|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A22
Saksmappe: 07/00465-1
Sakshandsamar: Geir Olav Øien Dato: 04.06.2007 |
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte saksdokument:
Driftsutvalet vedtek at det blir gjenoppretta SFO-tilbod ved Eidsdal skule, i samarbeid med Eidsdal barnehage frå skuleåret 2007/2008.
Driftsutvalet vedtek at det blir gjenoppretta SFO-tilbod ved Eidsdal skule, i samarbeid med Eidsdal barnehage frå skuleåret 2007/2008.
Det blir gjenoppretta eit SFO-tilbod ved Eidsdal skule med bakgrunn i det dokumenterte behovet.
Saksopplysningar:
Administrasjonen ved Eidsdal skule gjennomfører kvart år ei kartlegging av interessa for SFO-tilbod ved skulen. Dei siste åra har det vore om lag 1 elev som har ønska eit slikt tilbod. Det har difor ikkje vore eit slik tilbod på 6 år. Tidlegare har det vore eit samarbeid mellom skulen og barnehagen om organiseringa av tilbodet.
Årets interesseundersøking viser at det er 7 – 8 elevar som ønskjer seg eit SFO-tilbod. Når dette var kjent sendte administrasjonen ut eit påmeldingsskjema til alle aktuelle elevar. På grunnlag av dei innsendte påmeldingane kjem det no ønskje om gjenoppretting av SFO-tilbodet ved Eidsdal skule.
Tilbodet kan ha ulike modellar: A) Reint SFO-opplegg ved Eidsdal skule, B) samarbeid med Eidsdal barnehage og C) samarbeid med Dalsbygda SFO. Etter ei vurdering av dei ulike modellane har ein kome fram til modell B. Eit samarbeid mellom skulen og barnehagen fører til at ein utnytte unytta rom i barnehagen, samt at ein får utnytta personalet i barnehagen betre. I følgje påmeldingane trengst det ein assistent i 7,5 timar i veke, dvs. 20% stilling.
Dei økonomiske konsekvensar blir då slik:
Utgifter:
Lønsrelaterte kostnadar pr. år 70 000,-
Diverse utstyr 5 000,-
Samla utgifter 75 000,-
Inntekter:
Foreldrebetaling pr. år 45 000,-
Driftsresultat 30 000,-
For året 2007 vil dette bli på kr. 15 000, og beløpet blir innarbeidd i samband med halvårsrevisjonen.
Saksvurdering og
konklusjon:
Det blir gjenoppretta eit SFO-tilbod ved Eidsdal skule.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|