|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12 &18
Saksmappe: 07/00358-2
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 20.06.07 |
Dispensasjon frå
reguleringsplan Tafjord
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
25.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad dagsett 18.04.07 frå Tafjord Kraftproduksjon AS
Kartutsnitt som syner aktuell bygning
Ikkje utsendte
saksdokument:
Gjeldande reguleringsplan for Tafjord
I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen Tafjord slik at eksisterande bygning på gnr. 37, bnr. 12 i Tafjord kan nyttast til turistføremål i samsvar med søknad frå Tafjord Kraftproduksjon AS dagsett 18.04.07
I medhald av § 7 i Plan- og bygningslova vert det gjeve dispensasjon frå reguleringsplanen Tafjord slik at eksisterande bygning på gnr. 37, bnr. 12 i Tafjord kan nyttast til turistføremål i samsvar med søknad frå Tafjord Kraftproduksjon AS dagsett 18.04.07
Søknaden gjeld dispensasjon frå gjeldande reguleringsplan for Tafjord slik at eksisterande bygning, tidlegare nytta til innlosjering av arbeidarar, kan leigast ut til privat interessent og med formål å etablere eit overnattingstilbod for turistar.
Heile området rundt TK sin driftssentral er regulert til industriføremål og er fullt og heilt eigd av Tafjord Kraftproduksjon AS, gnr. 37, bnr. 12.
Ved dispensasjon frå reguleringsplan har ein ikkje endra reguleringsføremål, slik at til dømes dersom aktuell bygning skulle gå tapt, må det eventuelt gjevast ny dispensasjon frå planen dersom ein skal føre opp att bygning til anna enn reguleringsføremålet.
Det er ikkje gjeve noko nabovarsel i denne saka, då ein ikkje kan sjå at søknaden om dispensasjon har andre partar enn Tafjord Kraftproduksjon AS som grunneigar.
Ein kan ikkje sjå anna enn at ein dispensasjon frå reguleringsplanen i denne saka er kurant, og ein har såleis ingen spesielle merknader.
Ominnreiing av den eksisterande bygninga til turistføremål må gjerast i samsvar med gjeldande lover og føreskrifter, og utløyser truleg ei konkret byggesak etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|