|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: D12
Saksmappe: 07/00561-1
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 09.07.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
29.08.07 |
|
|
052/07 |
Kommunestyret |
13.09.07 |
Utsendte saksdokument:
Skriftleg del av prospekt kulturhus/hotell + bilde og teikningar
Ikkje utsendte
saksdokument:
Tidlegare utgreiingar
1. Kommunestyret ser positivt på planane om samarbeid med hotellinvestor for etablering av kulturhus.
2. a. Kommunestyret ber om at det vert etablert ei prosjektgruppe for utarbeiding av forprosjekt som skal leggjast fram for kommunestyret til godkjenning.
b. Prosjektgruppa skal bestå av representant for hotellinvestor, ordførar, kultursjef og rådmann/eigedomssjef, med ordførar som leiar av gruppa.
3. Forprosjektet må innehalde forslag til funksjonar/innhald, investeringskostnader, driftsmodell og finansiering.
4. Det må etablerast ei breitt samansett brukar-/referansegruppe der aktuelle interessentar vert representert.
5. Tidlegare utgreiingar om fleirbrukshus/kulturhus i Norddal kommune skal vere ein del av beslutningsgrunnlaget.
6. Det blir snarast råd lagt fram kostnadsvurdering for framlegget av forprosjekt til kommunestyret.
Handsaming i
Driftsutvalet 29.08.2007:
Nina Grøndahl kom med endringsforslag i pkt. 2 om at også leiar av driftsutvalet skal vere med i prosjektgruppa.
Røysting:
4 røysta for Nina Grøndahl sitt forslag
3 røysta i mot
Det kom forslag om at prosjektgruppa også skulle ha ein brukarrepresentant.
Røysting:
Utvalet gjekk samrøystes inn for forslaget.
Petter Melchior kom med forslag om at ungdomsrådet skal ha ein representant i prosjektgruppa.
Røysting:
4 røysta for Petter Melchior sitt forslag
3 røysta i mot
Oddmund Ødegård kom med slikt endringsforslag av pkt. 3:
Forprosjektet må innehalde forslag til funksjonar/innhald, investeringskostnader, driftsmodell m/samarbeidsavtale, finansiering og driftsbudsjett.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med Oddmund Ødegård sitt forslag.
Endeleg avrøysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og dei endringane som vart vedtekne i møtet.
b. Prosjektgruppa skal bestå av representant for hotellinvestor, representant for
brukarane, representant frå ungdomsrådet, leiar i driftsutvalet, ordførar, kultursjef og
rådmann/eigedomssjef, med ordførar som leiar av gruppa.
3. Forprosjektet må innehalde forslag til funksjonar/innhald, investeringskostnader, driftsmodell m/samarbeidsavtale, finansiering og driftsbudsjett.
Handsaming i Kommunestyret 13.09.2007:
Jon Kåre Løvoll kom med slikt endringsforslag i pkt. 2a:
Kommunestyret ber om at det vert etablert ei prosjektgruppe for kartlegging av behov og evt. utarbeiding av forprosjekt som skal leggjast fram for kommunestyret til godkjenning.
Svein Linge fremja rådmannen si innstilling.
Det vart først røysta mellom driftsutvalet si innstilling og rådmannen si innstilling.
10 røysta for driftsutvalet si innstilling som fall
11 røysta for rådmannen si innstilling
Det vart røysta over endringsforslaget til Jon Kåre Løvoll i pkt. 2a:
7 røysta for Jon Kåre Løvoll sitt endringsforslag
14 røysta i mot
1. Kommunestyret ser positivt på planane om samarbeid med hotellinvestor for etablering av kulturhus.
2. a. Kommunestyret ber om at det vert etablert ei prosjektgruppe for utarbeiding av forprosjekt som skal leggjast fram for kommunestyret til godkjenning.
b. Prosjektgruppa skal bestå av representant for hotellinvestor, ordførar, kultursjef og rådmann/eigedomssjef, med ordførar som leiar av gruppa.
3. Forprosjektet må innehalde forslag til funksjonar/innhald, investeringskostnader, driftsmodell og finansiering.
4. Det må etablerast ei breitt samansett brukar-/referansegruppe der aktuelle interessentar vert representert.
5. Tidlegare utgreiingar om fleirbrukshus/kulturhus i Norddal kommune skal vere ein del av beslutningsgrunnlaget.
6. Det blir snarast råd lagt fram kostnadsvurdering for framlegget av forprosjekt til kommunestyret.
Det
har vore fire utgreiingar sidan tidleg på 90-talet for å få på plass eit
fleirbrukshus i kommunen. Alle er samd om behovet for ei storstove, men ein har
ikkje lykkast i å kome fram til realisering. I kommuneplanen sin samfunnsdel
som kommunestyret vedtok 08.03.07
står det slik på side 13: ”Norddal kommune ser behovet for ei storstove i
kommunesenteret, og vi bør starte eit utgreiings- og planleggingsarbeid.”
Det ligg føre fleire rapportar som synleggjer behov, samt forslag til lokalsering og rominnhald.
Siste rapporten som vart lagt fram var i 2001. Her går ein for ei løysing med ein fleirbrukshall på rådhusmarka. Ein ønskjer å kome tilbake til eigen kultursal som eit seinare byggjesteg, gjerne i samarbeid med eit hotell om ein finn investorar som vil satse langsiktig på hotell med profil helse/natur i Valldal.
Det ligg no føre planar for hotell som også tek høgde for å kunne byggje ein kulturhusdel i samarbeid med kommunen. Det trengst ei avklaring på om dette er noko ein ønskjer, før ein byrjar å arbeide konkret mot ei slik løysing.
Planane er konkrete, og det er difor aktuelt å få på plass kulturhus før ein går vidare med eit idrettsbygg. Kosbergs Arkitektkontoar AS har på oppdrag av Erik Berg og Norddal kommune utarbeidd eit skisseutkast med eit mindre kulturhus knytt til hotellet. Der er skissert ein storsal med mobilt amfi der det er 486 seteplassar. Salen kan delast i to, og nyttast til ulike føremål. Ei slik storstove skal kunne nyttast både til kultur- og konferanseaktivitetar.
Det finst fleire eksempel på samdrift av hotell og kulturbygg med gode erfaringar. Røros, Molde og Rauma er døme på dette. Det ligg sjølvsagt utfordringar i ei slik drift, men også mange mulegheiter. Ein vil få betre utnytting av lokala, meir økonomisk drift, samarbeid om utvikling av opplevingstilbod, og lett tilgang til overnatting når ein skal ha større arrangement.
Det må liggje i botnen at kulturlivet skal ha like gode rammevilkår som dei har i dag. Leigeprisar må vere av ein slik storleik at huset blir brukt, og kulturmidlar og anna kommunal støtte må framleis vere ein viktig del av kulturbudsjettet.
Det må gjerast naudsynte avklaringar på kostnadar, eigarform, driftsform m.v.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|