|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 63/4
Saksmappe: 06/00876-2
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 22.01.2007 |
Søknad frå Leiduf Årset om
forlenga fritak frå buplikta for gnr. 63 bnr. 4
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.01.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad av 03.12.2006 frå Leidulf Årset
Møtebok i ØPN sak 190/01
Kart over området
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune gir Leidulf Årset fritak frå buplikta i 5 år fram til 31.12.2011. Det kan ikkje reknast med vidare fritak utover denne datoen.
Handsaming i Formannskapet 29.01.2007:
Signe Brenna, Nl kom med slikt tilleggsforslag:
Det er eit vilkår at jorda perioden vert driven forsvarleg gjennom bortleige, og at bygningane på bruket vert haldne i god stand.
Prøverøysting for
eller i mot fritak:
3 røysta for fritak
4 røysta i mot fritak
Ordføraren kom med forslag om fritak i 3 år i staden for 5 år.
Det vart røysta over
ordføraren sitt endringsforslag:
2 røysta for innstillinga
5 røysta for ordføraren sitt forslag
Det vart røysta over
Signe Brenna sitt tilleggsforslag:
Samrøystes i samsvar med Signe Brenna sitt forslag.
1. Norddal kommune gir Leidulf Årset fritak frå buplikta i 3 år fram til 31.12.2011. Det kan ikkje reknast med vidare fritak utover denne datoen.
2. Det er eit vilkår at jorda perioden vert driven forsvarleg gjennom bortleige, og at bygningane på bruket vert haldne i god stand.
Leidulf Årset har tidlegare fått utsetting i 5 år med buplikta fram til 31.12.2006. Det vert no søkt om utsetting med buplikta i ytterlegare 5 år.
Det vart opprinneleg søkt om varig fritak frå buplikta i brev registrert den 03.10.2001. Utval for ØPN ga tidsavgrensa fritak frå bu- og driveplikta i 2 år fram til 31.12.2003. Vedtaket vart påklaga og utval for ØPN ga fritak frå bu- og driveplikta fram til 31.12.2006. I brev av 03.12.2006 vert det no søkt om ytterlegare forlenging av buplikta fram til 31.12.2011.
Bruket har eit jordbruksareal på ca 65 daa og ca 215 daa utmark. Jordbruksarealet er i dag bortleigd til naboane på Årset. Dei er interesserte i vidare leige. Driftsbygninga vart sterk skada under orkanen og er no nedreva.
I søknaden kjem det fram fleire viktige argument for vidare utsetting med buplikta. Familien føler seg sterk knytt til bruket og ynskjer å busette seg der i framtida. Spesielt vil den yngste sonen vurdere tilflytting etter at han har avslutta skulegang. Søkjaren opplyser at han om 5 år er 62 år, og at det da kan vere aktuelt med drift av bruket.
Praktiseringa av bu- og driveplikt har vore eit sentralt tema dei siste åra. Skal ein ha ei streng praktisering, eller skal ein opne for meir fleksible løysingar ? Næringssjefen meiner at ei streng praktisering av buplikta er uheldig dersom ein samstundes skal få fram bulyst og kreative løysingar for busetting. Driveplikta er no mindre personleg enn tidlegare da bortleige av jordbruksarealet i 10 år til andre bruk er tilstrekkeleg for at driveplikta skal vere oppfylt.
I denne saka er familien sterkt knytt til bruket, og dei er i ein slik fase i familien at dei treng meir omrømingstid. Samstundes tek dei seg av bygningane på ein god måte og sørger for bortleige av jordbruksarealet.
I løpet av dei neste 5 åra vil det vere rimeleg at familien kjem fram til ei løysing med fast busetting.
Det er difor viktig å signalisere at det ikkje vert gjeve vidare fritak med buplikta etter 31.12.2011.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|