|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: V08
Saksmappe: 06/00052-3
Sakshandsamar: Torill Monstad Dato: 14.06.2006 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
20.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Administrativt vedtak om forslag til fordeling av SMIL-midlar 2006
Vedtekter for SMIL i Norddal kommune
Søknad frå Åse Erstad
1. Formannskapet går inn for rådmannen sitt forslag til fordeling av SMIL-midlar 2006.
2. Formannskapet gjev dispensasjon frå Norddal kommune sine vedtekter for Spesielle Miljøtiltak i Landbruket når det gjeld søknadane frå Kåre Strøm og Åse Erstad.
Handsaming i Formannskapet 20.06.06:
Rådmann trekte pkt. 1 i si innstilling.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med den nye innstillinga.
Formannskapet gjev dispensasjon frå Norddal kommune sine vedtekter for Spesielle Miljøtiltak i Landbruket når det gjeld søknadane frå Kåre Strøm og Åse Erstad.
I følgje ”Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak” skal kommunen og ikkje fylket avgjere tildelinga av SMIL-midlane. Kommunane står fritt til å prioritere tiltak etter vedtekne strategiar. I Norddal kommune vart ”Vedtekter for spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL) for Norddal kommune” vedteken av formannskapet 16.11.04. I tillegg har kommunen ein ”Handlingsplan for SMIL og skogbrukstiltak 2005-2008”, som òg vart vedteken av formannskapet 16.11.04. Handlingsplanen skisserer opp prioriterte satsingsområde ved fordeling av midla.
Basert på vedtektene har administrasjonen fullmakt til å avgjere fordelinga av midlane. Søknader som krev dispensasjon, skal behandlast av formannskapet. Ei rådgjevande gruppe, landbruksforumet, skal drøfte eventuelle omfattande prosjekt, prinsipielle saker og dispensasjonssaker før dei går vidare til behandling i formannskapet.
Forskrifta tilseier at SMIL-midlane kan tildelast prosjekt/tiltak på landbrukseigendomar jamfør jordlova § 12, samt i områder verna etter lov om naturvern og lov om kulturminne. Forskrifta tilseier at tilskot kan bevilgast til foretak eller eigarar som driv og/eller leiger ein landbrukseigedom, eller til einkvar som er registrert i Enhetsregisteret og som har fått løyve av landbrukseiedomen sin eigar til å gjennomføre prosjekt eller tiltak.
I rundskriv 7/2005 ”Forvaltning av forskrift om spesielle miljøtiltak i jordbruket” står det at søkjarar med små landbrukseigedomar som ikkje vil vere berettiga produksjonstilskot, omfattast òg av forskrifta. Her må kommunen bruke skjønn. Men til dømes villaområder eller områder som er avsett til utbygging, omfattast ikkje av forskrifta.
I rundskrivet står det at tilskot òg kan gis til tiltak i områder som er verna etter lov om naturvern eller objekter/arealer som er verna etter lov om kulturminne. Eksempelvis vil det kunne dreie seg om tiltak på eigedomar der det ikkje vert drive ordinær landbruksproduksjon i dag, men som har spesielle kvalitetar knytt til blant anna kulturminne, kulturmiljø, gammal kulturmark, biologisk mangfald, og som det er ynskjeleg å bevare.
I Norddal kommune sine vedtekter har ein stramma inn dette og seier at:
Tilskott
kan berre løyvast til landbrukseigedommar i drift. Brukaren (-ane) og
landbrukseigedommen (-ane) må fylle kriteria for å ta i mot støtte etter den
generelle forskrifta om produksjonstilskott i landbruket.
Kravet
vert rekna som oppfylt dersom ein fellessøknad har minst ein søkjar som
oppfyller kriteriet. Kommunen kan gje dispensasjon frå dette kravet når særlege
grunnar tilseier det. Ved vurdering av dispensasjonssøknader skal det leggast
vekt på natur- og kulturminneverdiar.
I fordelinga har administrasjonen følgt kommunen sine vedtekter og handlingsplan, samt forskrifta. Men vurderar det slik at det er to søknader som bør få tilskot, og som vurderast å kome inn under der nasjonale forskriftene, men som ikkje kjem inn under Norddal kommune sine vedtekter. Dette er søknad nr 10 frå Kåre Strøm om reparasjon av fjøs på Vikasetra, samt søknad nr 13 frå Åse Erstad om tilrettelegging av fonnvernet som eit kulturlandskapstiltak. Desse to sakene vert no lagt fram for formannskapet som disposisjonssaker.
Begge
desse to søkjarane fell utanfor den generelle forskrifta om å motta
produksjonstilskott i landbruket. Bruket til Kåre Strøm er i drift, men har
ikkje rett til å motta produksjonstilskot. Jorda som Åse Erstad eig, er leigd
vekk og såleis i bruk.
Fylkesarkitektane
meiner at søknaden frå Støm er svært viktig og at bygningen har stor
bevaringsverdi. Dette vert støtta frå ein rapport om Setrer i Norddal kommune
av arkitekten Stein Stoknes. Bygningen er i dårleg stand, og det er eit stor
arbeid som må gjennomførast. Ein meinar at tiltaket er så godt og at
kulturminneverdien er så høg at ein ynskjer å prioritere dette tiltaket.
Vedrørande søknaden frå Erstad, meiner ein at gjennomføring av tiltaka vil skape ”ein liten park” og eit fint og viktig kulturlandskap, der ein syner historien rundt og effektane av snøraset. Ikkje minst vil ein få eit fint utsiktspunkt midt i Valldal sitt kulturlandskap, som vil vere tilgjengeleg for dei fleste.
Jamfør vedtektene har landbruksforumet drøfta desse to sakene i møte torsdag 15.06.06, og kom med følgjande vurdering.
Nå det gjeld søknaden frå Kåre Strøm ser ein at dette er eit
godt prosjekt, som ein ynskjer å gje dispensasjon til å støtte med SMIL-midlar.
Men ein minner om at ein i Norddal kommune har vektlagt at SMIL-midlane er
jordbruksmidlar, og bør nyttast der det er aktiv drift.
Når det gjeld søknaden frå Åse Erstad vurderar ein dette som
eit godt tiltak. Men meiner at det kan hende høyrer meir heime som eit
næringsfondstiltak enn som eit landbrukstiltak. Likevel er landbruksforumet
positiv til at tiltaket får dispensasjon til å få støtte, så lenge det ikkje
betyr at nokon andre ikkje får støtte. Det er viktig å nytte dei midla kommunen
har fått tildelt, sidan det å ikkje nytte dei vil føre til at ein i neste
omgong får mindre pott.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|