NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U63

Saksmappe:          05/00300-19

Sakshandsamar:   Wenke Sylju

Dato:                      11.07.2006

 

Møtebok

                                  

 

Skjenkekontroll Fjordheim Gjestegård - 10.06.06  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

055/06

Driftsutvalet

28.08.06

 

Utsendte saksdokument:

Kontrollrapport frå Securitas  (berre til medlemmar og vara).

Uttale frå løyvehavar (berre til medlemmar og vara).

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Skjenkeløyve – enkeltanledning – Fjordheim Gjestegård

Brev til løyvehavar- oppmoding om uttale 05.07.06

Alkohollova med forskrifter og rundskriv

 


Rådmannen si innstilling:

Kommunestyret ser alvorleg på påpeikte avvik. Løyvehavar må sørgje for at dei tilsette har naudsynt kunnskap om bestemmingane i alkohollova. Det vil bli føreteke hyppige skjenkekontrollar og fleire avvik kan føre til inndraging av løyvet.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  28.08.2006:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 28.08.2006:

Kommunestyret ser alvorleg på påpeikte avvik. Løyvehavar må sørgje for at dei tilsette har naudsynt kunnskap om bestemmingane i alkohollova. Det vil bli føreteke hyppige skjenkekontrollar og fleire avvik kan føre til inndraging av løyvet.

 

----------------------------------------------------------------------------


Saksgrunnlag:

Kontrollrapport frå Securitas etter utført skjenkekontroll 10.06.06.

Saksopplysningar:

Fjordheim Gjestegård hadde i samband med ”verdsarv” dans den 9. juni fått utvida skjenkeløyvet sitt for alkoholhaldig drikk med inntil 22 volumprosent alkohol. Dei hadde løyve til å skjenke fram til kl. 02.00 både ute og inne. Dvs. at all skjenking skal opphøyre kl. 02.00 og at utskjenka alkohol skal vere konsumert innan kl. 02.30.

 

Kontrollrapporten frå Securitas påpeiker brot på alkohollova.

A

Rapporten beskriv ein gjest som er tydeleg påverka.

Den same gjesten flytta seg sidan til eit anna bord og drakk av ein annan gjest sit glas. Gjestane som sat ved same bordet fekk servert alkohol.

 

Løyvehavar seier i si uttale at ho hadde sagt til denne gjesten at ho ikkje fekk drikke.

 

B

Ein annan gjest tok med seg eit glas øl ut av det inngjerda området kl. 02.30.

Iflg. løyvehavar var dette ein glipp. Dørvakta var opptatt med rydding og var på kjøkkenet da vedkommande tok med seg ølglaset og gikk. Til vanleg står det alltid folk i døra når gjestane forlatar

huset.

 

C

All skjenking opphøyrte kl. 02.00. Kl. 02.30 signaliserte ansvarshavande stengetid. Sjølv om det var stengt satt det nokre gjestar attende ved to bord. Dei fleste av desse satt med glas framfor seg.

Kontrollørane observerte konsum av øl kl. 02.48. Kontrollørane legitimerte seg og påpeikte at det var gjester som framleis satt og drakk. Ansvarshavande sa da at det var bandet. Kontrollørane påpeikte at reglane gjeld anten det var bandet eller ”vanlege” gjestar og de informerte om at i tillegg til bandet var det også ”vanlege” gjestar som drakk. Ansvarshavande vart tydeleg irritert på kontrollørane og ropte ut at skjenkekontrollen var der og at alle måtte slutte å drikke. Ansvarshavande meinte at reglane i alkohollova ikkje omfatta dei som var med i bandet som var leigd inn.

 

Løyvehavar seier at ho aldri har opplevd så frekke kontrollørar. Dei hadde eit språkbruk som ikkje var akseptabelt.

Løyvehavar vil presisere at ho er særs nøye med all skjenking, at tidane for skjenking vert overhaldne og at ho avvisar gjestar som er påverka.

 

Saksvurdering og konklusjon:

A

Jf. alkoholloven § 4 – 1 skal ikkje personar som er påverka av rusmidlar ha adgang til skjenkestaden.

 ” Dersom en person som er åpenbart påvirket av rusmidler befinner seg på skjenkestedet, har bevillingshaver plikt til å sørge for at vedkommende forlater stedet. Bevillingshaver har plikt til å sørge for at personer som trenger det, får nødvendig bistand.”

§ 4 – 2 i same lov seier følgjande: ” Det må ikke skjenkes alkoholholdig drikk til person som er åpenbart påvirket av rusmidler, eller skjenkes på en slik måte at vedkommende antas å bli åpenbart påvirket.

Sitter flere personer sammen og en eller flere av dem er åpenbart påvirket av rusmidler, må det ikke serveres alkoholholdig drikk til noen av dem før den eller de påvirkede er fjernet. ”

I tilfelle A kjem det fram av rapporten at det har vore brot på reglane i alkoholloven sin § 4 – 1

og 4 – 2.

 

B

Her kjem det fram frå rapporten at det har vore brot på alkoholloven § 4 – 4.

§ 4 – 4 i alkoholloven seier at det må påsjåast at gjestar ikkje nyt medbrakt alkoholhaldig drikk, eller tek med seg alkoholhaldig drikk når dei forlatar skjenkestaden.

 

C

 (Løyvet gjaldt skjenking fram til kl. 02.00 både ute og inne. Dvs. at all skjenking skal opphøyre kl. 02.00 og at utskjenka alkohol skal vere konsumert innan kl. 02.30.) Jf. § 4-4, 5. ledd i forskrift om omsetning av alkoholhaldig drikk heiter det: ”Konsum av utskjenket alkoholholdig drikk må opphøre senest 30 minutter etter skjenketidens utløp.”

 

Det er skjenkestyrar som er ansvarleg for utøvinga av løyvet. Han/ho skal sørgje for at verksemda er organisert slik at det ikkje brot på reglane i alkohollova i samband med skjenking. Dette betyr at han/ho har ansvar for at dei tilsette har naudsynt kunnskap om regelverket, at dei følgjer regelverket som t. d. at det ikkje skjenkast til åpenbart ruspåverka eller mindreårige. (Merknader til § 1 – 7c i alkohollova).

 

Alle brot på alkohollovgivninga med tilhøyrande forskrifter kan gje grunnlag for inndraging av løyve.

Løyvehavar bør få åtvaring om at fleire avvik  vil føre til inndraging av løyvet.

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann