|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L83
Saksmappe: 04/00106-14
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 15.06.06 |
Vurdering av bruk av tomtene
på Ekrå bustadfelt
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
20.06.06 |
|
|
076/06 |
Formannskapet |
04.07.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Situasjonsplan frå søknad om bygging på tomt 2 |
|
|
2 |
Brev frå Ole Henrik Ekaas/Arild Foss, dagsett 17.01.2006 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
Formannskapet har vurdert ulike utnyttingar av dei tomtene i Ekrå bustadfelt som ikkje er bebygde.
Tomtene er regulert til bustadområde, og ein vil halde på reguleringsplanen slik den er.
Handsaming i Formannskapet 04.07.06:
Ordføraren sette fram slikt forslag:
Formannskapet ber rådmannen leggje fram sak på ei justering av reguleringsplanen som inneber ei betre arrondering av arealet innanfor feltet.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med ordføraren sitt forslag.
Formannskapet ber rådmannen leggje fram sak på ei justering av reguleringsplanen som inneber ei betre arrondering av arealet innanfor feltet.
Etter at det hadde vore nokre handsamingar tidlegare om kjøp av tomt 1 på Ekrå bustadfelt i Norddal, fatta formannskapet slikt vedtak i sak 114/05 i møte 28.11.05:
1. Formannskapet har vurdert søknad om kjøp av tomt 1 på Ekrå som tilleggsareal til tomt 2. Sal og reguleringsendring har vore vurdert før og formannskapet kan ikkje sjå at det ligg føre nye moment som tilseier endra vurdering av saka.
2. Formannskapet ber om å få eiga sak på korleis området på Ekrå tomt 1 og 3 skal brukast i framtida.
Til saka er det i kome innspel ved brev av 18.01.2006 frå søkjar til tomt 1. Det blir der argumentert med at tomt 1 er ueigna for bebyggelse etter at tilkomstveg til tomt 2 er bygt over tomta. Bygging på tomta ikkje vil stette teknisk forskrift med krav til uteareal for rekreasjon og leik og eigna tilkomst. Det skal og vere tilstrekkeleg parkeringsplasser for rørslehemma. Korkje tomt 1 eller 2 vil stette krav til gjeldande lover og forskrift om det blir etablert bustad på tomt 1. Det er og referert frå saksgangen for byggeløyve.
Feltet er opparbeidd i samsvar med reguleringsplan etter anbod. Etter dei tekniske planane gjekk vegopparbeidinga så langt som reguleringsplanen viste offentleg veg, dvs til inste og øvste hjørne på tomt 2.
I brevet blir det nemnt at den private vegen vidare til tomt 2 er stukken ut av teknisk etat. Det veit vi ikkje, vanlegvis stakk vi ikkje ut private vegar. Denne vegen er lagt over tomt 1.
Byggeløyve var handsama i møte i teknisk utval den 22.10.96. Det var gitt dispensasjon frå reguleringsplanen for oppføring av bygg med 4 husvære sidan reguleringsplanen fastsette einebustad på tomtene. Men bygget heldt seg innanfor kva som var fastsett som utnyttingsgrad. Opphaveleg var det bygging på tomt 1 som var handsama. Men ein kom til at det vart for trangt på tomt 1, og løyvet var overført til tomt 2. Det vart ingen ny byggesak av det, men det var forma ein ny situasjonsplan med tomt 2. Denne er vedlagt. Det er her lagt inn 7 parkeringsplassar, bygget held lovleg avstand til nabogrensene og tilkomst er lagt i bein linje frå enden av offentleg veg ned til tomta. Vegen er teikna over tomt 1 og legg beslag på ein trekant på 23 m2. Men vegen er i praksis lagt lenger inn på tomt 1.
Dette er kommentert i sak 114/05.
Saka gjeld kva for utnyttingar ein kan gjere av areala. Utgangspunktet vil vere det som er status i dag som er byggeområde for bustader. Vi har røkja etter om tomt 1 og 3 gjer det mogleg å føre opp bygg etter reguleringsplanen og om det stettar lovlege krav for bustader. Konklusjonen er at eit bygg på tomt 1 med grunnflate 8 x 15 m (120 m2) vil ha ein avstand på 10 meter til midt fylkesveg som er fastsett byggegrense, og 3 meter til vegkant på opparbeidd tilkomstveg til tomt 2. Ein må og ha som føresetnad at denne vegen kan nyttast i felleskap av dei to tomtene. Heile tomt 1 er vel 900 m2 og gir tilstrekkeleg grunnlag for å halde utnyttingsgraden. For tomt 2 er tilhøva uendra. Tomtene vil stette vanlege lovkrav.
a. Bustader
Ut i frå fakta og vurderingar nemnt ovanfor er tomt 1 og tomt 3 framleis byggeklare tomter for bustadhus. At det er ikkje har vore etterspurnad er til liks med andre tomtefelt i bygda, men ein må ha eit tilbod den dagen einkvan spør etter tomt. Ved sida av desse 3 er det 4 byggeklare tomter i Ekrebakkanae og 1 i sentrum. Det er ein brukbar reserve. I kommuneplanen er Dalhusbakken og lagt ut til bustadområde.
b. Fritidsbustader
Det har vore eit prinsipp å ikkje legge hytteområde sentralt i bygdene jfr. Dalhusbakken. Er ei tomt bebyggbar for hytte, vil den vanlegvis også vere det for bustadhus, sjølv om det gjeld nokre krav for bustadhus som ikkje gjeld for hytte.
c.
Tillegg til tomt 2
Dette har vore vurdert før, og ein finn dette ikkje aktuelt.
d. Bruk til friområde
Areala kan ligge som stelt friområde/leikeplass, men er ikkje utan vidare eigna.
e. Landbruk
Tilbakeføring til jordbruksproduksjon. Areala ligg i dag som små bøter, og det er neppe aktuelt.
På byggesaksavdelinga har vi sett på korleis ein måtte vurdere ein byggesøknad som måtte kome på tomt 1. Var søknadene innanfor rammene sette i reguleringsplanen elles, kunne ein ikkje avslå den. Når tomtene framleis er bebyggbare for bustadhus, bør reguleringsplanen stå ved lag, og tomtene ligge som ein reserve.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|