|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 223 C
Saksmappe: 06/00552-62
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 08.06.2007 |
Klage - Tildeling
kulturmidlar forsamlingshus
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar
Søknadene
Delegert sak nr. 34/07
Brev frå Eide bedehus, datert 25.05.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
Klagen frå Eide bedehus vedkomande kulturmidlar forsamlingshus vert ikkje imøtekomen.
Klagen frå Eide bedehus vedkomande kulturmidlar forsamlingshus vert ikkje imøtekomen.
Norddal kommune yter årleg kulturmidlar til lag og organisasjonar i kommunen, der 25.000 kr er øyremerka til forsamlingshus.
Fordeling av kulturmidlar er delegert til rådmann, jfr. delegasjonsreglementet. Det blir gjort vedtak, og sendt ut særutskrifter der søkjarane har høve til å klage. Det har no kome klage frå Eide bedehus som ber om ei ny vurdering.
Administrasjonen har ikkje nye moment å leggje til vurderinga, og saka vert difor lagt fram med negativ innstilling.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|