|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 06/00469-2
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 11.07.06 |
Høyring på jakt- og
fangsttider og egg- og dunsanking i perioden 2007 - 2012
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
19.07.06 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Direktoratet for naturforvaltning vedk. høyring på forslag til ny forskrift om jakt- og fangsttider samt egg- og dunsanking i perioden 01.04.2007-31.03.2012.
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune viser til side 2 i svarskjemaet punkt 1 og vil her krysse av for ”UENIG”
Grunngjevinga er at kommunane godt greier å handtere dette spørsmålet. Det er og feil retningsval utifrå målsettinga om meir delegering og auka sjølvstyre i viltforvaltninga.
Under punkt 2 på same side kryssar kommunen av for ”ENIG”.
Dette er eit steg i rett lei, etter Norddal kommune si vurdering, her vert det delegert frå Direktorat til Fylkesmann.
Dei andre artene som er lista opp i svarskjemaet vil Norddal kommune avstå frå svar.
I kommunen er desse artene ikkje aktuelle det vil då ikkje vere rett å påverke eit resultat i høyringa.

Direktoratet sitt høyringsskriv datert 29.05.2006.
Høyringsfrist 15.september 2006.
Kvart femte år vert det fastsett ny forskrift om jakt- og fangsttider.
Jaktåret går frå 1. april til 31.mars.
Når det gjeld saksopplysning viser eg til høyringsskrivet som ligg ved.
Eg har ikkje så mange merknader til denne høyringa, men ein
merknad og den er etter mitt syn vesentleg. På side 2 i høyringsskrivet i
avsnittet ”Lokale og regionale tilpasninger av jakttider.”
Som ein ser her så er forslaget om utvida jakttid lagt til Fylkesmannen. Eg er sterkt usamd i denne endringa og meiner det framleis bør ligge til den einskilde kommune.
Grunngjevinga frå D.N. om at Fylkesmannen har bedre oversikt enn kommunane vil ein drage i tvil.
Under same avsnitt er det forslag om at Fylkesmannen kan gi løyve til utviding av jakttida til 31. januar for skadegjerande vilt, dette finn ein rett.
Kommunen sin tidlegare rett til å innskrenke jakttida vert ikkje ført vidare. Ein er usamd med D.N. her fordi det i einskilde høve kan vere trong for det, t.d. ved eit stort friluftsarrangement.
Etter tusenårsskiftet hadde sentrale myndigheiter som målsetting at meir av avgjrdesmynde i viltsaker skulle handterast lokalt. Det kan utifrå det eg har nemnt sjå ut som den tida er forbi og ein går andre vegen. Det er synd og ein saknar ei klar grunngjeving frå D.N. for et dette vert gjort.
Når det gjeld dei andre arter som det vert jakta på i Norddal, rådyr, villrein og fuglejakt, er det inga endring i forslaget då heller ingen grunn til merkad.
Dei arter som er nemnt i høyringsskrivet som ikkje vert jakta på i Norddal kan ein seie seg samd i eller ikkje gje svar i det heile. Eg meiner det er rettast å ikkje gje svar, det kan vere kontroversar i desse spørsmåla og då bør ikkje den som ingen ting har med desse å gjere heller ikkje gjennom svar påverke resultatet av høyringa.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|