|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L83
Saksmappe: 04/00106-19
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 15.06.07 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
25.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Kopi av reguleringsplankart, M=1:1000
Ikkje utsendte
saksdokument:
Purring på saka i brev dat. 14.08.06
Mail av 03.12.06 med etterlysning av saka
Ny purring i saka, brev dagsett 02.02.07
Formannskapssak 076/06, møte 04.07.06
Situasjonsplan frå søknad om bygging på tomt 2
Formannskapet har vurdert på nytt ulike utnyttingar av dei tomtene i Ekrå bustadfelt som ikkje er bebygde (tomtene nr. 1 og nr. 3).
Tomtene er regulert til bustadområde, og ein vil halde på reguleringsplanen slik den er.
Ekaas/Foss får kjøpe tomt nr. 1 i Ekrå bustadfelt på følgjande vilkår:
1. Kjøpesummen i samsvar med den generelle tomteprisen i kommunale bustadfelt (kr 80 pr. m2).
2. Det kan aksepterast at det inntil vidare ikkje vert bygt på tomta.
3. Dersom det skulle kome andre interessentar i tomta får eigar ein to års frist for å bygge bustadhus der i samsvar med reguleringsplanen.
4. Ved oversitting av byggefristen på to år, pliktar eigar å selje attende tomten til kommunen til kostpris.
Handsaming i Formannskapet 25.06.2007:
Ordføraren kom med slikt forslag:
1. Norddal kommune vil ikkje ta stilling til sal av tilleggsareal no.
2. Norddal kommune vil vurdere arealbruken i området i samband med rulleringa av arealplanen i 2007-2008.
Røysting:
6 røysta for ordføraren sitt forslag
1 røysta for innstillinga.
1. Norddal kommune vil ikkje ta stilling til sal av tilleggsareal no.
2. Norddal kommune vil vurdere arealbruken i området i samband med rulleringa av arealplanen i 2007-2008.
På møte i formannskapet den 04.07.06 i sak 076/06 vart det gjort slikt vedtak:
Formannskapet ber
rådmannen leggje fram sak på ei justering av reguleringsplanen som inneber ei
betre arrondering av arealet innanfor feltet.
Det ligg føre fleire purringa i saka frå søkjarane jfr. ikkje utsendte vedlegg.
Rådmannen har bede sakshandsamar om at saka vart sett på sakskartet att.
Administrasjonen med plansjef Klempe som sakshandsamar la fram ei grundig gjennomarbeidd sak for formannskapet i møtet den 04.07.06 (sak 076/06) i høve vurdering av bruk av tomtene på Ekrå bustadfelt.
Som sakshandsamar finn ein ikkje at det er tilkome nye moment i saka og kva vedtaket i f-sak 076/06 inneber konkret har ein vanskar med å sjå og finn det naturleg å ta inn delar av saksførebuinga i saka.
Saka gjeld kva for utnyttingar ein kan gjere av areala. Utgangspunktet vil vere det som er status i dag som er byggeområde for bustader. Vi har røkja etter om tomt 1 og 3 gjer det mogleg å føre opp bygg etter reguleringsplanen og om det stettar lovlege krav for bustader. Konklusjonen er at eit bygg på tomt 1 med grunnflate 8 x 15 m (120 m2) vil ha ein avstand på 10 meter til midt fylkesveg som er fastsett byggegrense, og 3 meter til vegkant på opparbeidd tilkomstveg til tomt 2. Ein må og ha som føresetnad at denne vegen kan nyttast i felleskap av dei to tomtene. Heile tomt 1 er vel 900 m2 og gir
tilstrekkeleg grunnlag for å halde utnyttingsgraden. For tomt 2 er tilhøva uendra. Tomtene vil stette vanlege lovkrav.
a. Bustader
Ut i frå fakta og vurderingar nemnt ovanfor er tomt 1 og tomt 3 framleis byggeklare tomter for bustadhus. At det er ikkje har vore etterspurnad er til liks med andre tomtefelt i bygda, men ein må ha eit tilbod den dagen einkvan spør etter tomt. Ved sida av desse 3 er det 4 byggeklare tomter i Ekrebakkane og 1 i sentrum. Det er ein brukbar reserve. I kommuneplanen er Dalhusbakken og lagt ut til bustadområde.
b. Fritidsbustader
Det har vore eit prinsipp å ikkje legge hytteområde sentralt i bygdene jfr. Dalhusbakken. Er ei tomt bebyggbar for hytte, vil den vanlegvis også vere det for bustadhus, sjølv om det gjeld nokre krav for bustadhus som ikkje gjeld for hytte.
c.
Tillegg til tomt 2
Dette har vore vurdert før, og ein finn dette ikkje aktuelt.
d. Bruk til friområde
Areala kan ligge som stelt friområde/leikeplass, men er ikkje utan vidare eigna.
e. Landbruk
Tilbakeføring til jordbruksproduksjon. Areala ligg i dag som små bøter, og det er neppe aktuelt.
Administrasjonen kan framleis ikkje sjå at det finst gode argument for at tomt nr. 1 på Ekrå bustadfelt skal kunne seljast som tilleggsareal for tomt nr. 2.
Søkjarane kan kjøpe tomt nr. 2 på vanlege vilkår med den hensikt at det skal byggast bustadhus på tomta. Så lenge det ikkje er noko press på desse to bustadtomtene (nr. 1 og nr. 3) av husbyggarar, kan det aksepterast at det ikkje vert bygt på tomten. Men dersom det skulle kome eit søknad om å bygge bustadhus på tomten (tomt 2), får eigar ein 2 års frist for å bygge hus på tomta i samsvar med reguleringsplanen, dersom ikkje skal tomten selgast attende til kommunen for kostpris og då utan tillegg for renter, prisstigning, påkostningar m.v.
Grunnsynet i saka er såleis uendra, det vil seie at når tomtene i Ekrå bustadfelt framleis er bebyggbare for bustadhus, bør reguleringsplanen stå ved lag, og tomtene ligge som ein sentrumsnær reserve.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|