|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: F40 &20
Saksmappe: 05/00518-7
Sakshandsamar: Wenke Sylju Dato: 11.07.2006 |
Evaluering - samarbeidsavtale om advokatstilling innan
barnevernet
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
28.08.06 |
|
|
051/06 |
Kommunestyret |
05.09.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
Samarbeidsavtalen med Ålesund kommune om kjøp av juridiske tenester i barnevernet vert ikkje fornya.
Handsaming i
Driftsutvalet 28.08.2006:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Samarbeidsavtalen med Ålesund kommune om kjøp av juridiske tenester i barnevernet vert ikkje fornya.
Handsaming i Kommunestyret 05.09.2006:
Rådmann orienterte om nytt forslag til avtale frå Ålesund kommune.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Samarbeidsavtalen med Ålesund kommune om kjøp av juridiske tenester i barnevernet vert ikkje fornya.
Samarbeidsavtale om advokatstilling innan barnevernet.
Det vart inngått avtale med Ålesund kommune om samarbeid om advokatstilling innan barnevernet. Avtalen gjaldt frå 01.01.2005 og ut 2006 og skal evalueres i første halvdel av 2006.
”Formålet med avtalen er å styrke barneverntjenesten i kommunene gjennom et samarbeid om etablering av en juridisk spesialstilling tilknyttet kommuneadvokaten i Ålesund kommune. Stillingen skal sikre at beslutninger og vedtak innen barnevernet i de samarbeidende kommunene holder en tilfredsstillende juridisk og faglig standard, gjennom juridisk rådgivning, veiledning, undervisning, bistand til prosesser m.v.”
Det skal betalast eit fast
årleg vederlag til Ålesund kommune. Dette består av ein grunnkontigent på kr.
25.000.- pr. år og ein variabel kontingent som er basert på antall barn i
alderen 0 – 17 år med kr. 25.- pr. barn. For 2005 var det årlege vederlaget på
kr. 36.625.- eks. mva.
Arbeid med saker som skal
handsamast i Fylkesnemnda for sosiale saker eller i rettsvesenet elles blir
belasta med ein timepris på kr. 500.00 eks. mva. (Reise og opphald for advokat,
barnevernansvarleg, vitnar og liknande må den einskilde kommune betale utanom.
Dette er utgifter som kjem om ein er med i ei samarbeidsavtale eller om ein
bruker eigen advokat.) I store saker, der det er aktuelt at kommunen tek over
omsorgen for eit eller fleire barn er det ikkje uvanleg at saka vert handsama
først i Fylkesnemnda, så i Tingretten og til slutt i Lagmannsretten.
Kommunen har i løpet av
2006 hatt ein sak oppe i Fylkesnemnda. Dette var ein forenkla sak, dvs. at dei
involverte i saka ga samtykke til at saka kunne førast i Fylkesnemnda utan
advokat, representant for barnevernet og vitnar. Førebuing til denne saka kosta
oss kr 7625.- i advokathonorar.
Frå 1992 og fram til i dag har kommunen berre hatt tre saker oppe i Fylkesnemnda. 2 av desse var forenkla.
Før avtalen om kjøp av advokattenester frå Ålesund kommune nytta barnevernet i Norddal ein privat advokat som ytte særs god hjelp både i dei sakane som vart handsama i Fylkesnemnda og ved kontakt elles.
Barnevernet i Norddal har i lengre tid samarbeida med barnevernet i Skodje, Ørskog og Stordal. Desse kommunane er også med i avtalen om kjøp av juridiske tenester i barnevernet frå Ålesund kommune. Etter opplysningar frå desse vil Stordal seie opp avtalen, Ørskog har ikkje bestemt seg og Skodje vil halde fram.(Skodje har fleire og tyngre saker slik at det vil løne seg for dei å halde fram med avtalen slik den er i dag).
Barnevernet vil alltid ha trong for juridisk ekspertise. I saker som skal opp for Fylkesnemnda/rettssystemet er det eit krav at kommunen har advokat. Men, spørsmålet er om det løner seg å vere med i ein slik avtale framfor å ha kontakt med ein privat advokat. I og med at barnevernet i Norddal kommune berre har hatt tre saker til handsaming i Fylkesnemnda sidan 1992, kan det sjå ut til at kommunen har gått inn på ei kostbar ordning. For kommunar som har fleire store saker enn Norddal, vil det løne seg å vere med i ein slik samarbeidsavtale.
Barnevernet i Norddal har pr. i dag 14 aktive barnevernsaker, av desse er 4 barn i fosterheimar. Dei resterande sakene er stort sett førebyggjande hjelpetiltak etter lov om barneverntenester § 4 –4. I desse sakene har det hittil ikkje vore trong for konsultasjon med advokat.
Når det gjeld undervisning og oppdatering innan barneverntenesten har Fylkesmannen gode og nyttige kurs. BUF – etat er også ein naturleg samarbeidspartnar.
Å kjøpe advokattenester frå Ålesund kommune vert, slik situasjonen i barnevernet er pr. i dag, meir kostbart enn å bruke ein privat advokat av og til. Ein ser det difor som rett å ikkje fornye samarbeidsavtalen om kjøp av advokattenester frå Ålesund kommune.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|