NORDDAL KOMMUNE

Arkiv:                    210

Saksmappe:          05/00548-12

Sakshandsamar:   Nils Tormod Døving

Dato:                      16.06.06

Møtebok

 Godkjenning av plan for selskapskontroll for perioden 2006-2008  

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

034/06

Kommunestyret

29.06.06

Utsendte saksdokument:

Skriv frå Sunnmøre Kontrollutvalsekretæriat IKS, dagsett 30.05.06

Forslag til plan for selskapskontroll 2006 – 2008 frå Sunnmøre kontrollutvalsekretæriat IKS.

Kontrollutvalet sitt samrøystes vedtak i sak 04/06 den 20 04 06.

Ikkje utsendte saksdokument:

Kommunelova og forskrift til lova § 77 og § 80.

Lov om interkommunale selskap

Aksjelova

Kontrollutvalet si innstilling:

·        Kontrollutvalet kartlegg om det ligg føre ein strategi for eigarselskap (skriftleg eigarskapspolitikk) i kommunen både for selskap som kjem inn under kommunelova § 77 nr. 5 og § 80.

·        Kartlegging av system og rutinar for kommunens eigenkontroll.

·        I den grad det alt no ligg før ”noko” å kontrollere opp i mot, blir det planlagt ein kontroll av aksjeselskap og eventuelt andre typer engasjement som garantiar og utlån.

·        Ein selskapskontroll kan også innehalde forvaltingsrevisjon. Det blir vist til eigen plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontrollen vil ikkje innehalde forvaltningsrevisjon i denne plan- perioden.

Handsaming i Kommunestyret  29.06.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 

Vedtak i  Kommunestyret - 29.06.06:

·        Kontrollutvalet kartlegg om det ligg føre ein strategi for eigarselskap (skriftleg eigarskapspolitikk) i kommunen både for selskap som kjem inn under kommunelova §77 nr 5 og §80.

·        Kartlegging av system og rutinar for kommunens eigenkontroll.

·        I den grad det alt no ligg føre ”noko” å kontrollere opp i mot, blir det planlagt ein kontroll av aksjeselskap og eventuelt andre typer engasjement som garantiar og utlån.

·        Ein selskapskontroll kan også innehalde forvaltningsrevisjon. Det blir vist til eigen plan for forvaltningsrevisjon og selskapskontrollen vil ikkje innehalde forvaltningsrevisjon i denne planperioden.

----------------------------------------------------------------------------

Saksopplysningar:

Bakgrunnen for planen synest vere at kommunane over tid har gjort bruk av fristilte organisasjonsmodellar som selskap, stiftingar og liknande. Utviklinga synest å gå i retning av stadig aukande bruk av fristilte organisasjonsformer.

Fram til 01.01.1999 kunne t.d. aksjeselskap med kommunal eigardel på minst 50% velje kommunal revisjon som revisor. Ved ny revisorlov frå 1999 har kommunal revisjon vore avskore frå revisjon av dei kommunale aksjeselskapa. Frå då og fram til 2004 har det difor vore svært avgransa moglegheiter for innsyn og kontroll med fristilt kommunal verksemd.

Når det gjeld planen sitt nærare innhald og dei prioriteringar kontrollutvalet tilrår gjennomført, viser ein til plandokument og vedlagde særutskrifter.

Vurdering frå rådmannen:

Kontrollutvalet si tilråding til vedtak vert med dette lagt fram for kommunestyre til vedtak.

Norddal kommunestyre føreset at gjennomføringa av selskapskontrollen ikkje skal medføre auka utgifter til kommunen sin revisjon eller kontrollutvalsekretæriat.

Stig Holmstrøm

rådmann

-----------------------------------------------------