NORDDAL KOMMUNE

 

Arkiv:                    U63

Saksmappe:          05/00300-13

Sakshandsamar:   Wenke Sylju

Dato:                      06.06.06

 

Møtebok

                                  

 

 

 

Rapport frå Securitas - skjenkekontroll Kulå                  

 

Saksnr. utval

Utval

Møtedato

045/06

Driftsutvalet

14.06.06

 

Utsendte saksdokument:

Tenesterapport  (berre til medlemmar og vara).

Evt. uttale frå Kulå vert lagt fram på møtet.

 

Ikkje utsendte saksdokument:

Alkohollova m/rundskriv.

 


Rådmannen si innstilling:

Kommunestyret gjer vedtak om at Kulå sitt skjenkeløyve vert å dra inn i perioden f.o.m 16.06.06 t.o.m. 30.06.06 jf alkohollova sin § 1 –8 og same lov sin  § 4 – 7.


 

 


Handsaming i Driftsutvalet  14.06.06:

Kulå møtte med ein representant som fekk uttale seg som part i saka.

 

Hallvar Tafjord, Ap kom med slikt forslag til vedtak:

Løyve vert inndradd 1 dag, dagsett til 19.06.06.

 

Røysting:

0 røysta for innstillinga

7 røysta for Tafjord sitt forslag.

 

--------------------------------Dette er slutten på behandlingsteksten (denne teksten skrives ikke ut)------------------------------------------------ 


 

 


Vedtak i  Driftsutvalet - 14.06.06:

Kulå sitt skjenkeløyve vert å dra inn i måndag den 19.06.06, jfr. alkohollova sin § 1 –8 og same lov sin  § 4 – 7.


 

----------------------------------------------------------------------------


 

Saksgrunnlag:

Tenesterapport frå Securitas i samband med skjenkekontroll på Kulå den 29.04.06.

Saksopplysningar:

Sjå vedlagte rapport som inneheld fleire døme på brot på alkohollova.

Denne gongen hadde Kulå 13 vakter. Ansvarshavande samt 4 av vaktene har godkjend ordensvaktbevis. Sjølv om dei hadde rikeleg med vakter vart det også denne gongen grove brot i høve til alkohollovgivinga. Dette går m.a. ut på at overstadige berusa gjester ikkje vart vist ut av lokalet, gjestar som sovna ved borda og hadde tilgang til alkohol, og gjester som fekk kjøpe øl i baren trass i at dei var synleg rusa.

Saksvurdering og konklusjon:

Jf. alkoholloven § 4 – 1 skal ikkje personar som er påvirka av rusmidlar ha adgang til skjenkestaden. ” Dersom en person som er åpenbart påvirket av rusmidler befinner seg på skjenkestedet, har bevillingshaver plikt til å sørge for at vedkommende forlater stedet. Bevillingshaver har plikt til å sørge for at personer som trenger det, får nødvendig bistand.”

§ 4 – 2 i same lov seier følgjande: ” Det må ikke skjenkes alkoholholdig drikk til person som er åpenbart påvirket av rusmidler, eller skjenkes på en slik måte at vedkommende antas å bli åpenbart påvirket.

Sitter flere personer sammen og en eller flere av dem er åpenbart påvirket av rusmidler, må det ikke serveres alkoholholdig drikk til noen av dem før den eller de påvirkede er fjernet. ”

 

(Jf. alkoholloven § 4 – 1 skal ikkje personar som er påvirka av rusmidlar ha adgang til skjenkestaden.) ” Dersom en person som er åpenbart påvirket av rusmidler befinner seg på skjenkestedet, har bevillingshaver plikt til å sørge for at vedkommende forlater stedet. Bevillingshaver har plikt til å sørge for at personer som trenger det, får nødvendig bistand.”)

           

§ 4 – 4 i alkoholloven seier at det må påsjåast at gjestar ikkje nyt medbrakt alkoholhaldig drikk, eller tek med seg alkoholhaldig drikk når dei forlatar skjenkestaden.

 

Jf. tenesterapporten frå Securitas var det brot på alle ovanståande bestemmingar. Ein har forståing for at det kan vere vanskeleg å få med seg alt som skjer når lokala er fulle av folk, men det er skjenkestyrar som er ansvarleg for utøvinga av løyvet. Han skal sørgje for at verksemda er organisert slik at det ikkje vert brot på reglane i alkohollova i samband med skjenking. Detter betyr at han har ansvar for at dei tilsette har naudsynt kunnskap om regelverket og at dei følgjer regelverket.

 

I sak 7/06 – Rapport frå Securitas – skjenkekontroll Kulå vart det gjort følgjande vedtak:

Vedtak i  Driftsutvalet - 23.01.06:

Kommunestyret ser alvorleg på påpeikte avvik. Løyvehavar vert oppfordra til å sørgje for rikeleg med vakthald ved seinare høve. Løyvehavar må sørgje for at dei tilsette har naudsynt kunnskap om bestemmingane i alkohollova. Det vil bli føreteke hyppige skjenkekontrollar. Grove avvik fører til inndraging av løyvet.

 

Alle brot på alkohollovgivinga med tilhøyrande forskrifter kan gje grunnlag for inndraging av løyve.

Alkohollova § 4 –7, 1. ledd

”Bevillingen skal utøves på en slik måte at de vilkår som er nevnt i bevillingsvedtaket, i denne lov og i bestemmelser gitt i medhold av denne, til enhver tid er oppfylt, og for øvrig på en forsvarlig måte”.

 

 

I og med at skjenkestaden har fått ei åtvaring tidlegare utan at tilhøva har betra seg, bør konsekvensen verte inndraging av løyvet for ei periode.

 

 

 

 

Stig Holmstrøm

 

rådmann