|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 66/9
Saksmappe: 06/00824-3
Sakshandsamar: Toralv Klokkehaug Dato: 22.01.2007 |
Søknad om konsesjon frå
Eidsdal Samdrift DA om kjøp av gnr. 66 bnr. 9
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
29.01.07 |
Utsendte saksdokument:
Søknad om konsesjon av 04.12.2006.
Kjøpekontrakt
Kart over området
Ikkje utsendte
saksdokument:
Norddal kommune gir Eidsdal Samdrift DA konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 9 for ein sum på kr 70.000,-.
Norddal kommune gir Eidsdal Samdrift DA konsesjon for kjøp av gnr. 66 bnr. 9 for ein sum på kr 70.000,-.
Konsesjonen gjeld kjøp av areal for oppsetting av fellesfjøs til mjøleproduksjon og kjøtproduksjon i Eidsdal.
Mellom Mindor Øygard og Eidsdal Samdrift DA er det inngått kjøpekontrakt for gnr. 66 bnr. 9.
Eidsdal Samdrift DA har 4 medlemar. Eigedomen ligg på sørsida av riksvegen mellom bensinstasjonen og vegstasjonen og omfattar eit areal på ca 16 daa der ca 4,5 daa er overflatedyrka mark og resten er udyrka. Parsellen skal nyttast til oppsetting av fellesfjøs til mjølkeproduksjon og kjøtproduksjon. Kjøpesummen er kr 70.000,-.
Næringssjefen ser positivt på etablering av samdrift i området. Dette vil vere positivt for fagmiljøet og sikre vidare drift og rekruttering på fleire bruk i området. Eit anna viktig moment er at vidare drift vil vere med på å halde kulturlandskapet i god stand. Det er ikkje merknader til bruken av arealet eller til kjøpesummen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|