NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    66/1

Saksmappe:          06/00606-4

Sakshandsamar:   Lars Kjell Smoge

Dato:                      23.01.2007

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Disp. frå arealdelen av kommuneplanen - Deling av grunneigedom gnr 66, bnr 1 Jorunn Fløtre

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

010/07

Det faste utvalet for plansaker

29.01.07

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

Oversiktskartutsnitt dagsett 29.08.06

Kartutsnitt, M=1:5000

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad (skjema) dat.02.09.06

Gjenpart av nabovarsel (02.09.06)

Gjeldande kommuneplan, arealdelen

Notat frå næringssjef Klokkehaug av 15.01.07

 

 


Rådmannen si innstilling:

Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett  02.09.06.

Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruket.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  29.01.07:

Merete Løvoll Rønneberg gjekk frå som ugild i saka. 6 voterande til stades.

 

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 29.01.07:

Det faste utvalet for plansaker har til hensikt å gi dispensasjon frå arealdelen av kommuneplanen for at tomt med eksisterande våningshus og uthus på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal kan delast frå i samsvar med søknad dagsett  02.09.06.

Det er ein føresetnad i saka at resten av bruket skal overtakast av nabobruket.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Den søknaden som ligg føre dagsett   02.09.06 gjeld løyve til å dele frå tomt på om lag 1,8 daa. med påståande våningshus og uthus (garasje) på gnr. 66, bnr. 1 på Skuset i Eidsdal.

I gjeldande kommuneplan arealdelen er området avsett til LNF-område der spreidd busetnad er tillate.

 

Saksopplysningar:

Sjølv om kommuneplanen arealdelen tilseier føremålet det her vert søkt om, må saka likevel ha dispensasjon frå planen då den landbruksfaglege delen av saka skal vere ivareteken.

Næringssjefen har hatt saka til uttale; uttale dagsett 15.01.07:

 

Delinga gjeld bustadhus, uthus og tilhøyrande areal på ca 1, 8 daa på gnr. 66 bnr. 1 som skal delast frå resten bruket. Driftsbygninga og tilhøyrande ut- og innmark skal overtakast av nabobruket gnr. 66 bnr. 2. Det er også søkt om konsesjon frå Magne Skuseth i samband med denne overføringa. Han driv i dag med mjølkeproduksjon. Ca 86 daa av gnr. 66 bnr. 1 er i dag bortleigd til ein annan gardbrukar i bygda.

 

Dei siste åra har ein sett positivt på ei slik ”pakkeløysing” for å etablere større og meir rasjonelle driftseiningar og styrking av driftsgrunnlaget på eksisterande bruk.

Næringssjefen ser difor positivt på ei slik deling.

 

På varsel i saka til naboane føreligg det ikkje merknader.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Arealbruken er i samsvar med gjeldande arealdel av kommuneplanen.

Det ligg føre avklaring i høve det landbruksfaglege i saka, der ein føresetnad er at nabobruket gnr. 66/2 overtek bruken unnateke det som er søkt frådelt med påståande våningshus og uthus.

Saka er kurant i høve Plan- og bygningslova (PBL) og ein rår til at det kan gjevast dispensasjon frå arealdelen i kommuneplanen i samsvar med denne søknaden.

 

Sjølve søknaden om å dele frå skal handsamast på vanleg måte etter PBL.

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann