|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 06/00151-11
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 11.06.06 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
20.06.06 |
Utsendte saksdokument:
|
Vedlegg: |
|
|
Brev frå Norddal Trial, dagsett 01.06.06 |
|
Ikkje utsendte
saksdokument:
1. Det faste utvalet for plansaker sluttar seg til forslaget om lokalisering av trialbane på Berli.
2. Det vert å take kontakt med grunneigarane i området med førespurnad om grunn.
3. Det vert å utarbeide reguleringsplan for området med førehandskunngjering av oppstart av arbeid med reguleringsplan i samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova.
1. Det faste utvalet for plansaker sluttar seg til forslaget om lokalisering av trialbane på Berli.
2. Det vert å take kontakt med grunneigarane i området med førespurnad om grunn.
3. Det vert å utarbeide reguleringsplan for området med førehandskunngjering av oppstart av arbeid med reguleringsplan i samsvar med § 27-1 i plan- og bygningslova.
Ein har tidlegare handsama sak om trialbane i Syltemoa der vedtaket var å kunne nytte Syltemoa i 2006 og at kommunen skulle arbeide for permanent bane ein annan stad.
Seinare har Norddal Trial fråfelle Syltemoa.
Etter oppmoding hadde kommunen møte med styret i klubben, og ein drøfta der alternativa Uri, Berli og Tafjord. Kommunen lanserte Tafjord som alternativ, og det er den delen kommunen eig som er regulert og opparbeidd til bustadområde, men der det enno ikkje er bygt.
Trialklubben har vurdert alternativa, og har brev gitt tilbakemelding. Det er berre Berli som er brukbart, men det har og alle kvalitetar. Trialklubben tenker og vidare med oppsetting av hallen som dei har fått, og vidare etablering av ungdomssenter. Men i første omgang dreier det seg om å få til permanent Trialbane. Det har vore kontakt med grunneigarane også før, der kommunen også var kopla inn. Men meiningane var delte mellom grunneigarane den gongen.
Det er Trialklubben som er den næraste til å vurdere kva som er eigna areal. Er Berli vurdert slik som det einaste, er det greit å godta.
Den vanlege formelle vegen vidare for ei permanent bane, er utarbeiding av reguleringsplan. Området skal og vurderast etter forurensingslova med støyanalyse. Handsaming etter andre aktuelle særlover vil inngå i reguleringsplanprosessen.
Første steget vil vere å førehandskunngjere oppstart av arbeidet. Samstundes bør det takast kontakt med grunneigarane.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|