|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: Q10
Saksmappe: 03/00733-15
Sakshandsamar: Per Grimstad Dato: 13.06.06 |
Nasjonal turistveg Geiranger
- Trollstigen. Intensjonsavtale om finansiering av tiltaksstad Gudbrandsjuvet.
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Formannskapet |
20.06.06 |
|
|
037/06 |
Kommunestyret |
29.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Statens vegvesen datert 29.09.2003 – Intensjonsavtaler med kommunen
Finansieringsplan for tiltaksstad Gudbrandsjuvet datert 09.06.2006
Ikkje utsendte saksdokument:
Førehandsgodkjenning av planer for nytt offentleg toalett ved Gudbrandsjuvet, sak 017/06
Førehandsgodkjenning av planar for nye stiar og utsiktspunkt ved Gudbrandsjuvet, sak 016/06
Handsaming i Formannskapet 20.06.06:
Det vart røysta punktvis:
Pkt. 1: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 3: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 4: Vedtatt mot 2 røyster.
1. Norddal Kommune godkjenner framlegget til intensjonsavtale om utvikling og finansiering av strekninga Geiranger – Trollstigen som Nasjonal turistveg, med spesielt tiltaksstad Gudbrandsjuvet.
2. Norddal Kommune skal delfinansiere prosjektet med kr 2 million, dette inkluderer grunnerverv.
Handsaming i Kommunestyret 29.06.06:
Solveig Linge Stakkestad kom tilbake til møtet. 20 representantar.
Det vart røysta punktvis:
Pkt. 1: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 2: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 3: Samrøystes i samsvar med innstillinga.
Pkt. 4: Vedtatt med 16 mot 4 røyster.
1. Norddal Kommune godkjenner framlegget til intensjonsavtale om utvikling og finansiering av strekninga Geiranger – Trollstigen som Nasjonal turistveg, med spesielt tiltaksstad Gudbrandsjuvet.
2. Norddal Kommune skal delfinansiere prosjektet med kr 2 million, dette inkluderer grunnerverv.
3. Økonomi for prosjektet vert å innarbeide i økonomiplanen.
4. Arbeidet med rullering av ”Plan for idrett og fysisk aktivitet” vert å starte opp i september 2006.
Intensjonsavtalen av 29.09.2006
Oppdatert finansieringsplan dagsett 09.06.2006
Leiinga i Norddal Kommune var aktive deltakarar i det førebuande arbeid med Nasjonal turistveg.
Intensjonsavtalen for prosjektet vart send ut i september 2003.
Turistvegprosjektet har arbeidd målretta med arkitektselskapet, og la hausten 2005 fram konkrete planar for Gudbrandsjuvet.
Samtidig samla grunneigarane seg om eit utviklingsselskap for næringsutviking i Øvre Valldal. Dette selskap er no stifta, og tek sikte på å bruke Gudbrandsjuvet som resepsjon for servicetilbodet i bygda.
Planane er utarbeidde etter prinsippet om Universell utforming, og der gjennom godkjende av Deltasenteret i Sosial- og helsedirektoratet. Nasjonal turistveg ynskjer å utfordre Norddal Kommune til å innarbeide Gudbrandsjuvplanane i kommuneplan for ”Idrett og fysisk aktivitet”, for vidare søknad om tippemidlar. Prosjekt som er forankra i kommuneplanar har mulegheit til å hente ut kr 700 000,- pr tiltaksområde.
Turistvegprosjektet har inngått kontakt med entrepenør, denne er delt opp i mange delprosjekter. I dokumentet er dette formulert som opsjonar. Ved fullfinansiering er total utbygging kostnadsrekna til 26 million (inkl mva)
MR fylke ved næringsavdeling har i møte orientert om sin deltaking i dei andre kommunane, og med vedlagt finansieringsplan signalisert at dei vil bidra med forventa kostnadsdel. Dette føreset at kommunen er engasjert i tilrettelegging og finansiering av byggeprosjektet.
Det gjeng føre reguleringsarbeid for tiltaksområde, dette inkluderer alle berørte partar og deira nye aktivitetar for næringsutvikling, med mellom anna landskapshotell. Turistvegprosjektet bidreg i denne samanheng med arkitekthjelp.
Gudbrandsjuvet er ein av dei mest opplagde stoppestadane langs riksvegen gjennom kommunen.
Området har gjennom tidene vore stoppestad for turistane, og grunneigarane har bygd opp servicetilbod i området. Dei siste åra har presset auka, og infrastrukturen har vorte for liten.
Nasjonal turistveg har gjennom turistvegprosjektet lagt til grunn – opparbeiding av infrastruktur – spesielle opplevingar / arkitektur – næringsutvikling på dei utvalde tiltakspunkta.
I nært samarbeid med alle partar har dei gjennomført mange vellykka prosjekt andre stadar.
At grunneigarane rundt Gudbrandsjuvet har respondert positivt på utviklinga av området, og vist vilje til næringsutvikling, har gjort at Nasjonal turistveg har auka rammene.
Norddal Kommune har sidan 2003 vore informert om kostnadsfordelinga for prosjektet ”Nasjonal turistveg”. I intensjonsavtalen rekna ein fordelinga ut frå folketal, strekning veg og tiltak innanfor kommunen. No ligg konkrete planar føre, og ambisjonane er langt høgare enn først tenkt.
Nasjonal turistveg legg god kvalitet inn i alle tiltakspunkt, og prospektet for Gudbrandsjuvet er lovande. Tilgjenge til spanande utsiktspunkt er kjerna i produktet, at ein også har fokus på service og lønsam næringsverksemd er positivt.
MR fylke vil gå inn med sin del i finansiering av Gudbrandsjuvet , som del av eit heilskapleg produkt. Ein ynskjer å være med i reiselivsutvikinga av indre Storfjord, med tilhøyrande attraksjonar i resten av fylket. MR fylke set som vilkår at kommunen løyver sin del i finansieringsplanen.
Utvikling og bygging av installasjonar rundt Gudbrandsjuvet er viktig for utvikling av øvre Valldal og Norddal Kommune. Rådmannen er for sin del ikkje i tvil om at det er rett av Norddal Kommune å delta i finansiering og utvikling av Gudbrandsjuvet som reiselivspilot i området.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|