NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    611

Saksmappe:          03/00627-8

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      27.06.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Oppsetting av midlertidig produksjonslokale i Djupøyna for Rempro  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

080/06

Formannskapet

04.07.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Tomtedelingsplan for Djupøyna, vedteke 27.05.03

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Formannskapssak 60/06

Referat om midlertidig løysing, dagsett 02.06.06

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Formannskapet stiller seg positive til at Rempro kan føre opp midlertidig hall med brakke på  Djupøyna industriområde i påvente av etablering av kommunalt industriutleigebygg, jfr. f-sak 60/60.  Det vert å kome attende til plassering og andre vilkår når ein har fått eit meir samla oversyn over utnytting av området til hausten med eventuell justering av tomtedelingsplanen. 

2.      Etter at kommunalt næringsbygg er kome på plass, skal hallen og brakkene fjernast.

 

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Formannskapet  04.07.06:

Ordføraren sette fram slikt forslag:

Pkt. 2 i innstillinga vert stroke

I pkt. 1 vert ”til hausten” stroke

  

Røysting:--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Formannskapet - 04.07.06:

  1. Formannskapet stiller seg positive til at Rempro kan føre opp midlertidig hall med brakke på  Djupøyna industriområde i påvente av etablering av kommunalt industriutleigebygg, jfr. f-sak 60/60.  Det vert å kome attende til plassering og andre vilkår når ein har fått eit meir samla oversyn over utnytting av området med eventuell justering av tomtedelingsplanen. 

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Det vert vist til handsaming i f-sak 60/06 om tilrettelegging av industribygg i Djupøyna.  Saka hadde bakgrunn i brev frå Rempro som vil vere aktuell leigetakar.

Det har so vore møte om midlertidig løysing der tre alternativ var framme med Valldal trevarefabrikk, hall i Djupøyna elller lokale i nabokommunane.

Det er alt.2 som er blitt aktuelt, og Rempro har vendt seg til kommunen og bedt om å få sette opp ein hall og to brakker som midlertidig produksjonlokale i påvente av endeleg bygg.  Dette skal vere på kommunalt areal i Djupøyna.

 

Saksopplysningar:

Storleik på oppført hall vil vere 12 x 30 m pluss to brakker, i alt 410 m2.  Det blir støypt ei plate som underlag.  Hallen blir midlertidig for Rempro sin bruk, men Rempro vil tilby denne til andre seinare.  Oppføring vil vere aktuelt i september.

Saksvurdering og konklusjon:

Ei plassering må ikkje vere til hinder for oppføring av permanente bygg.  Nett no er det fleire etableringar som kan synast aktuelle, men som enno ikkje er heilt klare.  Dette bør ein kunne få betre oversyn over i løpet av eit par månader, og det vil vere naudsynt med ein samla plan for utnytting av området ut frå kva som då vil vere kjent.  Det vil vere grunnlaget for å godkjenne ei plassering då, men det vil vanskeleggjere framtidig utnytting å bestemme plassering no.

Etter at Rempro har flytta ut, må hallen fjernast slik at det blir ingen vidare bruk.  Ein hall er ikkje i samsvar med reguleringsføresegnene der ein har vektlagt utsjånaden til industribygga.  Også midlertidig plassering vil krevje dispensasjon.

Rempro har prekære plassbehov, og ser dette som ei løysing på kort sikt.  Så langt har ein sett på nordaustre hjørne på området, eller i alle høve den ytste delen, som mest aktuelt, men denne vurdering kan endre seg.  Ein vil tilrå at det vert sett positivt på det som er tatt opp.

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann