|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L82
Saksmappe: 06/00088-17
Sakshandsamar: Stig Holmstrøm Dato: 11.06.2006 |
Økonomisk vurdering for
vidare utvikling Remseth Maskin AS/Valldal Auto AS
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
20.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Handsaming i Formannskapet 20.06.06:
Svein Linge, Al kom med slikt forslag til vedtak:
Forhandlingsutvalet skal snarast råd gå i forhandlingar med Remseth Maskin AS for å få ei avklaring med omsyn til tomteareal for bedrifta. Det skal forhandlast om arealstorleik og ein pris. Det er ein føresetnad at ein får avklart alle aktuelle spørsmål innan utgongen av juni 2006.
Røysting:
7 røysta for Linge sitt forslag
0 røysta for innstillinga.
Forhandlingsutvalet skal snarast råd gå i forhandlingar med Remseth Maskin AS for å få ei avklaring med omsyn til tomteareal for bedrifta. Det skal forhandlast om arealstorleik og ein pris. Det er ein føresetnad at ein får avklart alle aktuelle spørsmål innan utgongen av juni 2006.
I f-sak PS /06 vart det gjort slikt vedtak:
1. Formannskapet
viser til dei vedtak som er gjort m.o.t. utvikling av Muriparken når det gjeld
reguleringsføremål og nedlegging av byggje- og deleforbod.
2. Ordføraren
og rådmannen får fullmakt til å gå kartleggje behov og ønskje med Valldal Auto
og Remseth Maskin med sikte på å få fram gode alternativ som sikrar vidare
framhald av drifta i begge bedriftene, også planlagt utviding av verksemda.
3. Remseth Maskin vert stilt i utsikt ei
industritomt på om lag 4 mål i Djupøyna industriområde etter nærare avtale.
4. Evt. avtalar av økonomisk karakter eller
forhandlingar om grunnkjøp/grunnavståing skal fremjast til politisk avgjerd, og
forhandlingsutvalet skal koplast inn der dette er naturleg.
I etterkant av formannskapet sitt vedtak, vart det halde eit førebels drøftingsmøte mellom ordførar og rådmann og representantar for bedriftene. Målet var å bli samde om evt. forhandlingstema som Forhandlingsutvalet på eit seinare tidspunkt må handtere.
Ordførar/rådmann gjorde greie for dei vedtak som er fatta i saka og muleg framdrift m.a. i høve klargjøring flodbølgjeproblematikk og reguleringstilhøve. Kommunen og bedriftene hadde saman og kvar for seg ei rekkje spørsmål som vart forsøkt klarlagt, m.a. om når evt. tomt i Djupøyna kan stå klar, muleg arrondering, sambruksmulegheiter i høve andre bedrifter, evt. sal/kjøp av areal på Murigrandane, o.a.
Gjennom diskusjonen/drøftingane mellom kommunen og bedriftene kom det fram ønske frå begge partar om å få gjort ein økonomisk analyse for å sjå heilskapen i dei økonomiske konsekvensane for bedriftene. Kort oppsummert vart ein samd i at rådmannen skulle leggje fram sak for formannskapet om kommunal medverknad og finansiering av ekstern konsulentbistand for ein slik analyse. Ein føresetnad frå bedriftene si side var at dei fekk vere med og utarbeide mandat for ein slik analyse, og at dei vart trekt inn i dei vurderingane som skulle gjerast. Målsettinga for ein økonomisk analyse må vere å finne grunnlag for reelle forhandlingar mellom bedriftene og Norddal kommune m.o.t. vidare samhandling/samarbeid og kommunal medverknad for vidareutvikling av bedriftene. Det er vanskeleg å tidfeste når ein slik analyse kan ferdigstillast, men det bør vere ei målsetting å ha denne klar tidleg i haust.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|