|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: X20
Saksmappe: 07/00375-3
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 19.06.07 |
Nye vedtekter -
beredskapsplan mot akutt forureining på Sunnmøre
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.06.07 |
|
|
047/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Brev dagsett 15.05.07 frå Sunnmøre IUA
Vedtekter til Sunnmøre IUA vedteke på årsmøtet 2007
Ikkje utsendte
saksdokument:
Gjeldande samarbeidsavtale IUA-Sunnmøre, vedteken i 1997
Delplan for Norddal kommune vedteken 22.03.04
Sak 099/06 i Driftsutvalet
Norddal kommune har for sin del ikkje merknader til og vedtek dei nye vedtektene, administrativ del, for interkommunalt utval mot akutt forureining på Sunnmøre (IUAS) slik dei ligg føre dagsett 23.04.07 frå styret i IUA Sunnmøre.
Norddal kommune har for sin del ikkje merknader til og vedtek dei nye vedtektene, administrativ del, for interkommunalt utval mot akutt forureining på Sunnmøre (IUAS) slik dei ligg føre dagsett 23.04.07 frå styret i IUA Sunnmøre.
Norddal kommune har for sin del ikkje merknader til og vedtek dei nye vedtektene, administrativ del, for interkommunalt utval mot akutt forureining på Sunnmøre (IUAS) slik dei ligg føre dagsett 23.04.07 frå styret i IUA Sunnmøre.
Forslaget til nye vedtekter for Sunnmøre interkommunale utval mot akutt forurensing (IUAS) – administrativ del- er vedteken av styret i IUAS etter at alle kommuane m.v. har hatt saka til høyring; jfr. vedlegg i saka.
For Norddal sin del gjorde Driftsutvalet i møte 04.12.06 i sak 099/06 slikt samrøystes vedtak:
Norddal kommune viser til motteke høyringsutkast til nye vedtekter for interkommunalt utval for akutt forureining på Sunnmøre (IUAS) i brev dagsett 20.10.06 og har følgjande uttale:
Norddal kommune sluttar seg til prinsippa som er lagt i forslag til nye vedtekter for IUA Sunnmøre kapittel 1-7 med slik merknad:
Første setning i andre avsnitt i kap. 5, pkt. 5.1 må strykast slik at pkt. 5.1 får denne ordlyden:
Årlige driftsmidler og
nødvendige investeringar sikres gjennom en avgift fra kommunene utregnet etter
folketalet pr. 01.01. i driftsåret. Representantskapet vedtar størrelsen av
avgiften.
Årsavgiften medregnet det faste beløpet betales innen 30.06. i driftsåret.
Gjeldande beredskapsplan mot akutt forureining for IUA-Sunnmøre, administrativ- og operativ del, vart for Norddal sin del vedtek av kommunestyret den 11. mars 1997. Dette interkommunale sam-arbeidet femner om alle kommunane på Sunnmøre.
Vår delplan, Kommunal beredskapsorganisasjon mot akutt forureining, vart vedteken av Driftsutvalet den 22. mars 2004. Denne delplanen tek føre seg detaljar omkring varsling, aksjonering, øvingar, vedlikehald av materiell, mannskap, utstyr på kommunalt depot, maritime resursar i kommunen m.v.
Dette interkommunale samarbeidet om akutt forurensing på Sunnmøre (IUAS) er meint å vere eit beredskapsfellesskap oppretta i medhald av Kommunelova (kap. 5, § 27). IUAS vil ikkje juridisk vere eit eige rettsobjekt (kommunelova § 27.4).
Kommunen har allereie signalisert gjennom vedtak i sak 099/06 i Driftsutvalet at den er positiv til forslaget om nye vedtekter for Sunnmøre IUAS; jfr. vedtaket i saka.
Skilnaden på eksisterande samarbeid og forslaget til ny administrativ del som her ligg føre er i hovudsak:
-brannsjefen i vertskommunen (Ålesund) er fast styreleiar og dagleg leiar
-havnefogden i vertskommunen er fast vara for brannsjefen i vertskommunen
Som før vert samarbeidskommunane leia av eit styre (representantskap) som vert valt av samarbeidskommunane med ein representant for kvar kommune.
Representskapet peikar ut eit beredskapsstyre som har 8 representantar; desse vert utpeikt/valt slik:
Dei 16 kommunane er delt i 4 valgrupper; Norddal er i valgruppe III saman med kommunane Ørskog, Stranda og Stordal.
At brannsjefen i Ålesund som juridisk person er fast leiar for det interkommunale utvalet, er ein klar styrke i høve organisering og rask start av eventuelle IUA-aksjonar mot akutt forureining.
I høve framdrifta i saka er det meininga at dei nye vedtektene skal vere gjeldande frå 01.01.2008.
Når det gjeld vår vedtekne Delplan mot akutt forureining frå mars 2004, kan det vere aktuelt med ei mindre justering i samsvar med dei nye vedtektene (vedtakast av Driftsutvalet), men hovudelementa i planen treng ikkje endring.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|