NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    NF-MUS

Saksmappe:          02/00345-61

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      18.06.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Aksjeutviding Galerie Tafjord  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

084/07

Formannskapet

25.06.07

043/07

Kommunestyret

28.06.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Styrets orientering om virksomheten i beretningsåret

2

Redegjørelse i forbindelse med forhøyelse av aksjekapital i Galerie Tafjord AS ved konvertering av gjeld

3

Styrets forslag om aksjekapitalutvidelse og styrets forslag om vedtektsendringer

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

  1. Kommunestyret godkjenner auke i aksjekapitalen i Galerie Tafjord AS med kr.50.000 for kommunen sin del. Betaling skjer ved motrekning av fordring som Norddal kommune har på Galerie Tafjord AS.
  2. Kommunestyret stiller i utsikt ein auke i aksjekapitalen med 1 mill. kr., frå 4 mill. til 5 mill. under føresetnad av realisering av prosjektet, og under føresetnad av tilsvarande auke i innbetalinga av aksjekapital frå dei andre deltakarane i prosjektet.
  3. Arbeidet for etablering av eit skredsenter i Tafjord vert å integrere i arbeidet med realiseringa av Galerie Tafjord.

 

 


Handsaming i Formannskapet  25.06.2007:

Ordføraren og Svein Linge gjekk frå som ugilde – no 5 representantar.

 

Signe Brenna kom med slikt forslag til vedtak:

1.                  Kommunestyret ønskjer at Norddal kommune avslutter sitt økonomiske engasjement i Galerie Tafjord,

2.                  Kommunen vil vere medspelar og tilretteleggar for private investorar som ynskjer å realisere dette prosjektet.

 

Merete Løvoll Rønneberg kom med slikt forslag til vedtak:

1.                  Som innstillinga.

2.                  Som innstillinga.

3.                  Som innstillinga

4.                  Norddal kommunestyre vil tas endeleg avgjersle på kommunen sin vidare medverknad i prosjektet når ein får fram endeleg prosjektplan der totalkonseptet for sjølve attraksjonen kjem klart fram, og likeeins plan/avtalar om finansiering av investeringar og drift. Norddal kommunestyre vil be om framlagt sak på dette innan utgangen av 2007.

5.                  Norddal kommunestyre legg til grunn at ein får driftssida til å gå i balanse, og vil signalisere at ei eventuell driftsstøtte frå kommunen si side vil vere sterkt avgrensa.

 

Det vart først røysta over Signe Brenna sitt forslag mot innstillinga:

1 røysta for Signe Brenna sitt forslag som fall

4 røysta for innstillinga

 

Det vart røysta over Merete Løvoll Rønneberg sine forslag til nye tilleggspunkt:

Pkt. 4:

3 røysta for forslaget

2 røysta i mot

 

Pkt. 5:

3 røysta for forslaget

2 røysta i mot

 

  1.  
  2.  

Innstilling i  Formannskapet - 25.06.2007:

1.                  Kommunestyret godkjenner auke i aksjekapitalen i Galerie Tafjord AS med kr.50.000 for kommunen sin del. Betaling skjer ved motrekning av fordring som Norddal kommune har på Galerie Tafjord AS.

2.                  Kommunestyret stiller i utsikt ein auke i aksjekapitalen med 1 mill. kr., frå 4 mill. til 5 mill. under føresetnad av realisering av prosjektet, og under føresetnad av tilsvarande auke i innbetalinga av aksjekapital frå dei andre deltakarane i prosjektet.

3.                  Arbeidet for etablering av eit skredsenter i Tafjord vert å integrere i arbeidet med realiseringa av Galerie Tafjord.

4.                  Norddal kommunestyre vil tas endeleg avgjersle på kommunen sin vidare medverknad i prosjektet når ein får fram endeleg prosjektplan der totalkonseptet for sjølve attraksjonen kjem klart fram, og likeeins plan/avtalar om finansiering av investeringar og drift. Norddal kommunestyre vil be om framlagt sak på dette innan utgangen av 2007.

5.                  Norddal kommunestyre legg til grunn at ein får driftssida til å gå i balanse, og vil signalisere at ei eventuell driftsstøtte frå kommunen si side vil vere sterkt avgrensa.

 

 

 


Handsaming i Kommunestyret  28.06.2007:

Magne Skudal orienterte i saka.

 

Ordføraren og Svein Linge gjekk frå som ugilde – Jon Kåre Løvoll møtte i ordføraren sin stad – no 18 representantar.

 

Solveig Linge Stakkestad vart vald som settevaraordførar.

 

Røysting:

Innstillinga vart vedtatt mot 3 røyster.

 

 

 

 


Vedtak i  Kommunestyret - 28.06.2007:

  1. Kommunestyret godkjenner auke i aksjekapitalen i Galerie Tafjord AS med kr.50.000 for kommunen sin del. Betaling skjer ved motrekning av fordring som Norddal kommune har på Galerie Tafjord AS.
  2. Kommunestyret stiller i utsikt ein auke i aksjekapitalen med 1 mill. kr., frå 4 mill. til 5 mill. under føresetnad av realisering av prosjektet, og under føresetnad av tilsvarande auke i innbetalinga av aksjekapital frå dei andre deltakarane i prosjektet.
  3. Arbeidet for etablering av eit skredsenter i Tafjord vert å integrere i arbeidet med realiseringa av Galerie Tafjord.
  4. Norddal kommunestyre vil tas endeleg avgjersle på kommunen sin vidare medverknad i prosjektet når ein får fram endeleg prosjektplan der totalkonseptet for sjølve attraksjonen kjem klart fram, og likeeins plan/avtalar om finansiering av investeringar og drift. Norddal kommunestyre vil be om framlagt sak på dette innan utgangen av 2007.
  5. Norddal kommunestyre legg til grunn at ein får driftssida til å gå i balanse, og vil signalisere at ei eventuell driftsstøtte frå kommunen si side vil vere sterkt avgrensa.

 

 

 

Saksgrunnlag:

På generalforsamlinga i Galerie Tafjord AS 14. juni i år, vart det gjort vedtak om utviding av aksjekapitalen i selskapet med kr.600.000,-, frå kr.800.000,- til kr.1.400.000,-.

 

Saksopplysningar:

Det vert vist til munnleg orientering som vart gitt kommunestyret i desembermøtet og ny orientering for formannskapet i møte 6. juni. Som vedlegg følgjer også styret si orientering til generalforsamlinga om verksemda i siste året (01.07.06-01.06.07). Av desse orienteringane går det fram at konseptet er vesentleg endra ved at hotellplanane no er tatt ut, medan ”kraft og katastrofe” er sterkare lagt vekt på. Kunstaspektet, med hovudvekt på presentasjon av Marianne Heskes kunst, er likevel framleis eit overbyggjande element i prosjektet.

Det går også fram av orienteringane at Møre og Romsdal fylke er gått inn som investor med kr.500.000,- i aksjekapital, formalisert gjennom vedtak i generalforsamlinga. Knytt til denne aksjeutvidinga, er det ønskjeleg at Tafjord Kraft AS og Norddal kommune gjer om sine fordringar (lån) til Galerie Tafjord AS på kvar kr.50.000,- til aksjekapital. (Sjå vedlegg i saka.) Det skal i tillegg reknast ein overkurs på kr.6,- pr. aksje.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Den grundige gjennomarbeidinga som er gjort av prosjektet etter at det vart klart at hotellplanane måtte trekkjast ut, har gitt eit godt grunnlag for vidare arbeid opp mot realisering av dette. Innhald og presentasjonsform er endå betre klarlagt, og arkitektfirmaet Snøhetta arbeider no vidare med tilpassing av bygninga til dei noko endra føresetnadene, men sjølvsagt slik at det unike og spektakulære i plasseringa ved Zakariasdammen vert tatt i vare.

Det som også er blitt klart gjennom denne bearbeidinga, er at arbeidet med skredsenteret i Tafjord må integrerast i det vidare arbeidet med Galerie Tafjord. Interimsstyret for skredsenteret har ”halde att” i sitt arbeid, og vore med i work-shop som vart halde i Galerie Tafjord. Gjennom dette, og den bearbeidinga av prosjektet som har skjedd, er det rådmannen si oppfatning at realisering av eit skredsenter må skje som ein integrert del av Galerie Tafjord.

Ved det sterke presset ein finn i byggjemarknaden og ved dei kostnadsvurderingane som er gjort, er styret for Galerie Tafjord kome til at kan vere behov for å auke aksjekapitalen, og det er ønskjeleg at Norddal kommune gir positive signal om dette. Rådmannen ser det som viktig i den fasen prosjektet er no, ikkje minst i høve eksterne medaktørar, at Norddal kommune syner vilje til vidare medverknad, også gjennom evt. auke i aksjekapitalen.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann