|
|
NORDDAL KOMMUNE |
Arkiv: A02 &73
Saksmappe: 06/00449-1
Sakshandsamar: Magne Krogh Dato: 07.06.06 |
Timar til opplæring i norsk
og samfunnsfag for flyktningar og innvandrarar skuleåret 2006/2007
|
Utval |
Møtedato |
|
|
Driftsutvalet |
14.06.06 |
Utsendte saksdokument:
Ikkje utsendte
saksdokument:
Valldal skule gir skuleåret 06/07 eit opplæringstilbod på 8 timar pr veke i norsk og samfunnsfag for flyktningar og innvandrarar.
Valldal skule gir skuleåret 06/07 eit opplæringstilbod på 8 timar pr veke i norsk og samfunnsfag for flyktningar og innvandrarar.
Saksgrunnlag:
Valldal skule har dei siste åra hatt ansvaret for å utføre ulike lovpålagde tenester knytt til vaksenopplæring. I hovudsak er dette vedlikehaldsundervisning for funksjonshemma vaksne og norskopplæring for innvandrarar.
Kommunane si plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap av flyktningar og innvandrarar er gitt gjennom ” Lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nyankomne innvandrere” med tilhøyrande føreskrifter. Omfang og organisering er ikkje fastsett for skuleåret 06/07. Skulen har no ansvaret for at dette vert gjort.
Saksopplysningar:
Lov- og regleverket knytt til norskopplæring for innvandrarar og flyktningar er i stadig endring. Dette gjeld i høve til rettar og plikter for dei som skal få del i denne opplæringa og i høve til omfang og reglar for tilskot. 01.09.05 vart det gjort vesentlege endringar. For dei som kom før endringa, gjeld det gamle regelverket med ei ramme på inntil 850 timar, og for dei som har kome etter denne datoen, gjeld det nye. Timeramma for desse er på 300 timar, men kan utvidast. I Norddal er det om lag 10 personar som har rettar etter ”gamal ordning”. Vi kjenner ikkje til personar med rett til slik opplæring som kjem inn under reglane som gjeld frå 1. september 2005.
Skuleåret 2005/06 har skulen gitt eit tilbod på 8 timar pr. veke. Talet på elevar har variert. Store deler av året er det berre få som har delteke sjølv om alle har plikt på seg til å avlegge prøve som dokumenterer kunnskapane i norsk. Til no har ingen elevar vore gjennom avsluttande prøve med godkjent resultat. Komande skuleår vert det lagt opp til ei undervisning av same omfag som for inneverande år.
Saksvurdering og
konklusjon:
Det ser ut til å vere ei større utfordring enn ein tidlegare har rekna med å få denne elevgruppa til å gjennomføre ei fullverdig opplæring i norsk og samfunnsfag. Sidan mange vel å la vere, blir det ein litt for dårleg økonomi i å halde fram med eit lågt elevtal i fleire skuleår frametter. Om deltakinga komande skuleår også skulle bli lav, bør det seinare år takast sikte på at eit samarbeid med andre kommunar om å gi denne undervisninga. At dette såleis kan bli siste året med eit lokalt tilbod, må gjerast kjent for dei som har plikt på seg å gjennomføre denne opplæringa. Dersom ein likevel utsetje dette, kan det føre til at ein blir nøydd til å reise til ein nabokommune for å delta på nødvendige kurs. Som arbeidsgjevar for fleire av dei aktuelle elevane, bør Norddal kommune oppmode sterkt til at tilsette nyttar seg av opplæringstilbodet og gjennomfører avsluttande prøve for å kunne dokumentere eigne kunnskapar i norsk.
Både arbeidsgjevarar og den einskilde innvandrar/ flyktning vil ha store fordelar av at norskkunnskapane er gode. Det er difor viktig at vi no gjer eit nytt forsøk på å få fleire til å gjennomføre dei aktuelle kursa.
Eg gjer difor framlegg om at opplæringstilbodet på 8 timar pr veke held fram neste skuleår. Tilbodet vert i utgangspunktet gjeve på dagtid. Skulle dette vise seg å vere vanskeleg for mange, må ein vurdere å flytte kursa heilt eller delvis til ettermiddag/ kveld sjølv om den totale kostnaden kan bli noko større.
|
Stig Holmstrøm |
|
|
rådmann |
|
|
|
|
|
|
|