|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: F80
Saksmappe: 07/00437-2
Sakshandsamar: Wenke Sylju Dato: 14.06.2007 |
Interkommunal avtale mellom
kommunane på Sunnmøre og Sunnmøre krisesenter - endring/oppdatering
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.06.07 |
|
|
045/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
1.Brev frå Ålesund kommune til alle samarbeidskommunane dgs. 08.03.07
3. Retningslinjer for statstilskudd til krisesentrene i 2007, brev frå barne – og likestillingsdepartementet, dgs. 05.02.07
4. Departementet sitt rundskriv om retningsliner for statstilskott
5. Framlegg til ny avtale mellom kommunane og Sunnmøre Krisesenter
6. Nye vedtekter for Sunnmøre Krisesenter, vedteke 27.02.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Kommunestyret gjer vedtak om å godkjenne avtalen mellom samarbeidskommunane og Sunnmøre Krisesenter slik den ligg føre. (Vedlegg nr. 5)
Det er ein føresetnad at vedtektene for Sunnmøre Krisesenter vert endra i samsvar med ny avtale.
Kommunestyret gjer vedtak om å godkjenne avtalen mellom samarbeidskommunane og Sunnmøre Krisesenter slik den ligg føre. (Vedlegg nr. 5)
Det er ein føresetnad at vedtektene for Sunnmøre Krisesenter vert endra i samsvar med ny avtale.
Kommunestyret gjer vedtak om å godkjenne avtalen mellom samarbeidskommunane og Sunnmøre Krisesenter slik den ligg føre. (Vedlegg nr. 5)
Det er ein føresetnad at vedtektene for Sunnmøre Krisesenter vert endra i samsvar med ny avtale.
Brev frå Ålesund kommune dgs. 08.03.07 vedk. interkommunal avtale mellom kommunane på Sunnmøre og Sunnmøre Krisesenter – endring/oppdatering.
Sunnmøre Krisesenter er organisert som ei forening med eigne vedtekter og eige styre.
Alle inntekter kjem frå statlege tilskott samt tilskott frå samarbeidskommunar. Tilskottet frå den einskilde kommune er rekna ut etter folketalet. (For Norddal sin del er tilskottet på om lag 10.000.- kr pr./år.) Staten har gjort ei endring i finansieringsordningane slik at økonomien til det einskilde senter vil bli betre og meir stabil. Statlege bidrag er avhengig av at kommunane yter sitt.
Samarbeidskommunane er organisert gjennom ei styringsgruppe med ein representant frå kvar kommune. Samarbeidsavtala mellom kommunane og Sunnmøre Krisesenter er frå 1988 og treng ein revisjon.
Den nye avtalen, sjå vedlegg nr. 5, legg opp til at det framleis skal vere ei styringsgruppe med representantar frå alle samarbeidskommunane. Ålesund kommune, som er vertskommune, skal ha leiaren i gruppa. Leiaren har dobbeltstemme. Krisesenteret sitt styre kan ha ein medlem i styringsgruppa og i tillegg kan 2 representantar ha møte-, tale og forslagsrett i styringsgruppa.
Ålesund kommune skal framleis ha sekretariatsfunksjonen. Dei har også eit større ansvar for budsjett og rekneskap. Tidlegare var det slik at vertskommunen ga eit ekstra bidrag på 10 % utover tilskottet pr innbyggjar. Det er framlegg om å ta bort dette ekstra bidraget frå 2008. Dette er grunna i arbeidet med sekretariatet og det overordna ansvaret Ålesund kommune har som vertskommune.
Arbeidet som blir utført av Sunnmøre Krisesenter er viktig og det er behov for dette tiltaket i dagens samfunn. Brukarane kjem frå heile Sunnmøre og mange kvinner og born får hjelp og vern. I og med at ei statleg finansieringspakke har kome på plass er det moglegheit for ein forutsigbar økonomi både for krisesenteret og samarbeidskommunane. I Ålesund har krisesenteret kjøpt sitt eige hus.
Det er viktig at det er god kontakt mellom leiinga av senteret, styret og medlemskommunane. Eigar/bidragsytar skal ha krav på innsyn i korleis drifta går føre seg, det vil derfor vere rimeleg at styringsgruppa har eit medlem i driftstyret.
For å få til eit best mogleg samarbeid mellom krisesenteret og samarbeidskommunane er det viktig med ein god dialog mellom krisesenteret sitt styre og styringsgruppa.
Rådmannen tilrår at avtalen i vedlegg nr. 5 vert vedteke. Det er ein føresetnad at vedtektene for Sunnmøre Krisesenter vert endra i samsvar med den nye avtalen.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|