|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00622-35
Sakshandsamar: Lars Kjell Smoge Dato: 11.06.07 |
Reguleringsplan
Gudbrandsjuvet. Handsaming 3. gong.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
25.06.07 |
Utsendte saksdokument:
|
Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 16.08.06 |
|
Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 17.08.06 |
|
Merknad frå Tom Eikrem, dagsett 20.08.06 |
|
Merknad frå Tommy Nerhus, dagsett 22.08.06 |
|
Merknad frå Idar Alstadsæter, dagsett 24.08.06 |
|
Merknad frå Øvre Valldal Utvikling BA, dagsett 28.08.06 |
Merknad frå Knut Slinning av 07.05.07 (kart), 14.06.07
Merknad i mail av 14.06.07 frå Statens vegvesen, Turistvegprosjektet
Plankart og føresegner, dagsett 21.02.06, rev. 15.06.06 og sist rev. 18.06.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Annonse om utlegging 2. gong (30.06.06)
Brev vedk. utlegging 2. gong dat. 10.07.06
Sak 043/06 m/vedlegg av 6 merknader, møte 20.06.06 i Det faste utvalet for plansaker
Plankart og føresegner, dagsett 21.02.06, rev. 15.06.06
1. Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i samsvar med kommentar i saka til dei einskilde merknadene og redigert planframlegg og føresegner.
2. I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert forslag til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet lagt ut til offentleg ettersyn for 3.gong i samsvar med plankart og føresegner dagsett 21.02.06 rev. 15.06.06 og sist rev. 15.06.07.
1. Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i samsvar med kommentar i saka til dei einskilde merknadene og redigert planframlegg og føresegner.
2. I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert forslag til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet lagt ut til offentleg ettersyn for 3.gong i samsvar med plankart og føresegner dagsett 21.02.06 rev. 15.06.06 og sist rev. 15.06.07.
Det faste utvalet for plansaker gjorde i møte 20.06.06 i sak 043/06 slikt vedtak:
1. Det
faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere
endringar i samsvar med kommentar i saka til dei einskilde merknadene og
redigert planframlegg og føresegner.
Det reviderte forlaget til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet har lege ute til offentleg ettersyn for 2.gong i tida 10. juli – 26. august 2006. Det er kome 6 merknader i perioden for offentleg ettersyn samt 2 merknader etterpå til saka, jfr. vedlegg.
Merknad 1. Statens vegvesen.
Vegvesenet har ingen vesentlege merknader til planframlegget, men ber om at det må ikkje leggast til rette for bussparkering i frisiktsonene.
Elles opplyser dei om regulert areal for fortau frå P1 til B2 og mellom P2 og P3.
Kommentar:
Planen vert å justere slik at bussparkering berre vert utanfor frisiktsonene til riksvegen.
Merknad 2. Møre og Romsdal fylke.
Fylket har ingen vesentleg merknader til planforslaget.
Merknad 3. Tom Eikrem.
Første del av merknaden har same ordlyden som merknaden som var handsama av utvalet i sak 043/06 (møte 20.06.06) der kommentaren var at av omsyn til heilskapen bør dei 4 byggeplasseringane bli ståande i planen.
Kommentar:
Ein kan ikkje sjå nye moment er tilkome og såleis bør desse 4 byggeplasseringane bli ståande.
Andre del av merknaden gjeld område B3 som alternativ regulering for tomt til servicebygg. Som grunneigar i området ynskjer Eikrem ikkje dette og syner i denne samanhengen til manglane informasjon om det som er planlagt.
Kommentar:
Område B3 går ut av planforslag som alternativt område, då vegvesenet har oppnådd semje med grunneigar om servicebygg på område B1/B2.
Merknad 4. Tommy Nerhus.
Nerhus peikar i sin merknad til forholda omkring områda B1, B2 og B3.
Kommentar:
Område B3 går ut av planforslag som alternativt område; jfr. kommentaren under merknad 3.
Kommentar:
At arealet mellom B1, B2 og elva er regulert til serviceformål eller ikkje, har i prinsippet ikkje noko med korleis eigarforholda vert ordna og sikringa mot elva. Det kan i utgangspunktet virke logisk at aktivitetane i det næraste området har ansvaret for orden, tryggleik m.v. også på ”fliken”, men dette må inn i ei totalvurdering av tryggleiken m.v. for heile området.
Det vert merka at landskapshotell er teke inn i område L3.
Etter § 9.2 a i reguleringsføresegnene (rev. 15.06.06) går det fram at på område L1, L2, L3 og L4 skal det plasserast landskapshotell.
Så lang ein kan sjå av dokumenta i saka har landskapshotell berre vore aktuelt for L1 og L2 og ikkje for L3 og L4; at L3 og L4 er med her må skuldast ei misstyding og vert å rette opp.
Når det gjeld å endre L3 og L4 frå (bevaring av landskap og vegetasjon) til campingplass vil ein reint planfagleg klart rå frå dette.
Vidare uttrykkjer Nerhus i sin merknad at restriksjonane som er formulert i reguleringsføresegnene for campingplass er noko urimeleg. Dette gjeld høve til langtidsparkering og oppføring av gjerder/terrasser i tilknyting til campingvogner og han meinar dette er urimeleg i høve til konkurrentane.
Campingområda i kommunen vår er generelt ikkje noko som kan takast fram som mønster når det gjeld det estetiske, snarare tvert om. I dette området rundt Gudbrandsjuvet vil det verte ”kulturkollisjon” dersom det vert etablert eit campingområde med ”faste campingvogninstallasjonar” av modell andre campingområde. Ein har ei viss forståing for konkurransen om ”faste campingvogner”, men i perspektiv framover må ein ha lov å uttrykke at ”det må gjerast noko med dei etablerte campingplassar når det gjeld bygging av tak, terrassar osv.” , og at ein ved etablering av dette campingområde må satse framtidsretta med estetisk kvalitet i alle ledd i tråd med Gudbrandsjuv-området sine naturkvalitetar elles.
Siste punktet i merknaden går på at nye moment i planframlegg ikkje har vore drøfta med grunneigar på førehand.
Som ny handsamar no i sluttføringa av denne reguleringsprosessen har ein naturleg nok ikkje noko godt bilde av korleis aktuelle grunneigarar har vore aktivt med. Generelt kan ein uttrykke at ein reguleringsplan skal vere eit produkt av prosess der dei planen vedkjem har hatt gode høve til å kome med sine innspel og påverknad, men det er kommunen som vedtek.
Merknad 5. Idar Alstadsæter.
I merknaden vert det vist til at hans hytteeigedom har etablert rett til infiltrasjonsgrøft på det som no er foreslege til hyttetomtene T8 og T9.
Vidare har eigedomen tinglyst rett til parkeringsplass nede ved gardsvegen, og ber om at dette området vert regulert til parkeringsplass.
Kommentar:
Dersom dette hyttefeltet med 9 nye hyttetomter (T2-T10) vert etablert, vil ein anta at det må etablerast ein system (felles) for feltet og då må det vere naturleg at eksisterande etablert infiltrasjonsgrøft vert innlemma i feltet sitt totale avløpssystem.
Når det gjeld å regulere inn eit parkeringsareal for hytta nede ved gardsvegen, utifrå at vegen i feltet ikkje er køyrbar heile året, synest å vere naturleg. Dette må gjelde for feltet generelt.
Vidare må det vere naturleg at reguleringsgrensa vert utvida slik at Alstadsæter sin hytteigedom kjem innanfor hyttefeltet.
Merknad 6. Øvre Valldal Utvikling BA.
Dei støttar utkastet til reguleringsplan.
Det vert bede om at endeleg handsaming av reguleringsplan vert utsett til avtalar med grunneigarane er oppretta.
Kommentar:
Så vidt ein kjenner til ligg det føre avtalar mellom dei aktuelle grunneigarane og Statens vegvesen.
Merknad 7. Knut Slinning.
Merknaden tek opp at det er ynskje om at heile tunområdet på om lag 10 daa. vert regulert til forretningsområde (B3 på kartvedlegg) utifrå at finansiering av landskapshotell vil vere vanskeleg utan slik regulering.
Kommentar:
I kommunen har vi ikkje hatt ei slikt reguleringsspørsmål før. Å skilje ut tunområdet som forretningsområde har klare konsekvensar for bruket i landbrukssamanheng. Det synest naturleg å vurdere at dersom tunområdet får blåfarge om ikkje landskapshotellet (romma) også får same reguleringsføremål.
Merknad 8. Statens vegvesen, Turistvegprosjektet.
Turistvegprosjektet v/prosessleiar konkluderar med å rå til at kommunen vedtek reguleringsplanen med næringsarealet, blå farge, på gardstunet til Slinning sin eigedom. Vidare vert det teke fram at kommunen evt. kan ha som føresetnad i vetaket at grunneigar tek naudsynte bygningsmessige skritt for å sikre krava til bo- og driveplikta.
Kommentar:
Kommunen må etter ei samla vurdering gjere sitt vedtak i saka. I kva grad reguleringa til næringsareal, blå farge, er avgjerande for finansiering m.v. for Slinning sine planar er ikkje lett å vurdere, men truleg har det innverknad. Kommunen må også sjå etter om denne saka kan skape presidens i høve landbrukseigedomane i kommunen elles osv. Det har vore prøvd å røkje etter om det har vore liknande saker i nabokommunar, men har ikkje funne det.
I tråd med utvalet sitt vedtak i 046/06 har reguleringsgrensa mot aust endra til frå Langteigen å gå langs Gamlevegen til Trond Håvoll sitt tun og vidare rett nordover.
Vidare har administrasjonen funne det naturleg å utvide hytteområde T2 slik at heile eksisterande fritidseigedom gnr. 19/5 (Idar Alstadsæter) vert liggande innanfor området. Parkeringsareal for området T2 finn administrasjonen å føreslå vert regulert ved gardsvegen, henholdsvis på gnr. 15/1 og
gnr. 15/3.
Dei einskilde endringane er kommentert under merknadene. Endringane er så vidt omfattande at det er naudsynt å legge planen ut til offentleg ettersyn på nytt med kunngjering og annonsering i samsvar med Plan- og bygningslova (§ 27-1).
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|