NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    C60

Saksmappe:          06/00525-8

Sakshandsamar:   Aud Lindis Ødegaard

Dato:                      10.07.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

Vurdering av biblioteket - Tafjord filial  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

068/07

Driftsutvalet

26.09.07

067/07

Kommunestyret

17.10.07

 

Utsendte saksdokument:

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Utval for oppvekst og kultur 05/03

K.sak 77/04

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Biblioteket sin filial i Tafjord flyttar frå Tafjord skule til ungdomshuset frå 1. januar 2008.

2.      Administrasjonen får fullmakt til å inngå leigeavtale.

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  26.09.07:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Innstilling i  Driftsutvalet - 26.09.07:

  1. Biblioteket sin filial i Tafjord flyttar frå Tafjord skule til ungdomshuset frå 1. januar 2008.
  2. Administrasjonen får fullmakt til å inngå leigeavtale.

 

 

 


Handsaming i Kommunestyret  17.10.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 17.10.2007:

  1. Biblioteket sin filial i Tafjord flyttar frå Tafjord skule til ungdomshuset frå 1. januar 2008.
  2. Administrasjonen får fullmakt til å inngå leigeavtale.

 

 

 

Saksgrunnlag:

Drifta på Tafjord skule vart nedlagt våren 2007. Biblioteket har filial midt inne i bygget, og det må gjerast ei vurdering på om drifta skal halde fram her.

 

Saksopplysningar:

Tafjord filial har ope 2,5 timar i veka. Det er om lag 5000 bøker i samlinga. Det har det siste året vore 677 utlån fordelt på 200 besøk. Biblioteket har til no ikkje hatt driftsutgifter knytt til denne filialen med unntak av lønsutgifter, 15.000 kr til bøker og 2.000 kr til datavedlikehald. Drifta har gått på skulen sidan det også er eit skulebibliotek, og det har vore sambruk på fleire område. No blir bygget ståande tomt med unntak av desse timane i veka, og det blir ei utfordring å finne ei god løysing utan at det kjem til store driftsutgifter.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Det vert kunstig at biblioteket skal halde fram i ein liten del av skulen som no elles blir ståande tom. Mange praktiske spørsmål melder seg med omsyn til drifta, og kva som eventuelt skal skje med bygget. Vonleg blir det fylt med anna aktivitet etter kvart, og då blir biblioteket eit framandelement. Det er eit stort bygg, og både vatn og straum må vere tilkopla for at biblioteket skal kunne halde fram der. Verken ventilasjon, straum eller vatn kan seksjonerast i bygget, og dermed må det vere ei viss drift på heile bygget. Dette fører til ekstra utgifter, og biblioteket har ikkje budsjettdekning for ei slik auke. Budsjettet må aukast betydeleg for å kunne ha tilhald på skulen viss det ikkje skal gå ut over drifta. I tillegg ser ein at det kan bli litt unaturleg å bevege seg dit når alt elles er tomt og mørkt.

 

Bygda mista ein viktig institusjon og møteplass. Det er viktig å  bidra til at bygda framleis kan ha ein møteplass gjennom biblioteket. Ein har vurdert fleire alternativ, og har kome fram til at ei lokalisering på ungdomshuset vil kunne verte eit godt og rimeleg alternativ. Ungdomslaget er positive til ei slik løysing. Biblioteket har tidlegare leigd her, og det har fungert godt. Tilhøva ligg til rette for at ein kan få til ei sosial ramme rundt opningstidene. Vaflar og kaffi er nøkkelord her. Sambruk med andre aktivitetar på huset synest å vere uproblematisk.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann