NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    66

Saksmappe:          07/00423-5

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      20.06.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Oppføring av driftsbygning med gjødseltank - Eidsdal Samdrift DA

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

053/07

Driftsutvalet

27.06.07

 

Utsendte saksdokument:

Kopi av fasadeteikning

Situasjonskart

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Merknad dat. 16.05.07 frå Jarle Skuseth

Attendetrekking av merknad i brev av 03.06.07 frå Jarle Skuseth

Kvittering for nabovarsel

Fullstendige teikningar av bygninga

Mattilsynet, godkjenning i brev av 09.02.07

Søknadar om ansvarsrett, SØK, PRO/KPR, UTF/KUT

 

 


Rådmannen si innstilling:

 

1.       Med heimel i § 93 (§ 95 b) i plan- og bygningslova vert søknaden om tiltaket godkjent.

 

2.       Med heimel i §§ 93b og 98 i plan- og bygningslova finn ein å kunne godkjenne fylgjande                             føretak med slikt godkjenningsområde:

 

 

Fjøssystemer AS                                  SØK, UTF/KUT, for bygning,

                                                             tiltaksklasse 2.

 

Ing Helge Næprud AS                         PRO/KPR for bygning,

                                                                    tiltaksklasse 2.

 

                  DS Stålkonstruktion AS                       PRO/KPR, UTF/KUT for stålarbeid,

                                                                            tiltaksklasse 2.        

 

Christie & Opsahl AS                        UTF/KUT for betongarbeid,

                                                         tiltaksklasse 2.       

 

                                                                                 

3.  Med heimel i § 97 i plan- og bygningslova vert framlagte kontrollplanar og dei  kontrollansvarlege godkjent.

 

 


Handsaming i Driftsutvalet  27.06.2007:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 27.06.2007:

1.         Med heimel i § 93 (§ 95 b) i plan- og bygningslova vert søknaden om tiltaket godkjent.

 

2.         Med heimel i §§ 93b og 98 i plan- og bygningslova finn ein å kunne godkjenne fylgjande føretak med slikt godkjenningsområde:

 

Fjøssystemer AS                                SØK, UTF/KUT, for bygning,

                                                                       tiltaksklasse 2.

 

Ing Helge Næprud AS                        PRO/KPR for bygning,

                                                                        tiltaksklasse 2.

 

           DS Stålkonstruktion AS                       PRO/KPR, UTF/KUT for stålarbeid,

                                                                        tiltaksklasse 2.

 

Christie & Opsahl AS                          UTF/KUT for betongarbeid,

                                                                        tiltaksklasse 2.

                                                                      

3.         Med heimel i § 97 i plan- og bygningslova vert framlagte kontrollplanar og dei  kontrollansvarlege godkjent.

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Søknaden gjeld oppføring av fellesfjøs på gnr. 66, bnr. 9 på Skuset i Eidsdal; tiltakshavar Eidsdal Samdrift DA v/Jan Trygve Veiberg. Bygninga er planlagt oppført med mønetak og med utvendig kledning av steniplater (lys farge) med raud kledning i brøstet; bygninga er planlagt plass til 76 mjølkekyr, med eit eige område for 11 tørre kyr. Det er teikna inn 3 spedkalvboksar, 2 kalvebingar (0-3 mnd.), 2 kalvebingar (4-6 mnd.). Vidare 2 oksebingar med 14 og 15 liggebåsar i kvar. To kalvebingar med liggeplassar til 15 og 18 dyr. Det er teikna inn 3 sjukebingar.

Bygninga har eit areal på  1521 m2 BRA (ytre mål om lag 60 x 25 m).    

Saksopplysningar:

Ansvarleg søkjar for fjøsbygninga er Fjøssystemer A/S, 2634 Fåvang.

 

Byggeplanane har vore forlagt Mattilsynet; det ligg føre godkjenning av bygninga i brev av 09.02.07.

 

Merknaden (dat. 16.05.07) som nabo Jarle Skuseth hadde til nabovarselet vart trekkt attende i brev av 03.06.07.

Handsaming etter Jordlova har allereie vore i samband med frådelingssaka.

 

Avkøyrsla til området skal vere i samsvar med reguleringsplanen for riksvegen (Reg.plan Oppskredfonna-Berge).

Tomta ligg langs Nasjonal Turistveg noko som tilseier at vi bør ha eit ekstra fokus på plassering og utsjånad.

Saksvurdering og konklusjon:

 

Bygging av fellesfjøs av slik storleik er nytt i kommunen og vi har såleis ingen etablert praksis i handsaming av slike saker, men det er i alle høve naturleg med politisk handsaming av byggesaka.

Plasseringa av fjøsen relativt nær riksvegen (Rv 63) som har klassifisering Nasjonal Turistveg og i randsona for Verdsarvområdet (Geiranger-Herdal landskapsvernområde), kan ein uttrykke langt frå er idell av fleire grunnar, men det var her samdrifta fekk kjøpe naudsynt byggeareal osv.

Det ligg i saka sin natur at tiltaket si plassering vil føre til ein del trafikk i høve fortransport, transport av dyr til og frå beite osv.

Ein må forutsette at bygninga og området ikring har det ryddig og at uteområdet minst mogeleg vert nytta til lagring av landbruksreiskapar osv.

 

Det kan opplysast at tiltaket har fått midlar frå Innovasjon Norge, tilskot gjennom næringsfondet vårt og at Eidsdal Samdrift DA har fått konsesjon for kjøp av gnr. 66/9 (formannskapssak 016/07).

 

Aktørane i byggesaka som har søkt ansvarsrett synest å vere kvalifisert for arbeida.

 

Under noko tvil vil ein rå til at tiltaket får byggeløyve, men det må vere naturleg for utvalet å foreta synfaring på staden før det vert gjort vedtak i saka.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann