NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    L12

Saksmappe:          03/00622-25

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      13.06.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Reguleringsplan for Gudbrandsjuvet.  Handsaming 2.gong  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

043/06

Det faste utvalet for plansaker

20.06.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Merknad frå Jon Bjørn Grønning, dagsett 16.04.06

2

Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 18.04.06

3

Merknad frå Tom Eikrem, dagsett 20.04.06

4

Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 26.04.06

5

Merknad frå Øvre Valldal Utvikling, dagsett 23.04.06

6

Merknad frå Tommy Nerhus, Svein Alstadsæter, Tore Nerhus, dagsett 24.05.06

7

Plankart og føresegner, dagsett 21.02.06, rev.15.06.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

 

 

 


Rådmannen si innstilling:

1.      Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i samsvar med kommentar i saka til dei einskilde merknadene og redigert planframlegg og føresegner.

2.      I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert forslag til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet lagt ut til offentleg ettersyn for 2.gong i samsvar med plankart og føresegner dagsett 21.02.06 rev. 15.06.06.

 

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  20.06.06:

Samrøystes i samsvar med innstillinga.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 20.06.06:

1.   Det faste utvalet for plansaker har vurdert dei innkomne merknadene og vil gjere endringar i samsvar med kommentar i saka til dei einskilde merknadene og redigert planframlegg og føresegner.

 

2.   I samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova vert forslag til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet lagt ut til offentleg ettersyn for 2.gong i samsvar med plankart og føresegner dagsett 21.02.06 rev. 15.06.06.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Forlag til reguleringsplan for Gudbrandsjuvet har lege ute til offentleg ettersyn 1.gong i tida 18.mars – 18.april 2006.  Det er kome 6 merknader til saka.

Saksopplysningar:

Merknad 1.  Jon Bjørn Grønning

Det blir bedt om at det blir sett av to område i reguleringsplanen til hytteområde for seinare.

Ein vil ikkje take dette inn i planen no, men heller ta dette som reguleringsendring seinar, eventuelt i samband med det store hytteområde som er sett av i kommuneplanen.

 

Merknad 2.  Statens vegvesen

Statens vegvesen ynskjer, med kommentar som kulepkt:

-         frisiktsone for kryss ved B2

·        dette er 10 X 75 m som blir å legge inn

-         trekke eks. privat veg vekk frå krysset

·        dette er vanskeleg pga store høgdeskilnader når ein kjem lenger inn på den private vegen

-         kurveutviding ved N4

·        dette er den krappe kurva ved brua på riksvegen.  Breiddeutviding er 2,5 m som fordelast likt på begge sider.  Dette blir å legge inn.

-         take med grøfteareal i planen

·        Dette er gjerdelinje etter veglova som er 3 meter.  Min.3 meter frå vegkant blir å legge inn som trafikkområde

-         frisiktsoner i alle kryss

·        frisiktsone for avkøyrsle er 4 X 60 m.  Dette blir å legge inn.

-         detaljering av gangareal og kryssing i samsvar med reguleringsplanen frå P2 til N3 og ikkje etter illustrasjonsplanen

·        dette blir å gjennomføre

-         vising av gangareal frå P2 inn til N2

·        dette grensar direkte

-         fjerning av alle ikkje naudsynte illustrasjonar

·        dette har ingen formell betydning

-         gjennomarbeidd symbolbruk

·        dette betyr mindre

-         vegvesenet som grunneigar

·        dette går på planbeskrivelsen, og vegvesenet er kopla inn som grunneigar

-         kva er område for gardsturisme?  Står som næringsareal i beskrivelsen, men ikkje i reg.best.

-         saknar areal for serviceområde som skal betjene dei 28 husa i landskapshotella

·        hotellhusa skal bli betjent frå område for gardsturisme, som er tunet.  Det var drøfta å gje tunet eit eige reguleringsføremål som dette, men ein gjekk vekk i frå det ut i frå at det vart splitting av driftseining og ein fekk problem i høve til jordlova.  Gardsturisme oppstår på mange gardar utan at det blir regulert spesielt for det.  Men det kan stå i føresegnene at det skal løysast slik.

-         § 3 i føresegnene må redigerast til å vere korrekt disposisjon

·        dette er ei rein redigeringssak for å få det formelt riktig

-         pkt.13, føresegnene er uferdige

·        redigering

-         dokumentliste ikkje naudsynt

·        vert å take ut

 

Merknad 3.  Tom Eikrem

Det er plassert 4 landskapshotelhytter på eigedom gnr 14 bnr 5.  Eigar av eigedomen har ikkje vore spurd om plassering av desse, og har heller ikkje ynskje om å føre dei opp.  Det blir og stilt spørsmål ved ansvarstilhøva ved boeiningar plassert på såpass ekstreme stader.

Det blir vist til uvisse om grense mellom eigedomane 14/5 og 14/1.

Kommentar

Av omsyn til heilskapen bør dei 4 byggplasseringane bli ståande i planen.

 

Merknad 4.  Møre og Romsdal fylke

Det er ikkje avmerkt stier fram til dei einskilde hyttene, og det bør lagast ein plan for stisystem som tek omsyn til landskap, vegetasjon og utsiktsattraksjon.

Området bør bli delt inn i grupper for etappevis utbygging.

Det blir bedt om at landskapshotellhyttene blir markert med blå farge, og at området elles blir merka som eit kombinert føremål spesialområde bervaring av landskap og vegetasjon og spesialområde friluftsområde.

Til reguleringsføresegnene:

a.       justere og supplere reguleringsføresegnene

b.      ta inn bevaringsområde kulturminne og spesialområde friluftsområde/spesialområde bevaring av landskap og vegetasjon

c.       føre opp maks T-BRA, evnt. og cotehøgde

d.      pkt.12: Valldøla er verna i Verneplan I for vassdrag

Kommentar

Stier var diskutert, men ein tok det ikkje inn i reguleringsplanen. 

Etappevis utbygging er vanskeleg å dele inn.

Avmerking av landskapshotelhyttene som byggeområde verkar heller kunstig.  Bygga er knytt til eigedomen og skal ikkje delast frå.  Det ligg og i grunnfargen som er landbruksområde med skravur for bevaring av landskap og vegetasjon.

Kombinasjon av friluftsområde og bevaringsområde landskap og vegetasjon vil gje ein krysskravur.  Slik det er no, er området regulert til landbruksområde (grunnfarge) + bevaring landsk. og veg.  som gir vanleg rom for fri ferdsle.

Storleik på hyttene som bruksareal bør takast inn i føresegnene.  Maks BRA = 25 m2.

Reguleringsføresegnene vert å redigere som nemnt under merknad 2.  Ein tek inn formulering om varig vern av Valldøla.

 

Merknad 5.  Øvre Valldal utvikling BA

Merknaden er sett opp punktvis.  Kommentar er gitt fortløpande som kulepunkt.

1.      Opparbeiding av gangsti langs elva opp til kvennhuset.

·        Dette er i området N1.  Tiltaket er for å kanalisere turtrafikken vekk frå gjennom tunet.  Det må takast inn i føresegnene at det kan opparbeidast ein slik sti.

2.      Det vert regulert inn ei eller fleire bustadtomter rett aust for Trond Håvoll sitt tun.

·        Dette er ut i frå at området i arealdelen til kommuneplanen er avsett med spreidd bebyggelse.  Det er lagt inn områda F1 og F2 som flateregulerte bustadområde.  Tomtedeling må fastsettast seinare.

3.      Det vert regulert inn tomteområde for utleigehytter aust og nordaust for dyrkamarka ved Tommy Nerhus sitt tun.

·        Dette er lagt inn som ei flytting av eks. campingplass.

4.      Det vert lagt inn tomteområde for fritidsbustader sørvest for noverande campingplass, i området ved hytta til Idar Alstadsæter.

·        Dette er lagt inn som ein del av gjennomføring av planen

5.      Det vert regulert inn ei flytting av vegen fram til lunneplassen.  Dette for å få trafikken lenger vekk frå eksisterande fritidshus.

·        Vegsystemet er fastlagt i planframlegget.

6.      Plangrensa mot aust/nordaust vert trekt ned slik at ho følgjer gamlevegen frå Langteigen til Trond Håvoll sitt tun, derifrå rett nordover.

·        Det gjer ingen skilnad om planområdet er uendra sidan det er regulert til landbruk.

7.      Det vert regulert inn tomter for fritidsbustader aust for Jon Bjørn Grønning sitt tun, på det arealet som er regulert til landbruk.

·        Dette er kommentert under merknad 1.  Ein har ikkje gått inn på det.

8.      Vi ser for oss at det blir behov for parkering ved servicetunet.

·        Heilt sikkert.  Området B1/B2 blir utvida mot vest til å omfatte arealet mellom vegen og grense mot eigedom gnr 19 bnr 2.  Det vil kunne inkludere eventuelt parkeringsareal.

9.      Det vert regulert inn ny trasé for veg ned til elva på eigedomen til Tom Rune Eikrem.

·        Dette er ikkje teke inn som eige føremål.

10.  Område B1 og B2 må kallast serviceområde og ikkje bevertning.

·        Området er avsett med blå farge, og det er serviceområde.  Bevertning er eit eige reguleringsføremål under service i samsvar med departementet sitt oppsett for formell framstilling.

11.  Gangveg mellom Myra og servicetunet bør innregulerast.  Dette er viktig pga den fårlege trafikksituasjonen om sommaren.

·        I planframlegget er det lagt inn stripe med lys grå farge langs riksvegen, og som truleg er gangareal.

 

Merknad 6.  Tommy Nerhus, Svein Alstadsæter, Tore Nerhus

1.      Ønske om eit område vest for tunet avsett til hytteområde.

2.      Ønske om eit større areal til camping og utleigehytter nordaust for tunet.

Kommentar

1.      Dette er teke inn, jfr.merknad 5 pkt 4.

2.      Dette er teke inn, jfr.merknad 5 pkt.3.

 

Saksvurdering og konklusjon:

Dei einskilde endringane er kommentert under merknadene.  Endringane er så vidt omfattande at det er naudsynt å legge planen ut til offentleg ettersyn på nytt.

 

 

Stig Holmstrøm

 

Rådmann