|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 614
Saksmappe: 06/00759-4
Sakshandsamar: Elisabeth Mansfield Dato: 24.01.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.01.07 |
|
|
027/07 |
Formannskapet |
13.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Vedlegg 1 Jos og Tineke Verpaalen datert 31.10.06
Vedlegg 2 Søknad om kjøp av Fjørå skule til bustad frå Kenneth Hovden
Vedlegg 3 Unntatt frå offentlegheita
Vedlegg 4 Kommentar frå Kåre Nerhagen vedk. utsendt brev om framtidig bruk av Fjørå skule
Vedlegg 5 Kommentar frå Erling Rødal vedk. utsendt brev om framtidig bruk av Fjørå skule
Vedlegg 6 Kommentar frå Ove Hansen vedk. utsendt brev om framtidig bruk av Fjørå skule
Vedlagg 7 Brev frå Jos og Tineke Verpaalen mottatt 29.01.07
Vedlegg 8 E-post datert 23.02.07 frå verksemdsleiar v/Syltebøen barnehage
Vedlegg 9 Brev frå Jos og Tineke Verpaalen datert 18.02.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Med tanke på framtidig bruk av Fjørå skule gjer formannskapet vedtak om å gjere ei reguleringsendring frå reguleringsformål Offentlege bygningar til kombinasjon forretning/bustad.
2. Formannskapet gjer vedtak om å selje eigedommen 32/7 Fjørå skule.
Handsaming i Formannskapet 29.01.2007:
Rådmann la fram slik endra innstilling pkt. 1:
Med tanke på framtidig bruk av Fjørå skule ber formannskapet om at planutvalet vedtar
reguleringsendring frå reguleringsformål Offentlege bygningar til kombinasjon
forretning/bustad.
Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:
1. Rådmann kartlegg kven som er heimelshavar til tomta som Fjørå skule står på.
2. Rådmann skal legge fram ei sjølvstendig vurdering på korvidt Norddal kommune har behov for skulen til eige bruk.
3. Saka skal leggast fram til ny førehaving innan 1. mars 2007.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Handsaming i Formannskapet 13.03.2007:
Merete Løvoll
Rønneberg, Sp gjekk frå ugild og Per Arne Løvoll fekk permisjon frå resten av
møtet – no 5 representantar.
Rådmann la fram slik
ny innstilling til møtet:
Magne Almstad, Frp og Signe Brenna, Nl kom med slikt fellesforslag til pkt. 2:
Formannskapet gir administrasjonen fullmakt til å gå i forhandlingar med Tineke Verpalen, vedlegg 1 i PS 17/07, til utleige av Fjørå skule.
Ordføraren kom med slikt forslag til eit nytt pkt. 3:
Avtalen skal førebels inngåast for 3 år. Avtalen kan forlengast. Framlegg til avtale skal godkjennast av formannskapet.
Røysting:
Pkt. 1: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med fellesforslaget til Magne Almstad og Signe Brenna.
Pkt. 3: Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
1. Med tanke på framtidig bruk av Fjørå skule ber formannskapet om at planutvalet vedtar ei reguleringsendring frå reguleringsformål Offentlege bygningar til kombinasjon forretning/bustad.
2. Formannskapet gir administrasjonen fullmakt til å gå i forhandlingar med Tineke Verpalen, vedlegg 1 i PS 17/07, til utleige av Fjørå skule.
3. Avtalen skal førebels inngåast for 3 år. Avtalen kan forlengast. Framlegg til avtale skal godkjennast av formannskapet.
Skuleverksemda ved Fjørå skule vart nedlagt frå 1. aug. 2004. Det er ynskje frå administrasjonen om vidare signal frå formannskapet, som bygg- og grunneigar, om framtidig bruk av bygget.
Kommunestyret gjorde den 22.04.2004 i K-sak 23/04 vedtak om at frå 1. aug. 2004 skulle skuleverksemda ved Fjørå skule opphøyre og Fjørå krins sokne til Valldal skule.
Ein har motteke brev frå ein interessent om å leige Fjørå skule med mogleg avtale om kjøp i framtida. Vedk. søkar er interessert i å nytte skulen til kombinert bustad og næringsverksemd (Vedlegg 1). Administrasjonen vart også i haust munnleg kontakta av ein interessent som hadde ynskje om å kjøpe skulen til bustad for seg og sin familie. Same interessent kom også med skriftleg søknad dagsett 17.01.06 (Vedlegg 2).
Med god hjelp av bygdeutvalet vart brev dagsett 05.01.06 frå Norddal kommune distribuert til alle husstandane i Fjørå. I brevet bad ein bygdefolket kome med sine tankar og syn på framtidig bruk av Fjørå skule.
Frå Fjørå har ein no fått inn enno ein interessent, som er ei interessegruppe. I brevet opplyser vedk. at gruppa kunne tenke seg å overta Fjørå skule med formål å bygge om skulen til utleigeleilegheiter (Vedlegg 3).
Elles har ein motteke tre brev med referanse til utsendt brev dagset 05.01.06. Desse breva gir uttrykk for både syn og råd for framtidig bruk av Fjørå skule (Vedlegg 4, 5 og 6).
I gjeldane reguleringsplan ”Fjørå aust” er Fjørå skule med tomt (908 m2) flateregulert med reguleringsføremål Offentlege bygningar. I reguleringsføresegnene er det berre reguleringsføremålet Bustader som er spesifisert nærare utover flatereguleringa.
Ved endra bruk av Fjørå skule vil dette i alle tilfele krevje ei reguleringsendring.
Fjørå skule er ei trebygning (BTA 415 m2) med kjeller og loft frå 1936 med eit tilbygg over eit plan frå 1996. Den eldste delen må påkostast noko om den skal stette dagens krav til bustandard. Krava går både på komfort og isolering. Tilbygget er mest eit stort rom med tillegg av eit stellerom og toalett. Denne delen og er eit godt og moderne bygg.
Saksopplysingar til
Formannskapsmøte 13.03.07:
På spørsmål om kven som har heimel til gnr. 32 bnr. 7 Fjørå skule kan ein dokumentere at Norddal kommune fikk heimel til tomta 1. februar 1936.
På spørsmål om kommunen har bruk for Fjørå skule til eige bruk har ein fått ei uttale frå verksamsleiar for Syltebøen barnehage. Verksamsleiar har sendt over eit utdrag frå eigen verksamsplan og der ho legg til at det skal ei umåteleg auke i barnetalet komande år om ein skal ta i bruk Fjørå skule igjen som barnehage. Elles kan ikkje rådmannen sjå at verken skuleverket eller andre kommunale aktivitetar har behov for å ta opp at bruken av Fjørå skule.
1. Med tanke på framtidig bruk av Fjørå skule ber formannskapet om at planutvalet vedtar ei reguleringsendring frå reguleringsformål Offentlege bygningar til kombinasjon forretning/bustad.
2. Formannskapet gjer vedtak om å selje kommunal eigedom 32/7 med påståande skulebygning.
Saksvurdering og
konklusjon:
Administrasjonen ser positivt på interessa for ny bruk av Fjørå skule. Ut i frå utforminga på bygningsmassen ser ein det som best eigne at Fjørå skule vert nytta som eit kombinasjonsbygg for bustad og forretning.
Etter evnt. endring av reguleringsføremål må kommunen ta stilling til å ruste opp bygget med tanke på utleige eller selje eigedommen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|