|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: L32
Saksmappe: 07/00008-6
Sakshandsamar: Aud Lindis Ødegaard Dato: 04.06.2007 |
Namneendring frå Sylte til Valldal
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
27.06.07 |
|
|
044/07 |
Kommunestyret |
28.06.07 |
Utsendte saksdokument:
Brev frå Viktor Valdal (Aksjonslista), datert 04.10.06
Uttale frå Stadnamntenesta på Vestlandet, datert 17.04.07
E-post frå Stadnamntenesta, datert 29.05.07
Ikkje utsendte
saksdokument:
DU-sak 97/06
Lov om stadnamn
Norddal kommunestyre vedtek at den formelle nemninga på sentrumsområdet i Valldal skal endrast frå Sylte til Valldal.
Norddal kommunestyre vedtek at den formelle nemninga på sentrumsområdet i Valldal skal endrast frå Sylte til Valldal.
Norddal kommunestyre vedtek at den formelle nemninga på sentrumsområdet i Valldal skal endrast frå Sylte til Valldal.
Viktor Valdal bad i brev datert 04.10.06 om at det blir vurdert å byte namn frå Sylte til Valldal. Det har no vore ein prosess slik at det no er klart til endeleg vedtak om ønskja namn.
Saka var første oppe i Driftsutvalet 04.12.06. Deretter vart det henta inn uttale frå Statens namnekonsulentar. Saka vart så sendt ut på høyring. Det var annonsert i Storfjordnytt, og grunneigarane i sentrum vart tilskrivne i eige brev med høve til å uttale seg. Det har ikkje kome merknader. Statens namnekonsulentar v/Kjell Erik Steinbru skriv i mail datert 29.05.07 at det ikkje er naudsynt med ny fråsegn frå Stadnamntenesta når det ikkje har kome inn merknader.
Stadnamntenesta skriv i brev datert 17.04.07 at det er ganske innarbeidd å bruke dalnamnet utan bunden artikkel som namn på tettstaden. Dei er ikkje heilt avvisande til å formalisere Valldal som namn på kommunesenteret sidan det er ein nær 150-årig tradisjon på å nytte dalnamnet som namn på postkontoret. Dei poengterer betydinga av at gardsnamna Sylte og Muri blir gjort godt synlege i ettertid, både på skilt og i andre samanhengar.
Det har ikkje kome merknader på høyringa, og det skal difor ikkje liggje føre motførestillingar mot ei formell endring av namn på sentrumsområdet.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|