|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 49/31
Saksmappe: 06/00153-7
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 10.08.2006 |
Reguleringsplan Norddal
Sentrum - Dispensasjon
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
21.08.06 |
Utsendte saksdokument:
Møre og Romsdal fylke, fråsegn dat. 09.06.06
Statens vegvesen, uttale dagsett 26.05.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
Sak 030/06 i Det faste utvalet for plansaker
Søknad (skjema) m/vedlegg dagsett 20.02.06
Kvittering for nabovarsel
Reguleringsføresegner, Norddal Sentrum
Utsnitt av reg.plan Norddal Sentrum
I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å gje dispensasjon frå reguleringsplanen Norddal Sentrum, slik at gnr. 49/31 kan oppføre tilbygg i 3 m breidde til eksisterande uthus nord for fylkesvegen i samsvar med søknad dat. 20.02.06.
I medhald av § 27-1 i Plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å gje dispensasjon frå reguleringsplanen Norddal Sentrum, slik at gnr. 49/31 kan oppføre tilbygg i 3 m breidde til eksisterande uthus nord for fylkesvegen i samsvar med søknad dat. 20.02.06.
I møte den 08.05.06 i Det faste utvalet for plansaker vart det i sak 030/06 vart det gjort følgjande vedtak:
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gje dispensasjon frå
reguleringsplanen Norddal Sentrum, slik at gnr. 49/31 kan oppføre tilbygg i 3 m
breidde til eksisterande uthus nord for fylkesvegen i samsvar med søknad dat.
20.02.06.
Særleg grunn for dispensasjon er at friområdet har vore regulert i 26 år utan å vere aktuelt, og at eventuelle framtidige behov for friområde kan gjerast ved å endre tilsvarande regulert industriområde.
Saka har på vanleg måte vore lagt fram for uttale og det ligg føre 2 fråsegner, frå Møre og Romsdal fylke og Statens vegvesen.
Saka har sitt utspring i at det til kommunen ligg føre søknaden frå Jorunn Yttredal v/Jan Kåre Eide om eit tilbygg i 3 m breidde til garasje/lager for gnr. 49/31 på vestsida av eksisterande uthus (tidlegare fjøs) på nordsida av fylkesvegen.
Søkjar ser ikkje andre aktuelle plasseringar for garasje på eigedomen.
Gjeldande reguleringsplan for Norddal Sentrum vedteken i 1980 har det aktuelle arealet for tilbygg avsett til friområde, og såleis må saka planavklarast før byggemelding kan handsamast.
Vegvesenet vil ikkje klage på eit vedtak om dispensasjon i denne saka. Det er ikkje ei ideell løysing å ha garasje og hus på kvar side av vegen, men utifrå at trafikkmengda på staden er liten kan dette aksepterast. Vegvesenet minner om at løyve til avkøyrsle må handsamast i tråd med Veglova om det vert gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen.
Det regulerte friområdet i Norddal Sentrum nord for fylkesvegen er knapt 20 m lang og 5 m breitt og var avsett for å kunne plassere informasjonstavle, rastebord og liknande. Det står eit gamalt morellbærtre på den vestlege delen av området. Om lag 5 m (aust) av lengda på området ligg under gnr. 49/31. Det føreligg ikkje merknader frå naboane i saka.
Kommunen har ikkje registrert ynskjer om å plassere noko på det regulerte friområdet sidan planen var vedtek for vel 26 år sidan.
Korkje Møre og Romsdal fylke eller Statens vegvesen vil gå imot at kommunen gjer vedtak om dispensasjon i denne saka.
Etter ei samla vurdering av plansituasjonen i Norddal Sentrum og søknaden om å bygge eit tilbygg for garasje/uthus til eksisterande uthus på gnr. 49/31, finn ein å kunne rå til at det vert gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen i denne saka.
Eit vedtak om dispensasjon ikkje vil oppheve gjeldande reguleringsplan.
Sjølve byggesaka må handsamast på vanleg måte etter Veglova og Plan- og bygningslova.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|