|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 20/4/1
Saksmappe: 06/00751-4
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 22.01.2007 |
Disp. frå kommuneplan,
arealdel - Deling av eigedom gnr. 20, bnr. 4 Jon Bjørn Grønning
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
29.01.07 |
Utsendte saksdokument:
Brev/søknad dat. 31.10.06 frå Jon Bjørn Grønning
Ikkje utsendte
saksdokument:
Søknad (skjema) dagsett 31.10.06
Gjenpart av nabovarsel (29.10.06)
Gjeldande kommuneplan, arealdelen
Notat frå næringssjef Klokkehaug av 16.01.07
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at parsell med påståande hytte på gnr. 20, bnr. 4 på Myren i Valldal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 31.10.06.
Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at parsell med påståande hytte på gnr. 20, bnr. 4 på Myren i Valldal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett 31.10.06.
Søknaden av 31.10.06 gjeld løyve til å dele frå eksisterande festetomt (festenr. 1) med påståande fritidshus på gnr. 20, bnr. 4 på Myren i Valldal. Arealet det er søkt om er frå riksvegen til elva med eit areal totalt på om lag 3,1 daa; jfr. kartvedlegg.
I gjeldande kommuneplan arealdelen er det aktuelle området ”med ei stripe nord for riksvegen” avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate, medan det resterande er LNF-område.
I høve arealdelen i gjeldande kommuneplan er føremål fritidshus i strid mot denne; såleis må det ligge føre dispensasjon frå planen før frådeling kan godkjennast.
For den landbruksfaglege delen av saka har næringssjefen har hatt den til uttale; uttale dagsett 16.01.07:
Parsellen som skal
delast frå har ei påståande hytte, og det er ynskjeleg å dele frå eit areal på
på ca 3, 1 daa. Grunnen til at arealet er så stort, er at arealet mellom hytta
og elva ikkje kan nyttast til landbruksføremål på grunn av flaum. Dette utgjer
ca halvparten av parsellen.
Sidan hytta alt er
komen i området, ser næringssjefen inga grunn til å vere negativ til deling.
Slik eg ser det, er dette området ikkje egna til vidare hyttebygging.
Grunnlaget for saka om å dele frå eksisterande festetomt med tilleggsareal er at arealbruken ikkje vil vere i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen.
Det ligg føre i saka uttale frå næringssjefen i høve det landbruksfaglege.
På nabovarsel føreligg det ikkje merknader.
Eit eksisterande fritidshus som dette er kurant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til etter ei samla vurdering at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i denne saka.
Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|