NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    142

Saksmappe:          06/00689-45

Sakshandsamar:   Stig Holmstrøm

Dato:                      18.06.07

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Planprogram for arealdelen av kommuneplanen  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

036/07

Det faste utvalet for plansaker

25.06.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Planprogram kommuneplan, arealdelen

Møre og Romsdal fylke, brev av 29.03.07

Statens Vegvesen, brev av 19.03.07

Norges Vassdrags- og energidirektorat, brev av 08.02.07

Øvre Valldal Utvikling BA, brev av 26.03.07

Valldal Golfklubb, brev av 31.05.05 og 08.06.05

Bergvesenet, brev av 26.04.07

Naturvernforbundet, brev av 05.06.07

 

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 


Rådmannen si innstilling:

I samsvar med §6 i Forskrift om konsekvensutgreiinga, vedtek Det faste utvalet for plansaker revidert framlegg til Planprogram kommuneplan, arealdelen, dagsett 07.06.07.

 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  25.06.07:

Forslag frå Signe Brenna:

Tilføying i pkt. 6 i: ”produksjonsareal”

 

Det vart røysta over forslaget frå Signe Brenna som fall med 3 mot 4 røyster

 

 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 25.06.07:

I samsvar med §6 i Forskrift om konsekvensutgreiinga, vedtek Det faste utvalet for plansaker revidert framlegg til Planprogram kommuneplan, arealdelen, dagsett 07.06.07.

 

 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Til kommuneplanar, kommunedelplanar og større reguleringsplanar skal det utarbeidast eit planprogram, som skildrar korleis planarbeidet skal gjennomførast. Reglane for utarbeiding av planprogram er fastsett i Forskrift om konsekvensutgreiing kap. III §§ 5-12.

 

Kommunestyret i Norddal vedtok i sak 58/06 i møte 18.10.06 at det faste utvalet for plansaker skal stå for utarbeiding, utlegging til offentleg ettersyn og vedtak av planprogram i samband med rulleringa av arealdelen til kommuneplanen 2007-2018.

 

I sak 66/06 vedtok planutvalet å legge eit forslag til planprogram ut til offentleg ettersyn i 6 veker.

 

Saksopplysningar:

Forslag til planprogrammet har lagt ute til offentleg ettersyn, og det er halde oppstartmøte.

 

Mange av merknadane som har kome inn gjeld sjølve arealbruken i kommuneplanen, og ikkje innhaldet i planprogrammet. Merknadane som gjeld arealbruken vil bli referert og behandla når forslag til plan blir lagt fram. No i første omgang blir merknadane som gjeld innhaldet i planprogrammet referert og vurdert.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Føgjande innspel har kome på innhaldet i planprogrammet:

 

Møre og Romsdal fylke, brev av 29.03.2007:

Vurdering: Desse punkta er vurdert å vere tilfredsstillande oversiktlege. Under punkt 6 – ”Utfordingar for Norddal kommune” og punkt 7 – ”Naudsynte utgreiingar” er programmet gjort meir utfyllande. Framdriftsplanen er sett opp så oversiktleg og detaljert som det er vurdert å vere realistisk på dette tidspunktet.

 

Vurdering: Temaet ”Kulturminne og kulturmiljø” er tatt med eom eige punkt i planprogrammet. Det er lagt til grunn at kjende automatisk freda kulturminne og vedtaksfreda kulturminne skal visast på plankartet.

 

Vurdering: Merknaden blir tatt til vitande.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet  under punkt 6k.

 

Vurdering: Barn og unge er tatt inn som eige tema i planprogrammet.

 

Vurdering: Universell utforming er tatt inn som eige tema i planprogrammet.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

Vurdering: Beiteareal i kommunen skal registrerast og klassifiserast, sjå punkt 7b i planprogrammet. I den samanhengen skal det vurderast å definere kjerneområde for landbruk.

 

Vurdering: Punktet om viltkart er tatt ut av dei naudsynte utgreiingane.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

 

Statens vegvesen, brev av 19.03.2007:

Vurdering: Desse forholda skal fangast opp i punkta som gjeld barn og unge, utvikling av kommunesenteret, bustadområde i bygdene, risiko og sårbarheit og god helse.

 

 

Noregs vassdrags- og energidirektorat, brev av 08.02.2007:

Vurdering: Dette er tatt inn i planprogrammet.

 

 

Øvre Valldal Utvikling BA, brev datert 26.03.2007:

Peikar på to problemstillingar som går på arealbruk, men som også bør drøftast i forhold til planprogrammet: 

Vurdering: Kommunen ser behovet for ein delplan for vassdraga, men har ikkje kapasitet til å gjennomføre dette arbeidet no.

 

Vurdering: Det er ikkje vurdert behov for ein overordna gjennomgang av avfallshandteringa i kommunen, og dette blir derfor ikkje tatt inn i planprogrammet. Ut frå konkrete innspel om lokalisering kan det likevel vere aktuelt å sette av areal til dette formålet i arealplanen.

 

Valldal Golfklubb, brev datert 31.05.2005 og 08.06.2005

Vurdering: Areal til golfbane vil bli vurdert. Dette er tatt inn i planprogrammet under punkt 6c.

 

 

Bergvesenet, brev datert 26.04.2007:

Vurdering: Kommunen ser at det ville vere positivt med ei vurdering av dei mineralske ressursane i samband med kommuneplanarbeidet, men har ikkje kapasitet til å gjennomføre dette arbeidet no.

 

 

Naturvernforbundet, brev datert 05.06.2007:

Vurdering: Kommunen ser behovet for ein delplan for vassdraga, men har ikkje kapasitet til å gjennomføre dette arbeidet no.

 

Vurdering: Naturområde i kommunen vil bli vurdert som ein del av arbeidet med kommuneplanen, mellom anna på grunnlag av utarbeidde rapportar. Dette er tatt inn i planprogrammet sitt punkt 6f.

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann