå 1997 med ei revidering av plan og føresegner i 2001.
Det som løyser ut denne saka er ynsket frå eigar av tomt nr. 12 i feltet, Svein Hellandsvik, om å lage takoverbygde uteplassar og såleis overskride reguleringsplanen sine krav om maksimalt 100 m2 BYA.
Søknaden går på at ein skal gå over til å definere utnyttingsgrad på tomta til 16,5 % BYA.
Det er ikkje registrert innkomne merknader i saka.
Fleire av tomtane i dette hyttefeltet har ein storleik på 700-800 m2 og ein utnyttingsgrad på til dømes 16,5 % BYA vil då tilsvare 115 m2– 132 m2 BYA.
Det har vore klare politiske signal om å akseptere større hytter enn tidlegare i kommunen, og i dei nyaste hyttefelta har ein hyttestorleik på BYA 20 % (Hagardshjellen) og BYA 25% (Lingås).
Administrasjonen har lenge hatt den haldninga til storleik på bygningar, at det er tomten sin storleik og form m.v. som skal vere avgjerande for storleiken på bygninga.
Ideelt sett burde reguleringsplanane ha vore så gjennomarbeidde at hovudform på bygget, storleik og etasjetal var fastsett for den einskilde tomt. Då hadde det også vore lettare å gjere dei tilreisande nybyggarane innblikk i vår byggeskikk og tradisjon.
Det synest å vere ein generell tendens å bygge maksimalt tillate, og arealreglane (BYA) gjer då til dømes at på ein tomt der det fagleg var best å bygge i vidda, vert i staden i bygt i høgda. Altså vi får eit meir ruvande bygg i staden for eit som ligg mot terrenget.
I denne saka rår ein til at i medhald av Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker forslag til reguleringsendring for Hyttefelt på Linge, gnr. 1, bnr. 1.
Endringa gjeld å auke hytteareal til inntil 20 % BYA.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|