|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L12
Saksmappe: 03/00034-10
Sakshandsamar: Øystein Klempe Dato: 11.06.06 |
Reguleringsplan for Lingåsen
hyttefelt
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Det faste utvalet for plansaker |
20.06.06 |
|
|
038/06 |
Kommunestyret |
29.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Plankart reguleringsplan Lingåsen hyttefelt m.føresegner
Sak 23/06 Reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt, handsaming 1.gong
Ikkje utsendte
saksdokument:
|
1 |
Brev frå Norddal elverk, dagsett15.05.06 |
|
2 |
Merknad frå Statens vegvesen, dagsett 16.05.06 |
|
3 |
Merknad frå Bjørn Inge Ruset, dagsett 30.05.06 |
|
4 |
Merknad frå Møre og Romsdal fylke, dagsett 01.06.06 |
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova vedtek Norddal kommunestyre reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt i samsvar med plankart og føresegner dagsett 05.03.06, sist revidert 21.03.06.
Handsaming i Det faste utvalet for plansaker 20.06.06:
Signe Brenna, Nl kom med slike endringsforslag:
Nytt pkt. d:
Tomt 1 går ut fordi den ligg midt i setervegen som går mellom Linge og Lingåsen.
Nytt pkt.:
Det vert forbod mot gjerding unntatt der sikring er nødvendig mot stup.
Det vart først røysta over Brenna sitt forslag om å ta ut tomt 1:
3 røysta for Brenna sitt forslag som fall
4 røysta i mot
Det vart røysta over Brenna sitt forslag om at gjerding ikkje skal vere tillate:
7 røysta for Brenna sitt forslag
Endeleg avrøysting:
Samrøystes i samsvar med innstillinga og med Brenna sitt forslag om forbod mot gjerding.
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova vedtek Norddal kommunestyre reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt i samsvar med plankart og føresegner dagsett 05.03.06, sist revidert 21.03.06, og med vedtatt endringsforslag i planutvalet 20.06.06.
Handsaming i Kommunestyret 29.06.06:
Petter Lingaas gjekk frå som ugild i saka. No 19 representantar.
Signe Brenna, Nl, kom med slikt endringsforslag:
Tomt 1 går ut fordi den ligg midt i setervegen som går mellom Linge og Lingåsen.
Det vart først røysta
over innstillinga:
Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Det vart røysta over
forslaget frå Signe Brenna om å ta ut tomt 1:
4 røysta for Brenna sitt forslag som fall
15 røysta mot
Med heimel i § 27-2 i plan- og bygningslova vedtek Norddal kommunestyre reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt i samsvar med plankart og føresegner dagsett 05.03.06, sist revidert 21.03.06, og med vedtatt endringsforslag i planutvalet 20.06.06.
Forslag til reguleringsplan for Lingåsen hyttefelt har lege ute til offentleg ettersyn med merknadsfrist 3.juni. Det er kome 4 merknader.
Det blir spurt etter rom for ny linje og trafo i planforslaget.
Noverande linje kjem frå Linge og går gjennom feltet ytst ute der noverande trafo er. Linja vidare framover går i overkant av det regulerte feltet.
Spørmålet ny linje har blitt teke opp av tiltakshavar med el-verket. Gjennom feltet på ytste delen skal linja gå i kabel opp til ny trafo. Derifrå blir det kabel framover i den midterste vegen. Så langt er det skissert ny løysing som ikkje får reguleringsmessige konsekvensar.
Ingen merknad
Det blir bedt om innregulering av 4 nye tomter på eigedom gnr 1 bnr 7 i grensa mot forslaget til reguleringsplan.
Ein vil ikkje take inn dette på noverande tidspunkt, men vurdere ubebygd areal samla i samband med rullering av arealdelen til kommuneplanen.
Ingen merknad.
Planframlegget vert å take opp til handsaming i kommunestyret i samsvar med framlegget som har lege ute til offentleg ettersyn.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|