|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: 141
Saksmappe: 04/00578-21
Sakshandsamar: Helge Svensvik Dato: 13.06.06 |
Kommuneplanen sin
samfunnsdel 2007-2018, høyringsutkast.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
20.06.06 |
|
|
036/06 |
Kommunestyret |
29.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Kommuneplanen sin samfunnsdel 2007-2018 m/vedlegg, høyringsutkast
Ikkje utsendte
saksdokument:
Planen blir send ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen blir sett til 31. aug 2006.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 20.06.06:
Utvalet gjekk samrøystes ut for slik innstilling:
Kommunestyret vedtek å legge planen ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen blir sett til 30. september 2006.
Kommunestyret vedtek å legge planen ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen blir sett til 30. september 2006.
Handsaming i Kommunestyret 29.06.06:
Solveig Linge Stakkestad fekk ein kort permisjon frå møtet. 19 representantar.
Merete Løvoll Rønneberg, Sp la fram endringsforslag til planen i møtet.
Ordføraren kom med slikt forslag:
Pkt. 2: Norddal kommunestyre vedtek at endringsforslaget til Merete Løvoll Rønneberg vert å følgje planen som vedlegg og handsama som høyringsfråsegn før endeleg vedtak vert fatta.
Vedtak:
Samrøystes i samsvar med innstillinga med tillegg av pkt. 2 sett fram av ordføraren.
1. Kommunestyret vedtek å legge planen ut til offentleg ettersyn. Høyringsfristen blir sett til 30. september 2006.
2. Norddal kommune vedtek at endringsforslaget til Merete Løvoll Rønneberg vert å følgje planen som vedlegg og handsama som høyringsfråsegn før endeleg vedtak vert fatta
Plan- og bygningslova krev at kommunen har ein overordna plan (kommuneplan). Gjeldande plan går ut desember 2006.
Det kommunale plansystemet sett
opp ein struktur for kommuneplanen. Strukturen ser om lag slik ut:
En langsiktig del med 12-års
perspektiv som drøftar mål for utviklinga og retningsliner for
gjennomføring. Ein
organisasjonsdel må vere med. Hovedelementa i 12-årsperspektivet er
·
Samfunnsdelen
·
Arealdelen
Det er samfunnsdelen som no ligg
føre til høyring.
Seinare må planen utvidast med
sektorplanar med handlingsprogram og økonomiplan (4-årig). Desse vil innehalde:
·
Handlingsmål
·
Prioriterte
tiltak – sektorielle og tverrsektorielle program
·
Ressursar
for gjennomføring
Det er lagt vekt på at
planlegginga skal fremje berekraftig utvikling og vere styrt av
folkevalde organ. Det er lagt opp
til heilskap, samordning og samarbeid. Ein har prøvd å etablere ein målretta
profil og ikkje vere meir omfattande enn høgst nødvendig. Det er vidare
føreutsett at planen skal vere forpliktande.
Saksvurdering og konklusjon:
I forenkla form har samfunnsutviklinga har ført oss gjennom
fire ulike ”tilstandar”:
·
Jegersamfunnet
·
Jordbruksamfunnet
·
Industrisamfunnet
·
Informasjonssamfunnet
Kva som blir neste ”tilstand” er
vanskeleg å meine for påståeleg om, men at helse, velvere og fritid vil bli
enda meir framtredande element er sannsynleg. Planen drøftar kommunen sin
ståstad og moglegheiter for å utvikle seg i retning av komande samfunnstrendar
og yrke.
Det blir
ei utfordring å lage sektorplanar, då vi ikkje har anna praksis enn å lage
planar for kommuneorganisasjonen sine interne sektorar. Planen legg opp til at
td aktørar som administrasjon, politiske utval, privat sektor og 3.sektor skal
samhandle og samordne seg. Dette krev ei sterk relasjonsbyggjing.
Alt i alt synest samfunnsdelen å framstå som eit godt grunnlagsdokument i vidare arbeid med så vel arealdel som del-/sektorplanar.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|