NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U43

Saksmappe:          06/00168-3

Sakshandsamar:   Øystein Klempe

Dato:                      11.06.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

 

Søknad om konsesjon for oppdrett av laks og ørret på Ospahjellneset  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

037/06

Det faste utvalet for plansaker

20.06.06

 

 

 

 

Utsendte saksdokument:

 

Vedlegg:

1

Kartskisse for plassering av anlegget

2

Brev frå Fiskeridirektoratet, dagsett 20.02.06

 

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Søknad frå Fjordlaks Aqua AS, dagsett 07.02.06

 

 


Rådmannen si innstilling:

Det faste utvalet for plansaker har vurdert søknad frå Fjordlaks Aqua om plassering av oppdrettsanlegg for laks og ørret på vestsida av Ospahjellneset, og har ikkje merknader til dette.  Ein føresetnad er at tidlegare gitt konsesjon for torsk og sei i same området, fell vekk.

-----------------------------------------------------


 

 


Handsaming i Det faste utvalet for plansaker  20.06.06:

Ordføraren kom med slikt forslag til vedtak:

Planutvalet vil gå i mot at det vert plassert oppdrettsanlegg for ørret ved Ospahjellneset fordi ein meiner at eit slikt anlegg kan vere eit trugsmål mot villaksen i fjorden.

 

Etter at deler av området har fått Verdsarvstatus er det særdeles viktig å ta vare på alle opphavlege miljøkvalitetar som t.d. villaks. National Geographic Society har vidare inngått avtale med Innovasjon Norge om utvikling av geoturisme. Verdsarvområdet ”Vestlandske Fjordlandskap” blir truleg peika ut som ein pilot i satsinga på geoturisme. Geoturisme har som målsetting å forsterke og synleggjere det autentiske og særeigne i eit område. I det bildet står villaksen og kulturen (kulten) rundt den sentralt.

 

I lys av ovannemnde meiner Norddal kommune at sterke nasjonale interesser står på spel og at oppdrett av ørret i dette tilfellet må vike plass i dette tilfellet til fordel for omsynet til villaksen. Norddal kommune som verdsarvkommune, vil difor be om at søknaden vert avslått.

 

 

Karl Jostein Rødset, H kom med forslag om at oppdrett berre skal gjelde ørret.

 

Det vart først røysta over ordføraren sitt forslag og innstillinga.

4 røysta for ordføraren sitt forslag

3 røysta for innstillinga

           

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Det faste utvalet for plansaker - 20.06.06:

Planutvalet vil gå i mot at det vert plassert oppdrettsanlegg for ørret ved Ospahjellneset fordi ein meiner at eit slikt anlegg kan vere eit trugsmål mot villaksen i fjorden.

 

Etter at deler av området har fått Verdsarvstatus er det særdeles viktig å ta vare på alle opphavlege miljøkvalitetar som t.d. villaks. National Geographic Society har vidare inngått avtale med Innovasjon Norge om utvikling av geoturisme. Verdsarvområdet ”Vestlandske Fjordlandskap” blir truleg peika ut som ein pilot i satsinga på geoturisme. Geoturisme har som målsetting å forsterke og synleggjere det autentiske og særeigne i eit område. I det bildet står villaksen og kulturen (kulten) rundt den sentralt.

 

I lys av ovannemnde meiner Norddal kommune at sterke nasjonale interesser står på spel og at oppdrett av ørret i dette tilfellet må vike plass i dette tilfellet til fordel for omsynet til villaksen. Norddal kommune som verdsarvkommune, vil difor be om at søknaden vert avslått.

 

----------------------------------------------------------------------------


 

 

 

 

 

Saksgrunnlag:

Det ligg føre brev frå Fiskeridirektoratet med søknad frå Fjordlaks Aqua om oppdrettsanlegg ved Ospahjellneset.

Saksopplysningar:

Det er tidlegare gitt konsesjon for oppdrett av torsk og sei på ein lokalitet vest for Ospahjellneset.  Søknaden går ut at denne konsesjonen går ut, og det blir i staden gitt konsesjon på fikseslaga laks og ørret.  Vidare blir plasseringa trekt 500 lenger inn ved sjølve neset.

Tiltaket har vore kunngjort i avisene.  Eventuelle merknader blir lagt fram på møtet.  Grunneigarane er kontakta direkte tidlegare.

Planutvalet si oppgåve er å vurdere anlegget i høve til vedtekne planar.

Saksvurdering og konklusjon:

Det omsøkte området ligg innanfor det som i arealdelen i kommuneplanen er sett av som NFFFA-område (natur-, friluftsliv-, fiske-, ferdsle-, aquakultur-område).  Det er soleis i smasvar med vedteken plan.  Tilgrensande landområde er landskapsvernområdet med verdsarv, men ikkje sjøen.  Etter verneforskriftene er det høve til landfeste.  Desse forskriftene er det fylket som handhevar.

Omsøkte plassering er i samsvar med vedteken plan for området.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann