|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: K40
Saksmappe: 05/00424-12
Sakshandsamar: Inge Lilleås Dato: 11.07.06 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Viltnemnda |
19.07.06 |
Utsendte saksdokument:
Søknad om godkjenning av vald 28.04.06
Skriv til valdansvarleg frå kommunen datert 02.05.06
Særutskrift av viltnemdssak 17/06
Klage frå adv. Stig Rekdal datert 26.06.06
Skriv til adv. Stig Rekdal frå kommunen datert 06.07.06
Ikkje utsendte
saksdokument:
1 Norddal viltnemnd held fast på sitt vedtak i sak 017/06. Klaga vert difor avvist.
2 Klagarane sitt krav om dekking av sakskostnader vert avvist.
Klage datert 26. juni 2006 på viltnemnda sitt vedtak i sak 017/06.
I Norddal kommune er minstearealet for hjort 1000 dekar. For rådyr 700 dekar.
For å få skipe eit vald må det teljande arealet minst tilsvare minstearealet.
G.nr. 4 Muri har åleine for lite areal til å få godkjent vald for hjortejakt. Arealet er på 760 dekar. Vald 27 Sylte har 1650 dekar som gjev eit 1-dyrs vald.
For rådyr har vald 4 Muri eit 1-dyrsvald. Vald 27 Sylte eit 2-dyrsvald.
Rådyrjakt er lite påakta i Norddal kommune ein ser difor vekk i frå det her.
Muri eig og det ein kallar Kvitla som er på 119,5 dekar, dette arealet kan ikkje Muri nytte utan i samarbeid med Muriås.
Kommunen mottok skjemaet ”SØKNAD OM GODKJENNING AV VALD” frå grunneigarane på Muriås, Muri og Sylte.
Grunneigarane har på dette skjemaet fastsett det teljande arealet samla til 4529,5 dekar.
(Overstrekinga er gjort av sakshandsamar etter viltnemnda sitt vedtak i sak 017/06.)
Her har dei gått utover sin kompetanse fordi det er kun kommunen som kan fastsette det teljande areal.
I viltnemnda vart saka teken opp i sak 017/06. Konkret gjeld det utviding av arealet og godkjenning av vald. Saka vert vurdert med bakgrunn i ”Forskrift om forvaltning av hjortevilt og bever” Kap. 3. Krav til godkjenning av vald, dei aktuelle §§ er 8, 9, 10 og 11.
Utifrå viltnemndsaka vert arealet på Muri redusert med 150 dekar det same for Sylte.
Den rettslege konsekvens av vedtaket er at dei uttrekte areal ikkje tel med i utrekning av fellingsløyver lenger. Elles ligg arealet der innafor valdet sine grenser, ein har heller ikkje teke frå nokon det minste kva gjeld kvar ein jaktar eller jaktrett.
Klaga er komen inn i rett tid.
Klaga side 1 punkt 3 er direkte feil, Muri hadde ikkje på det tidspunkt fått godkjent Kvitla som teljande areal. Rett nok har grunneigarane på Muri, i søknaden, pakka dette inn slik det ser ut som eit areal, men det vert ikkje rettare av den grunn.
Siste setning i same punkt står det og lite truverde av, fordi eine grunneigaren er varamedlem i viltnemnda og får tilsendt sakspapir han var og tilstades på møte, rett nok ugild i denne saka. Vedkomande grunneigar var vel kjent med saka allereie 27.mai.
Dette gjer at andre avsnitt i punkt 4, side 2 og må modererast, ein må søkje å halde seg til fakta.
Punkt 5 på side 2 andre avsnitt. Ein har i avsnittet Saksopplysning vist til at saka faktisk handla om meir enn samanslåing av vald. Viltnemnda har soleklar rett til å vurdere alle sider av saka utifrå gjeldande forskrift, ein kan heller ikkje sjå at det er brot på noko lovverk.
Kva gjeld tredje, fjerde og femte avsnitt i punkt 5 har ein slik kommentar.
I første del av 90-åra over ein 3-årsbolk tok kommunen opp desse spørsmåla. Alle vald i kommunen vart oppmålt etter same metode og areala i kvart vald vart justert, ein kan vise til saksnr. for kvart vald i so måte. Det har ingen ting for seg å gjere dette oppatt.
Ein vil kome med ei presisering, sjølv om det står i saksopplysninga sine siste to setningar. Om eit vald t.d. skulle ha areal høgt til fjells som ikkje er med i det teljande arealet har valdet fullt høve til å jakte der såframt det er samanheng med det teljande arealet.
Det er trekt ut 300 dekar samla for Muri og Sylte. Ein har med bakgrunn i kommuneplankart målt opp areala det her var snakk om. Det faktiske er at ein kunne trekkje ut meir enn det som vart gjort. Ein må få minne om at frå Muribugen til Fjøråtunnellen er nærare 1000 m. slik at tal dekar i sentrum fort vert til relativt store tal.
Skulle ein merke av på kart er det sjølvsagt at alle områder vurdert etter forskrifta sin § 8 måtte vere med. Det ville sjå underleg ut om kommunen skulle trekkje ut ein del og la andre stå att. Avgrensinga på 300 dekar var og er etter sakshandsamar sitt syn ei grei markering utifrå den utbygging som har vore i kommunesenteret. Viltnemnda var samd i dette utifrå forskrifta sitt regelverk.
Grunneigarane kan jakte der dei finn det forsvarleg akkurat som før.
Å arbeide ut kart som bedt om i femte avsnitt vil etter mitt skjøn ha det som resultat at eit større areal må trekkjast ut som teljande areal.
Punkt 6 første avsnitt.
Dette handlar om erstatning for tap. Ein vil minne om at Muri ikkje har nok areal til vald for jakt på hjort, Sylte har hatt og har framleis eit 1-dyrsvald.
Eit erstatningssøksmål i so måte kan kommunen ta med ro.
Andre avsnitt.
Kva vandring av hjort ein her tenkjer på er ukjent, det er ikkje registrert trekkruter i det aktuelle område At det i området er hjort er ein kjent med.
Siste setning.
Sakshandsamar har nokså tydeleg framanfor avklara kva som ligg bak vedtaket og tek det ikkje oppatt her.
Punkt 7.
Ein kan ikkje sjå at det skal vere rettsleg mangelfullt det som er gjort.
Viltnemnda har motteke søknad som nemnt, handsama den etter forskrifta og gjort vedtak. Vedtaket er sendt valdansvarleg med informasjon om klagerett.
Det er forskrifta som er grunnlaget for realiteten i saka.
Punkt 8.
Punktet vert avvist fullt ut. Vi får avvente Fylkesmannen si klagehandsaming og sjå kva som skjer. Det har aldri vore bedt om å få dekka sakskostnader i klagesaker for viltnemnda og det er det ingen grunn til her heller.
Klaga vert då å sende Fylkesmannen til avgjerd.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|