|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 060
Saksmappe: 06/00354-4
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 17.07.2007 |
Rullering av
informasjonsstrategi - handlingsplanen
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
26.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Tiltaksdelen på informasjonsstrategien
Ikkje utsendte
saksdokument:
Informasjonsstrategi for Norddal kommune
DU.sak 15/06
Norddal kommune vedtek tiltaksdelen på informasjonsstrategien slik han ligg føre.
Norddal kommune vedtek tiltaksdelen på informasjonsstrategien slik han ligg føre.
Norddal kommunestyre vedtok 03.06.04 informasjonsstrategi for 2004-2008. Handlingsdelen skal rullerast årleg. Han var sist rullert i januar 2006.
Informasjon er eit kontinuerleg arbeid, og eit klart leiaransvar.
Resultatvurdering av
langsiktige tiltak:
1. Brosjyre til alle husstandar minst ein gong i året. Det blir sendt ut skriv til alle husstandar minst to gongar i året, men ein har ikkje utarbeidd generell brosjyre med betalingssatsar m.v. Ein informerer aktivt om at aktuell informasjon ligg på kommunen sine heimesider.
2. Utarbeide infotavler. Arbeidet er i gang, og ein samkøyrer dette med verdsarvprosjektet for å få lik profil i heile området. Det er utarbeidd ein skiltmal som vil bli nytta.
5. Lage verktøy for tilbakemelding på informasjon. Det vil bli lagt til rette for elektronisk tilbakemelding når ein får på plass nytt sakssystem frå nyttår. Ein vil då ha ein database som kan ta i mot denne informasjonen. I dag kan folk sende ein mail, eller ringe inn tilbakemeldingar. På servicetorget har dei ei bok der tilbakemeldingar blir registrert.
Resultatvurdering av
kortsiktige tiltak:
1. Lage retningslinjer for korleis tilsette skal handtere media. Dette er gjort, og ein vil i løpet av hausten spreie denne informasjonen i organisasjonen.
2. Informasjonsplan for kriser er årleg oppe til vurdering i kriseleiinga, og tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Det har siste tida vore brukt tid i leiarmøta til beredskapsarbeidet, og hovudfokus har vore Åknes-/Tafjordprosjektet.
3. Informasjon og mediehandtering har vore tema i leiargruppa. Der var også fagleiarane invitert. Informasjonssjef i Ålesund kommune var her, og brukte ein halv dag saman med oss.
4. Oversikt over kven som gjer kva er enno ikkje sett skikkeleg i system.
5. Internavisa kjem ut fire gongar i året.
6. Rutineomtalar vert lagt ut fortløpande etter kvart som dei blir produsert.
7. Systematisering av prosjektomtalar er heller ikkje kome i mål
8. Det er ikkje system for at ei eining presenterer seg i møte i Driftsutvalet. Einingane bør kanskje utfordrast til sjølv å ta del ved behov.
9. Gode møteplassar. Ein får ikkje vidareutvikla biblioteket før det kjem i nye lokale.
10. Rutinar for at reaksjonar vert ført vidare til leiinga. Sjå pkt. 5 under langsiktige tiltak.
11. Øvingar med mediehandtering. Det skal vere ei stor, nasjonal øving i november, og det vert køyrt kurs i mediehandtering knytt til denne.
12. Tilsette blir informert gjennom intranett, personalmøte og internavisa.
13. Det har vore lage kortversjon av årsmeldinga og sendt ut til alle husstandar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|