|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 04/00034-6
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 13.06.06 |
Privat forslag til
reguleringsplan for Hytteområde på Gjerde gnr 11 bnr 2,3
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
20.06.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Søknad med føresegner, planbeskrivelse og innkomne merknader med kommentar, dagsett 10.02.06 |
|
|
2 |
Plankart, dagsett 25.01.06 |
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Det faste utvalet for plansaker har i samsvar med § 30 i plan- og bygningslova vurdert privat forslag til reguleringsplan for Hytteområde Gjerde gnr 11 bnr 2,3, og vil fremme dette som offentleg plansak, men med slik endring:
a. I § 4 pkt 4.3 vert takvinkel endra frå 15 – 35 gr til 27 – 35 gr.
2. Med heimel i § 27-1 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for Hytteområde Gjerde gnr 11 bnr 2,3 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plankart og føresegner dagsett 25.01.06 og endring nemnt under pkt.1.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 20.06.06:
Rådmann la fram eit nytt pkt.1b til innstillinga:
§ 4.1 blir endra til 17 hytter.
Røysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga med tillegg av nytt pkt. 1b.
1. Det faste utvalet for plansaker har i samsvar med § 30 i plan- og bygningslova vurdert privat forslag til reguleringsplan for Hytteområde Gjerde gnr 11 bnr 2,3, og vil fremme dette som offentleg plansak, men med slik endring:
a. I § 4 pkt 4.3 vert takvinkel endra frå 15 – 35 gr til 27 – 35 gr.
b. § 4.1 blir endra til 17 hytter
2. Med heimel i § 27-1 i plan- og bygningslova vedtek Det faste utvalet for plansaker å legge forslag til reguleringsplan for Hytteområde Gjerde gnr 11 bnr 2,3 ut til offentleg ettersyn i samsvar med plankart og føresegner dagsett 25.01.06 og endring nemnt under pkt.1.
Det ligg føre privat forslag til reguleringsplan for hytteområde på Gjerde. Planen omfattar 17 hyttetomter på eigedom gnr 11 bnr 2,3 lengst aust på Gjerde. Av desse tomtene er 5 alt bebygde med 4 som punktfeste og 1 som eigedom, 4 er som fortetting mellom eksisterande hytter, og 8 er utviding nedover.
På Omenås/Gjerde er det sett av eit stort hytteområde i arealdelen til kommuneplanen. Nedanfor dette området er arealet sett av som LNF-område som og inkluderer det alt utbygde hytteområde. Her gjeld imidlertid disposisjonsplanen av 1982 som var vedteke for hytteområdet sjølv om dette ikkje går fram av oversiktsplanen.
Det faste utvalet handsama førehandsvurdering av arealet i sak 05/04 for det hytteområdet som det no er søkt om og såg positivt på tiltaket, men ønska at det kunne vere etter ein samla plan for Omenås/Gjerde. Det var skipa til møte om dette, men det kom ikkje framt til nokon samla ståstad for gardsvalda. Gjerde har då hatt sitt eige møte og skissert nytt byggeområde nedanfor det som er avsett i arealdelen, men som og omfattar det eksisterande hytteområdet. Dette er avmerkt på kart. Frå Omenås er det ikkje kome noko samla, men Hallvard Omenås ynskjer å fremme reguleringsplan for område på sin eigedom. Dette var greitt for planutvalet, men utvalet ynskte framleis at det var laga ein overordna plan for hytteområde for dei to gardane. Dette var teke opp med fylket som ikkje hadde merknad til at kommuneplanen var endra gjennom ein overordna reguleringsplan. Dette planarbeidet har vore kunngjort oppstarta. Begge dei to nemnde hytteplanane vil inngå og danne premiss for ein overordna plan. Den planen som her er omsøkt fremma ligg i ytterkant av området, og vil knyte seg på eksisterande infrastruktur, og det er eigentleg ikkje noko alternativ for utforming, avgrensing eller ekstern tilknyting. Den bør kunne fremmast slik den no ligg føre.
Oppstart av arbeidet med reguleringsplanen har vore kunngjort, og det er kome x merknader. Desse er oppsummert og kommentert i vedlegg til planforslaget. Ein har ikkje vidare merknader til dette ut over kommentar til plansituasjonen slik det går fram ovanfor.
Planen omfattar 17 hyttetomter, av dette er 12 nye. Avgrensing er mot eksisterande veg mot nord, naboeigedomanen på kvar side og mot ein høg hammar på nedsida mot sør. Hovudtilkomst er eksisterande veg gjennom hyttefeltet med ny, eigen veg til dei einskilde hyttene. Det ligg føre lengdeprofil for vegen, som syner ei noko bratt stigning med 1:7,5. Dette berører imidlertid ikkje kommunal veg. Det er vidare lagt ved normalprofil med køyrebanebreidde på 3 meter.
I reguleringsføresegnene er utnytting sett til BYA 90 m2. Takvinkel er sett til 15 – 35 gr. Dette er for vidt og bør innskrenkast til 27 – 35 gr. Det er opna for uthus med BYA 20 m2. Det kan gå an med så vidt låg utnytting for hovudhuset.
Ut over det har ein ikkje merknader til forslaget.
Med dei endringane som er nemnde ovanfor vil ein fremme forslaget.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
Rådmann |
|
|
|
|
|
|
|