|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: V11
Saksmappe: 06/00078-5
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 22.01.2007 |
Støtte til kjøp av
mjølkekvote for 2006
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.01.07 |
|
|
033/07 |
Formannskapet |
26.03.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad om støtte til kvotekjøp av 17.09.2006
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune løyver inntil kr 119.341,- frå næringsfondet til kjøp av mjølkekvote for 2006.
Handsaming i
Næringsfondsstyret 29.01.2007:
Merete Løvoll Rønneberg tok opp spørsmål om ho var ugild i saka – ho vart ikkje funne ugild.
Ordføraren kom med forslag om at saka vert utsett.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Handsaming i
Næringsfondsstyret 26.03.2007:
Signe Brenna, Nl, Per Arne Løvoll, Krf og Merete Løvoll Rønneberg, Sp gjekk frå som ugilde – no 4 representantar.
Viktor Valdal, Tl kom med forslag om å løyve kr. 70.000,-.
Røysting:
1 røysta for Viktor Valdal sitt forslag som fall
3 røysta for innstillinga
Norddal kommune løyver inntil kr 119.341,- frå næringsfondet til kjøp av mjølkekvote for 2006.
Valldal Bondelag, Eidsdal og Norddal Bondelag og Norddal Bonde og Småbrukarlag søkjer om støtte til kjøp av mjølkekvote for 2006.
I 2005 vart det kjøpt 37.609 l mjølk offentleg og 84.071 l mjølk privat. Formannskapet løyvde
kr 100.000,- i 2005 til kvotekjøp. Tilskotet førte til ein literpris på ca 82 øre pr. kjøpt liter. I 2006 kjøpte 19 mjølkeprodusentar 30.041 l mjølk offentleg og 89.300 l mjølk privat. Det er store variasjonar frå bruk til bruk i 2006 der minstekjøpet er på 654 l og 43.238 l for den som har kjøpt mest.
Søknaden frå bondelaga gjeld for 2006, og det vert presisert at kommunalt tilskot til kvotekjøp er eit viktig bidrag for å styrke næringsgrunnlaget, økonomien og arbeidsplassane på det enkelte bruk.
Bondelaga har også ynskje om at tilskotet vert gitt som eit fast kronebeløp.
Næringssjefen meiner tilskot til kvotekjøp er ei viktig kommunal oppmuntring og eit viktig bidrag i ei tid da næringa slit på ulike måtar. Dersom ein skal nytte eit tilskot på 1 kr literen, vil dette gi ei løyving på kr 119.341 l for 2006. Næringssjefen tilrår eit tilskot på 1 kr literen for 2006.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|