|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 223 C
Saksmappe: 06/00552-1
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 03.08.2006 |
Revidering av retningslinjer
for kulturmidlar
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
02.10.06 |
|
|
055/06 |
Kommunestyret |
18.10.06 |
Utsendte saksdokument:
Utkast til nye retningslinjer
Utkast til informasjonsbrosjyre
Ikkje utsendte
saksdokument:
Eksisterande retningslinjer, vedtekne i utval for oppvekst og kultur, sak 04/01
1. Norddal kommune vedtek utkast til nye retningslinjer for kulturmidlar.
Norddal kommune vedtek utkast til nye retningslinjer for kulturmidlar.
Norddal kommune vedtek utkast til nye retningslinjer for kulturmidlar.
Kommunen ønskjer å vere ein aktiv medspelar i utvikling av kulturlivet i kommunen, og fordeling av kulturmidlar er ein viktig brikke i dette. Det er behov for ein gjennomgang av retningslinjene for tildeling av kulturmidlar for å sjå om tilskota treff målretta nok.
Lag og organisasjonar driv eit godt og mangfaldig kulturarbeid. Norddal kommune ønskjer å støtte opp, og leggje forholda til rette for dette arbeidet. 250.000 har årleg blitt fordelt, der 100.000 kr går til idretten og resten til det øvrige kulturlivet. I tillegg blir det årleg sett av ein pott på 150.000 kr til fordeling av spelemidlar. Tilskotet bør liggje på eit slikt nivå også dei komande åra. Den frivillige innsatsen som blir lagt ned er av uvurderleg verdi for kommunen.
Kommunen hadde tidlegare ei ordning med ekstra midlar til sommarrangement som formannskapet forvalta. Det har etter kvart vorte svært mange flotte arrangement på sommaren som er med og set kommunen på kartet, og ein betydeleg dugnadsinnsats blir lagt ned. Kommunen har vore med og støtta tiltaka nokre år til dei greier å stå på eigne bein. Kommunen har fått innspel frå arrangement som ønskjer ein fast pott frå budsjettet, og dermed sleppe å søkje kvart år.
Driftsutvalet vedtok i sak 21/06 at kommunen vil yte inntil 10 % av kostnadene ved rehabilitering av kulturbygg som søkjer statlege midlar med ei maksimumsgrense på 150.000 kr. Kvar sak skal vurderast i eiga politisk sak, og rammene i kulturbudsjettet vil vere avgjerande.
Kommunen yter andel til idrettsanlegg som får statlege spelemidlar. Til no har kommunen bidratt med 1/3 av kostnadene. Budsjettet vil i åra framover vise om ein klarar å halde på denne storleiken. Det varierer kor mykje kommunane rundt omkring bidreg med. Nokre kommunar yter ikkje midlar, andre ligg på 10-20 % medan andre yter 1/3 slik som Norddal har gjort til no.
Retningslinjene bør vere smidige og bidra til å utvikle kulturlivet. Fleire kommunar har i tillegg til dritsstøtta også ein aktivitetspott som det kan søkjast på når spesielle tiltak skal settast i verk. Dette bidreg til å gjere det tryggare å prøve ut nye ting. Dei siste åra har fleire nyskapingar etablert seg. Kommunen bør bidra til ei slik utvikling, samstundes som det er svært viktig å ivareta det som allereie eksisterer.
Kriteriar som medlemstal, aktivitet, målgruppe og økonomi ligg til grunn for tildelinga. Ein del kommunar har klar fokus på lag som arbeider mot barn og unge, og dei blir også mest til gode sett i Norddal. Ein har likevel ytt støtte til dei fleste lag og organisasjonar. Alle gjer eit viktig arbeid, og m.a. pensjonistforeiningane har ikkje så mange inntektskjelder.
Det har vore gitt eit tilskot til forsamlingshus av kulturmidlane. Potten har vore 25.000 der halvparten går til drift og andre halvparten til investeringar. 2-3 husprosjekt får eit lite tilskot på 3000-4000 kr noko som monnar lite når store rehabiliteringar står for tur. Reglementet vert foreslått endra slik at det blir ei rein investeringsstøtte på inntil 25.000 kr totalt. Det kan maks gjevast tilskot til to bygg per år.
Ein bør vurdere å auke potten slik at ein kan gi arrangementstøtte til spesielle arrangement. Praksisen dei seinare åra har vore at kommunen har vore medspelar i ulike prosjekt i ei oppstartfase til ein har fått økonomien og konseptet på plass. Deretter har kommunen trekt seg ut. Årleg kjem det søknader frå arrangørar som ønskjer kommunal medverknad i den vidare satsinga også. Tilbakemeldinga frå kommunen har vore at driftsstøtta til lag og organisasjonar vert gitt gjennom kulturmidlane.
Lag og organisasjonar får nytte kommunale bygg gratis til faste treningar/øvingar. Ved spesielle arrangement må dei betale meirutgifter til m.a. reinhald. Dette er eit viktig og svært positivt bidrag til det frivillige kulturlivet.
Mange lag slit med å få på plass leiarar og andre styremedlemmer. Ein bør difor vurdere å etablere ei ordning for støtte til leiaropplæring innan barne- og ungdomsarbeid.
Ungdomsarbeid er viktig. Ungdomsrådet må ta stilling til om dei ønskjer å få oppretta eit ungdomsstipend som kan hjelpe unge, aktive kulturtøvarar til å søkje utvikling og framgang på sine område.
Det er på gang eit omfattande arbeid med å leggje til rette, merke og vedlikehalde stiar i kommunen, og få desse ned på eit turkart. Prosjektet har fått spelemidlar både til tilretteleggingsbiten, og til kartproduksjonen. Vedlikehaldsbiten er svært viktig, og det må på plass midlar for å kunne få utført dette arbeidet. Det aller meste blir gjort på dugnad, men ein del stiar må ein kanskje få t.d. lag og organisasjonar til å ta mot eit honorar. Det må tenkjast ut ei tenleg ordning her.
For å kunne imøtekome nye søknader bør kulturbudsjettet styrkast, eller ein må omprioritere eksisterande midlar. Kommunen har prioritert å halde på storleiken på kulturmidlane, fordi ein ser kor viktig dette arbeidet er for lokalsamfunnet og trivselen. No er det nye ting på plass, og spesielt satsinga mot friluftsliv og stirydding vil bli ein viktig og fast post på budsjettet. Kanskje kan ein del av kulturmidlane øyremerkast slik at lag/foreiningar får ekstra tilskot viss dei tek på seg ansvar for vedlikehald av ein del råser.
Det bør lagast ei brosjyre som informerer om ulike støtteordningar innanfor kulturbudsjettet. I tillegg bør lag og organisasjonar bli flinke til å leite etter eksterne støtteordningar
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|